History
-
LEITEHUSET
Huset er teikna av bergensarkitekten Per Lingaas og vart bygt i bustadfeltet Leite i Sogndal i 1964. Typisk for tida er det bygt i éin etasje, utan kjellar, og det har brunmåla,
ståande panel og såkalla husmorvindauge.
Huset var bygt til ei einsleg, vaksen kvinne. Det er 76 m2 og er såleis litt mindre enn eit vanleg familiehus med husbankstandard. Men det har alle ramma og funksjonane som
høyrde til eit nytt bustadhus i 1960-åra.
På kjøkenet er det ferdigkjøpt kjøkeninnreiing med oppvaskbenk av stål og innlagt vatn med varmt og kaldt vatn. Som dei fleste heimar på 1960-talet har Leitehuset elektrisk komfyr, kjøleskåp og frysar. Matstell, lagring av mat og anna husstell vart dermed enklare, i ei tid der også tilbodet av ferdigmat, klede og andre forbruksvarer vart større.Dei fabrikkproduserte, moderne møblane er laga av utanlandsk teak og illustrerer også moderniseringa i etterkrigstida. Sentralt plassert i stova legg vi ikkje minst merke til
fjernsynsapparatet. Frå 1960- åra kom det i gang faste fjernsynssendingar i Noreg, noko som sette stort preg på både samværsformer og kulturelt liv.Flytting - Huset vart overteke av museet og sett opp igjen i: 2003
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierDHS.571
- Part of collectionDe Heibergske Samlinger
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionDe Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
- Date publishedMarch 23, 2020
- Date updatedMarch 24, 2020
- DIMU-CODE021058553756
- UUID8938b19e-88f2-4ce9-8610-8fca28cafd2a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».