History
-
HELGHEIMSSTOVA
Huset vart bygt i 1875 som skulehus og lærarbustad på Sogndal Folkehøgskule. Skulen vart grunnlagd i 1871, som ein av dei fyrste folkehøgskulane i landet. Fyrste åra leigde dei lokale, men då dette huset vart bygt på Nes ved Loftesnessundet, vart skulen flytt dit, der han framleis er. Staden fekk namnet Helgheim, fordi grunnleggjaren Jakob Sverdrup og etterfølgjaren Henrik Mohn Dahl ville dette skulle vera «et hellig hjem for vor ungdoms haab som skulde vække en aandens daab". Skulestova var i bruk til utpå 1960-talet, men då som bustadhus.
Helgheimsstova er tømra i to etasjar med utvendig panel, bygd på gråsteinsmur og med pannestein på taket. Ho er eitt av dei eldste husa i Sogndal som var bygt i sveitserstil.
Denne byggjestilen vart vanleg her i landet i andre halvdelen av 1800-talet og er kjenneteikna av rike dekorasjonar som utskorne taksperrer, berebjelkar og takutstikk. Andre typiske trekk er det opne verandatilbygget, dei store vindauga og den symmetriske plasseringa av dører og vindauge. Det største rommet er innreidd som skulestove med pultar frå fyrst på 1900-talet. Andre høgda er innreidd som bustad.Flytting - Vart overteke av museet og flytta: 1972
Oppføring - Ferdig oppførd: 1875
- Production placeSogn og Fjordane Sogndal SF Loftesnes, Sogndalsikker
Classification
-
- BoligerOU 342
- SkoleundervisningOU 872
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierDHS.564
- Part of collectionDe Heibergske Samlinger
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionDe Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
- Date publishedMarch 14, 2020
- Date updatedMarch 23, 2020
- DIMU-CODE021058548129
- UUIDa814501c-b7dc-45c0-bed4-4177c06cb762
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».