History
-
KVAMMESTOVA
Denne eittroms årestova er lafta, med ei sval bygd i stavverk framfor inngangsdøra. Stova har jordgolv og torvtak med ljore. Ho kjem frå Nedre Kvamme i Borgund i Lærdal kommune.
Det heiter at stova vart bygd som kårstove, men ho vart seinare brukt som eldhus eller matstove. Vi veit ikkje sikkert kor gammal ho er, men årstalet 1710 er innskore her, så ho er minst så gammal.Åren midt på golvet er rekonstruksjon av den som opphaveleg var her. Frå 1880-åra hadde stova mura peis, og då vart det også skore ut opning til eit vindauge i eine langveggen. På eine veggen er det merke etter ei seng.
Årestova er enkelt møblert med bord, veggfaste moldbenker langs to vegger og oppstadvev. I dag blir Kvammestova ofte brukt til å formidla livsforma i dei gamle årestovene.
Flytting - Vart overteke av museet og flytta: 1947
Oppføring - Vart truleg bygt før 1710: 1710 (Årstalet er innskore i stova)
- Production placeSogn og Fjordane Borgund SF Nedre Kvammesikker
Classification
-
- BoligerOU 342
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierDHS.562
- Part of collectionDe Heibergske Samlinger
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionDe Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
- Date publishedMarch 14, 2020
- Date updatedMarch 23, 2020
- DIMU-CODE021058548118
- UUID5ac88a8c-4f87-4551-ba6f-4f958641b20e
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».