History
-
-
KVITEVOLLSSTOVA
Huset er bygt rundt 1840 på Kvitevollen ved Dale kyrkje i Luster, av kapteinsenkja Catarina Elisabeth von der Lippe de Knagenhielm Daae Ording. I 1860 vart det selt til
lensmann Carl Bjørnholdt, og huset er no innreidd som eit lensmannshus. I det gamle standssamfunnet stod lensmannen høgt på rangstigen; over dei vanlege bøndene,
men under embetsfolket.Kvitevollsstova er samanbygd av to eldre tømra hus med ein gang i midten, til eit midtgangshus i seinempirestil. Taket er halvvalma med pannestein, og stova har mange
store vindauge.
Utanpå tømmeret er det liggiande bordkledning, der tre sider er kvitmåla. Baksida har raud måling, fordi den var billegare.Huset er møblert etter borgarleg buskikk sist på 1800-talet. Spisestovemøblar, taffelpiano og spegel er i biedermeierstil, medan dekketøyskåp og skatollet av valnøttre er i seinempire.
Skatollet frå 1830 er kjøpt i Danmark. Eit ovalt bord med stolar i finstova er i seinrokokko. Både matstova og finstova har tapetserte vegger, praktfulle jarnomnar og lysekroner. I det store kjøkenet er det grue, arbeidsbenk og utstyr som steintøy, koparformer og mortar. I kjøkenet er det eigen inngang til tenarane, og innanfor kjøkenet er det spiskammer.Soverommet er møblert med både himmelseng og pottestol. I andre etasjen er det også to soverom. Måleria i finstova er portrett frå familien til lensmann Rusten på
Leikanger, måla av Olav Rusti (1850 - 1920) og den tyskfødde kona, Frida Hoeck Rusti (1861-1963). Mykje av møblane er også komne frå familien Rusten. -
Oppføring - Ferdig oppført - 1840
- Production place Norge Sogn og Fjordane Luster Kvitevoll sikker
-
Flytting - Stova vart overteke av museet og flytta i 1977 - 1977
-
Classification
-
- Boliger (Outline) OU 342
- Politi (Outline) OU 625
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier DHS.554
- Part of collection De Heibergske Samlinger
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
- Date published March 14, 2020
- Date updated January 19, 2024
- DIMU-CODE 021058548104
- UUID 1b674465-9040-43f7-955e-ad55b67aee1c
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».