History
-
-
Kverna stod frå fyrst av på garden Mardal i Gloppen og tilhøyrde bruk nr. 8, Torjølsbruket. I 1836 (eit av årstala ein finn i bygningen), var Peder Olsen Gimmestad brukar. Truleg er det han som har bygd kverna. Initialane til dei som er etter han er i huset, men ingen før han.
Garden Mardal har kvernafallet sitt i elva Jardøla. Ho kjem frå Jardalen og renn ned aust for sjølve tunet. Kvernene stod i fossane innanfor Storegjerdet. Her stod Torjølkverna lengst nede i bøgardsmerket. Så kom innigardskverna, Kristenkverna og lengst oppe Rasskverna.
Den som sist sette desse kvernene i stand var Steffen Tueson Mardal.
Torjølskverna vart sist brukt under krigen 1940-45. Etter den tid tok Mølla på Sandane over kornmalinga. Bekkekvernene vart ståande ubrukte, og mange forfall.
Statens kornforretning, Gloppen Herad og Nordfjord folkemuseum ønska at det skulle settes opp ei gammal bekkekvern. Museet fekk kverna frå Ola Aaland på Mardal, og sette den opp ved doktorbustaden.
Iflg. repr. fra Statens kornforretning, Franck Hauger (1973) er dette den einaste i Sogn og Fjordane Statens Kornforretning har flytt eller sett i stand (årsm.).
I 2002 vart kvernhuset flytt til museumsområdet.
-
Oppføring - 1836 (årstall i bygningen)
Torjølbruket på Mardal gnr/bnr 3/8 (Gloppen). stod ved elva Jardøla. -
Eierskap
Torjølbruket på Mardal gnr/bnr 3/8 (Gloppen) - Giver/siste eier Gimmestad, Peder Olsen
-
Flytting - 1958
til i Holvikeelva ved doktorbustaden, gnr/bnr 74/1 Holvik - Historisk hendelse, person, sted, med tilknytning Statens Kornforretning
-
Flytting - 2002
- Overført til egen samling Norge Sogn og Fjordane Gloppen Sandane Jølet (Friluftsmuseet til Nordfjord Folkemuseum)
-
Gjenoppføring - 2002
-
References
-
- Litteraturreferanse Soga om Gloppen og Breim bd.III s.25 (Mardal)
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NFM.229
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published December 21, 2019
- Date updated December 21, 2019
- DIMU-CODE 021058479380
- UUID 48D9205A-30E4-4F03-83E1-3542ADB2BEF8
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».