History
-
-
"Demmalada"
I bygda Markene var det mykje småmarkeslått, og denne slåttemarka, "Demma", vart stelt på det gamle vis til etter krigen 1940-1945.
Demmelada stod på ein liten sand-morenehaug ved utlaupet til Sindretjørna. Føre 1964 gjekk kommunegrensa mellom Stryn og Innvik etter elva og tjørnene, Demmelada stod på Strynesida. På vestsida av elva ligg garden Sindre med flate fine bøar mot tjørn og elv.
Svein Sindre nemde ein gong at Nordfjord Folkemuseum var på leiting etter ei slik løe om den Ytre Hatledal hadde ståande ubrukt. Lars Hatledal såg det som ein god måte å verne den på. [...] Svein Sindre fekk etter avtale med museet tak i plastpressening og la overtaket.
Demmalada sin alder er uviss, men L. Hatledal meiner at det er eit årstal 1824. Garden er frå 1600-talet. Slåttemarka til løa hadde fem trohesjar og det vart til to sledelass med høy på vinterføre. Heimkjøyring måtte ein tilpasse når tjørna var isa.
"Demmelada" (også omtala som "Sindrelada" fordi den stod i nærheten av garden Sindre)
Namnet på lada og slåttemarka Demma kjem av at utlaupet til Sindretjørna var regulert med ei oppdemming av tømmerstokkar og med steinfylling til stød.
I tida kring 20.august var det tid for slått på Demma (Arkiv/ Lars Hatledal 1993).
-
Eierskap (Truleg frå 1700-talet)
"Demmelada" frå Hatledal Ytre, gnr/bnr 55/3 Markene i Nedstryn. Lada stod på ein liten sand-morenehaug ved utlaupet til Sindretjørna. - Giver/siste eier Hatledal, Lars
- Formidler av gave eller kjøp Sindre, Svein
- Tidligere plassering Norge Sogn og Fjordane Stryn Hatledal Demme
-
Flytting 1971
Teken ned i juni og transportert til museet -
Gjenoppføring 1973
- Overført til egen samling Norge Sogn og Fjordane Gloppen Sandane Nordfjord Folkemuseum Gota 16
-
References
-
- Litteraturreferanse Bygdesoga Innvik Stryn bd.I, s.474
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NFM.227
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published December 21, 2019
- Date updated February 4, 2020
- DIMU-CODE 021058479378
- UUID A48596D5-DB47-4F83-BA09-40B5894F7247
- Tags
Add a comment or suggest edits
For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».