History
-
"Brekkelada"
"Gardane frå Ulvedal til Nes ligg frå 300 til 500 meter over havet. Det er soleis fjellgardar alle samen. Store lutar av den beste innmarka vart før i tida nytta til åker [...] Dei fleste av desse støylane vart bygd av reisverkgrinder og borkledning. Men nokre var tømmerløer. [...] Men den største av desse tømmerløene var Brekkeløa på Ulvedal. Ho er no på Nordfjord Folkemuseum på Sandane. [...] Brekkene er nordafor Storetjørna på Ulvedal opp etter bakkane mot Ulvedalsstøylen (Skopparbakkestøylen). Der er eit stor område, truleg minst 300 mål i vidd, har god og fordig jord og ligg beint mot sola.
Ingen veit kva tid folk på Ulvedal tok til å nytta Brekkene som slåttemark. [...] På Brekkene vart det etter kvart bygd 6 høylørt. Ivarbruket hadde to løer - den store tømmerløa og ei mindre løe av reisverk. Dei andre bruka hadde kvar si løe. [...] Dørene i sume løer var stokkedører - Plankane var tunnare i endane og vart sette inn i ei renne eller fals i dørstokkane etter kvart som løa vart fylt med høy- Men i sume løer la dei riskvisten på innsida av døropninga til vern for høyet.
[...] Heile Brekkene var skarpeslått - ugjødsla mark. Men likevel vart det gode høyavlingar. Slåtten der tok til etter heimebøen var slegen. [...] Dersom det var godver når dei slo, vart høyet tørka på marka [...] Men stundom måtte dei hesje graset og ta det inn som turrhøy seinare.
[...] Når så vinteren kom med snø og sterk is på Demmene (Storetjørna og Vesletjørna), måtte høyet i Brekke-løene køyrast heim til Ulvdal. På Ivar-bruket fekk dei i vanlege år innkøyrt 30 lass. Men ikkje alle vintrar var det sterk is under snøen på Demmene. Då køyrde dei høyet over øyrane aust om Storetjørna lengst oppe og så skogleies ned til Ulvedal. Gamlestølen på Ulvedal låg attmed øvste Brekkegarden. Då vart gjødselen frå stølen nytta på Brekkene. Det vart ikkje slåttemark på den nye stølen, Skopparbakstøylen, då kyrne vart flytte dit." (Arkiv/ Ola Bergset 1968)
Arbeid: sjå Konstruksjon
Eierskap: (Frå 17-1800-talet (ant.))
Lå på Brekkene i Ulvedalsmarka, under "Ivarbruket" på Ulvedal, gnr./bnr 51/1, Innvik- Tidligere plasseringNorge Sogn og Fjordane Stryn Ulvedal
Riving: 1967
Riven på dugnad hausten 1967. Før jul 1968 vart materialane køyrde til Bergset av Vemund Bergset.- Giver/siste eierUlvedal, Ivar
Gjenoppføring: September 20, 1979 - October 4, 1979
- Overført til egen samlingNorge Sogn og Fjordane Gloppen Sandane Nordfjord Folkemuseum Gota 16
Bruk
I skotet i reisverk stod seleden under tak medan lessinga stod på (O.Bergset)
References
- LitteraturreferanseBygdesoga Innvik Stryn bdII 1974 s.304 (Ulvedal)
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNFM.224
- Part of collectionNordfjord Folkemuseum
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionNordfjord Folkemuseum
- Date publishedDecember 21, 2019
- Date updatedNovember 17, 2020
- DIMU-CODE021058479375
- UUID1cf6e077-81e9-4491-b81e-d42259e6b4d3
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».