History
-
"Ola-kalvehuset"
Det var tre stader på Bergset som het Gjeilane. Her tyder "gjeil" eit jordstykke i utmarka med gjerde ikring, der særleg kalvane beiter om somaren. Alt beite var sameige.
( Kalvehusa stod på same stad - ikkje som gardfjøsane som stod i gjerdelinja med møkagluggen mot eiga innmark for å få gjødsel på bøen)
Den eine av gjeilane var nordafor og vestafor det gamle tunet. Dei andre var i skogen nedanfor bøen på Bergset mellom Storelva og Matgrova og ned på Kalvegarden, der det bratte Berget tek til .
Alle fire hovedbruka på Bergest hadde små tømmerhus til kalvane.
Grunnen til at det vart bygd særskilte kalvehus på Gjeilane var at dei ikkje skulle følge kyrne og for å beskytte dei mot rovdyr.
Det var borna som hadde ansvar for at kalvane kom i hus til natta. Som oftast kom kalvane heim til kalvehusa om kvelden, men det hende at borna måtte til skogs og leite etter dei.
Då Gjeilane heller skulle nyttast til slåttemark (1887), vart kalvehusa flytte lenger ned attmed Matgrova (ca.150m nedanfor Hjellhaugen på flat mark austfor Matgrova), og kalvane fekk sumarbeite i Dalane ned mot Skårane i nedste delen av Bergset-skogane. Der var det ikkje inngjerda mark til kalvane, så der kunne dei fare over heile Bergset skogen om dei ville.
Kring 1910 var det slutt på å ha kalvane i kalvehusa. Det var ikkje bjørn i skogane lenger. Somme fylgde kyrne, og somme gjekk på sjølvstyr i utmarka.
Kalvehusa vart brukt som leikestover av småjentene på Bergset. Nokre kalvehus fekk av denne grunn saga ut gluggar i veggane.
Etterkvart vart kalvehusa nedrivne. Ola-kalvehuset var det siste som stoda att, og det var dette som kom til museet.
(utdrag frå Ola Bergset / Arkiv)
Eierskap
Olabruket, Bergset gnr/bnr 96/6 Utvik- Tidligere eier Ødegård, Ola
- Tidligere plasseringNorge Sogn og Fjordane Stryn Blaksæter Bergset
Oppføring: (Truleg 1700-talet)
Olabruket, Bergset gnr/bnr 96/6 UtvikFlytting: 1887 (Artikkel frå 1965 Jul i Nordfjord.)
Frå Gjeilane til lenger ned attmed Matgrova (same gard)Flytting
Kalvehuset er gåve frå Ola Ødegård og stod på Anders V. Bergset sin eigedom.- Overført til egen samlingNorge Sogn og Fjordane Gloppen Sandane Nordfjord Folkemuseum Gota 16
Riving: September 21, 1968
Rivinga vart utført av frivillige: Knut Hammersvik, Ola Bergset, Bodvar Sølvberg, Oddvar Bergset og Petter Eide
Relation
References
-
- ArkivreferanseFoto i mappe 610.14
- LitteraturreferanseBergset, Ola 1968: Kalvehusa på Bergset I Jul i Nordfjord 1968
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNFM.218
- Part of collectionNordfjord Folkemuseum
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionNordfjord Folkemuseum
- Date publishedDecember 21, 2019
- Date updatedDecember 10, 2021
- DIMU-CODE021058479369
- UUID2e19e004-ff11-465c-ba4b-61f47bebd013
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».