History
-
-
"Ramnestadnystova" eller "Ramnestad-loftet". På opphaveleg stad heitte den Oppigard-nystova.
Nystove frå midten av 1800-talet, der ein i andre høgda har brukt eit hus (nystove eller bu) frå 1700-talet. Då dette blei loftsrom, skar dei to opningar for glas i gavlen, med plass til eit skåp i mellom. I døra her er det måla: OA / SR / 1864, som truleg står for Ola Andersson Ramnestad ( Jf. Bygdebok for Gloppen er det fleire med dette namnet på dette bruket). Nøyaktig datering er uviss, informant Margit Sandal (f.1905) fortel at røykomnstova på bruket var bygd i 1844, og ho meinte nystova var bygd etter det. Dersom årstalet 1864 (inskripsjon) skulle stå for bygningsåret, er det rart at ein ikkje visste det då huset kom til museet i 1927. Det er difor sannsynlig at årstalet refererar til ei anna hending på garden.
Då huset stod på Ramnestad, var det ein lysglugge i muren på langveggen attmed inngangstrappa. Nystova stod då mellom stabburet og stova. Desse tre husa, og dertil matstova, stod i ei ras, alle med gavlen frametter.
Gjester sov i nystova om sommaren. Langs veggane stod mange kister. I nystova oppbevarte ein søndagsklede. I nystovedøra stod vevstolen ihopslegen og rokkar som ikkje var i bruk, og her stod tjæretønner og tønner dei samla bein i (til beinmjøl). Sponga (framrom til loftsrommet) var brukt som soverom. I loftsrommet var det også seng, kister, ei kjeraldhylle over senga og eit skåp mellom glasa som dei hadde småsaker som dei nytta når dei vov. Under bjelkane hang åkle og kvitel. Bua under nystoverommet vart brukt til båtbygging.
Mattis var brukar i Oppigard på Ramnestad 1890-1913 og båtbyggar attåt. Museet fekk bygd ein halvbygd færing, so verkstaden skulle syne ein færing i arbeid.
-
Eierskap
"Oppigard" på Ravnestad gnr/bnr 13/1 Gimmestad - Giver/siste eier Ravnestad, Arne Kristensen
- Tidligere plassering Gloppen Rygg Ramnestad
-
Oppføring - 1840 (ca, iftl.protokoll. Andre høgda er eit eldre hus, ca. 1700.)
"Oppigard" på Ravnestad gnr/bnr 13/1 Gimmestad -
Bruk
Gjester sov i nystova om sommaren. Oppbevaring - kister og søndagsklede. Nystovedøra var til oppbevaring av større ting. Sponga (framrom til loftsrommet) var brukt som soverom. I loftsrommet var det også seng og kister, ei kjeraldhylle over senga og eit skåp mellom glasa og oppbevaring av åkler og kvitiler. Båtbygging i bua under nystova. - Informant Øen, Hans
- Informant Sandal, Margit
- Annet Oppigard, Mattis
-
Gjenoppføring - 1927 — 1929
Styrevedtak 6.3.1927 om kjøp av "nystove med loft som Arne Kristensen eig". Med i handelen var også seng og noko båtbyggarverkty. Sett opp på museet i 1929. - Giver/siste eier Ravnestad, Arne Kristensen
- Overført til egen samling Norge Sogn og Fjordane Gloppen Åsen Nordfjord Folkemuseum
-
Endring - 1939
Båtverkstaden i kjellaren under nystova vart innreidd -
Flytting - 1962
Huset vart flytt til den nye museumsstaden i Jølet.
-
References
-
- Litteraturreferanse Berg, Arne: Oppigard nystova frå Ramnestad I Årbok for Nordfjord 1990 s91-98
- Arkivreferanse Arkivmappe NFM 610.11
- Fotoreferanser Årsmelding Nordfjord Folkemuseum for 1979
- Litteraturreferanse Berg, Arne: Nystover i og utanom museet I: Årbok for Nordfjord 1990 s.71-90
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NFM.211
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published December 21, 2019
- Date updated May 31, 2023
- DIMU-CODE 021058479368
- UUID 143fef2f-9b1c-406e-90df-b657a53f41a6
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».