History
-
-
"Bergsetbua"
Bua er opphaveleg frå Olabruket på Bergset gnr/bnr 96/6 Utvik - no: 176/6 Stryn.
På Bergset stod bua med gavlen mot bekken.
Brukaren Ola Andresson ga huset til garden Fjellkårstrand etter ein brann på Fjellkårstad i 1828. Bua vart då sett opp på Olabruket på Fjellkårstad gnr / bnr 93/3 Utvik
Bua vart nytta som kjøt- og kornbu.
På Fjellkårstrand vart bua sett langsetter bakken med svalgangen på øvre sida.
I rommet med dør frå svalen er det spor etter at dørstokken har vore nytta som hoggestabbe. I det andre rommet er det spor etter kornbingar.
Etter jordskiftet måtte brukaren på 93/3 (Olabruket), Bent Jonson frå Hopland, flytte ut og bygge nye hus. Då vart denne bua flytt opp til bøgarnden og nytta som gardfjøs.
Huset snudde no nord-syd att.
Det var då laga møkglugg i eine gavlveggen og innsett eit lite glas. Indre tverrveggen vart teken ut. Mogeleg også då døra på baksida kom til.
--
Fjellkårstad er truleg oppkalla etter Kårstad i Utvik.
-
Oppføring 1600 - 1800 (Datert til 16-1700-tal av Arne Berg ut frå oppl. om ein inskripsjon som no er borte "1671" og tømremåten. Jacob Aaland meinte at bua var "fraa 1500-aarstalet".)
Opphaveleg frå Olabruket på Bergset, gnr/bnr. 96/6, Utvik - Giver/siste eier Andersson, Ola
- Tidligere plassering Norge Sogn og Fjordane Stryn Blaksæter Bergset
-
Flytting 1828 (Brannen på Fjellkårstrand 1828.)
Sett opp på Olabruket på Fjellkårstad gnr/bnr 93/3 Utvik - nødhjelp etter brann. - Gitt som gave til Ukjend
- Brukssted Norge Sogn og Fjordane Stryn Blaksæter Fjellkårstad
-
Bruk 1828 - 1890
Bu til oppbevaring av klede og mat -
Flytting 1890 - 1920
Flytta opp i bøgarden til bruk nr.3 (Olabruket) og brukt som gardfjøs - Bruker Jonson, Bent
-
Bruk 1890 - 1920
Gardfjøs -
Gjenoppføring 1927
Nordfjord Folkemuseum kjøpte bua for 500 kr. - Formidler av gave eller kjøp Søreide, Lars
- Selger til museet Fjellkårstad, Rasmus Jakobson
- Overført til egen samling Norge Sogn og Fjordane Gloppen Sandane Åsen
-
Flytting 1963
Nordfjord Folkemuseum vart flytt frå Åsen til Jølet.
-
References
-
- Litteraturreferanse Berg, Arne 1990: Bergsetbua. s.114-121. Årbok for Nordfjord 1990.
- Litteraturreferanse Aaland, Jacob 1974: Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik - Stryn. Bd II (Fjellkårstad s.575ff)
- Litteraturreferanse Aaland, Jacob 1974: Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik - Stryn. Bd II (Bergset s.598)
- Arkivreferanse Foto i mappe 610.12
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NFM.213
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published December 21, 2019
- Date updated November 17, 2020
- DIMU-CODE 021058479364
- UUID 630F18F2-0172-4A90-88EF-93B7B6D00BD0
- Tags
Add a comment or suggest edits
For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».