History
-
-
"Tystadstabburet"
Brukar på Tystad i 1602-1625 var Peder Jensson Tystad, i 1602-1625. Han var frå Vik i Stryn. Faren heitte Jens Pederson og mora Margrete Andersdotter (sjå inskripsjonar).
Iflg. tradisjonen kom stabburet - på ukjend tidspunkt - til Tystad frå nabogarden Apalset, der det var telthus. "Stabburet skulle etter segna ha vore felthus for Gloppe-kompaniet og stod vel då på Apallset der kompanisjefane budde" (Jf. avisartikkel i NFM arkiv)
Telthus er eit militært lagerhus for lokale avdelinger i mobiliseringshæren. Telthusa er knyttet til hærordninga av 1628 (ei ordning der fire gardar hadde ansvaret for å holde ein soldat med kost og utstyr). Kompania hadde ofte eige telthus på ekserserplassen eller ved kyrkja. Kyrkjetårn og -loft ble også nytta til oppbevaring av telt og annet ikkje-personlig utstyr. Men: Telthus er bygde i tre og har likskap med stabbur, men telthusa var i to høgder.
Ein anna tradisjon seier at det har vore kapell. Det finst to andre liknande bygningar frå området: eit kapell frå Breim og eit stabbur frå Innvik.
Før reformasjonen var det tre små kapell i Gloppen og Breim (i tillegg til sognekyrkjene). Dei to i Gloppen er nemde i Bjørgvin kalvskinn med oppgåve over det jordiske gods som låg til kvar av dei. Det i Breim er no på Asker museum. Det er nemd i ei bispejordbok frå 1400-talet, på Øvre Setre (Øvreset). Det er gjetta på at Øvresetkapellet vart sett opp for dei vegfarande over Utvikfjellet. Ein teori er at lensmannen i Breim, Kristoffer Sårheim måtte rive kapellet på Øvreset etter reformasjonen, og at materiale herifrå vart nytta til stabbur på Sårheim. Bygingen vart brukt som stabbur på Sårheim, som er nabogarden, men det er uvisst når det vart flytta. Bygningen vart selt til antikvitetsfirmaet "Kunst og annet", som solgte det videre til kunstnaren Otto Valstad som fikk det satt opp på Asker museum (No Museene i Akershus)
I prestegarden i Innvik (gnr./bnr. 125/74 Stryn), er der også eit stabbur med dekormåling. Bygningen var kalla "bispeloftet" avdi det tidlegare var bustad for biskopen når han gjesta prestegarden. Presten Finne som virka i Innvik 1708-1740 skal ha bygd loftet om til stabbur kring 1740. Tradisjonene fortel at tømmeret i bygningen kom frå den nedrevne tømmerkyrkja på Skåden, som vart oppført på 1300-talet. Meir truleg er tømmeret frå 1500-talet. Den innvendige dekoren er frå 1600-talet. Då Langvin fylkeslandbruksskule i 1962 kjøpte prestegarden blei stabburet flytta nær den nye prestebustaden (Fjordingen 21.01.1985).
Anne Kristin Moe, 2019
-
Oppføring - 1600 — 1650 (Iflg. munnleg tradisjon (iflg. avisartikkel har ein antatt dette fordi der var kompanisjefane budde))
Munnleg tradisjon fortel om både kapell, telthus og stabbur. - Tidligere plassering Norge Sogn og Fjordane Gloppen Nordstranda Apalset usikker
-
Flytting - (Uvisst når flytta dit)
"Byrgebruket" på Tystad gnr/bnr 64/5. - Tidligere plassering Norge Sogn og Fjordane Gloppen Nordstranda, Vereide Tystad sikker
-
Flytting - 1952
Solgt til museet - Overført til egen samling Norge Sogn og Fjordane Gloppen Sandane Jølet (Friluftsmuseet til Nordfjord Folkemuseum)
-
References
-
- Litteraturreferanse Soga om Gloppen og Breim bd.IV s.371 (Tystad)
- Arkivreferanse 610.9
- Litteraturreferanse Klingenberg, Ivar Aabrek 1994: "Eit illustrert stabbur" Frå samlingane til Nordfjord Folkemuseum (Avisartikkel - kopi i NFM arkiv)
- Litteraturreferanse Bongard, Maia Katinka 2011: Kapellet fra Breim. MA oppgåve i Kunsthistorie, Universitetet i Oslo
- Litteraturreferanse M.R / Firda Tidend 21.02.1962: "Noko om gamle kapell i Gloppen og Breim"
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NFM.214
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published December 21, 2019
- Date updated February 5, 2022
- DIMU-CODE 021058479362
- UUID B6A5C4D3-DCAE-4B27-BDDF-8913CA427148
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».