History
-
-
"Holestabburet" 88/7 Rasmusbruket, Hole
Det var eit stort stabbur, det var ikkje vanleg å ha skot på begge sider.
Informant / arkiv NFM:
Stabburet stod i ein bakke. Det var utgrave, så det var omlag flatt under stabburet, og det var opplagd ein bakkemur av stein. Det er høgare opp under stabburet slik det no står, enn det var på Hole. Der var nedste steinane under støttene pressa ned i jorda. Huset stod på steinlad i hjørna. Nokre av dei andre støttene var av tre.
I stabburet var (er) kornbyra. I skota lagra dei tynner (120 l) og stokkar (tønne utan noko bestemt mål) med mjøl etc. Inne i stabbursrommet i første høgda, til høgre bak døra, er det plass til fire stablar med flattbrød frå golv til tak. I dette rommet stod og saltkar (trau, dvs. utan lokk) og byrer (dvs. m. lokk) til korn, og eit kråskåp.
I andre høgda hadde dei fisk, sild, kjøt og flesk hangande til tørk. Det er bora hol i sperrene og tredde små vidjer gjennom hola. I vidjene tredde dei stenger som dei hengde maten på, lokalt kalla "fleskevidjer" eller "silde-volar". I rommet over gangen er det ei kasse/byre som dei hadde ull i.
I arkiv står det også meir om korntørking og låsane.
-
Oppføring - (I 1928 skreiv eigaren av stabburet var minst 150 år gammalt. )
Ukjend. Truleg slutten av 1700-talet. -
Eierskap
Gnr/Bnr 88/7 "Rasmusbruket" på Hole - Tidligere plassering Gloppen Breim Hole
-
Bruk - 1945 (Då dei reiv, fann dei beisa såkorn og mjøl som var restar etter andre verdskrig. )
Forrådshus for mat. Det var lagt stein under kornbyra for å hindre stjeling av korn ved å borre nedan/utanfrå. -
Eierskap - 1975
Stabbur med innbu gitt som gåve til Nordfjord Folkemuseum. Befaring. Museet tok i mot gåva i samråd med Arne Berg. Då var Astid død, og systra Maria formidla gåva. - Giver/siste eier Hole, Astrid Kristina Rasmusdotter
- Konservator/fagkonsulent Berg, Arne
- Formidler av gave eller kjøp Myklebust, Maria Hole
- Informant Sande, Knut Samsonson
-
Flytting - August 16, 1976
Nedtaking på Hole 1976 -
Gjenoppføring - 1976 — January, 1979
Bygningen plassert i hovedtunet på museet. 20.oktober haddde ein fått torv på taket, seinare borkledning. Ved utgangen av 1976 var det berre innvendig arbeid som stod att. Dette vart gjort 1977 og 1979.
-
References
-
- Arkivreferanse NFM Arkivmappe 610.6: Korrespondanse, referat, foto
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NFM.204
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published December 21, 2019
- Date updated January 26, 2022
- DIMU-CODE 021058479357
- UUID 53992335-147B-4B02-9355-7A1E8733DB08
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».