History
-
-
"Sjurfjøsen" Sjurbruket på Austrheim 69/5
Fjøsen låg i utmark i øvre utkanten av tunet, langt frå innhusa. "Dette var eit føremon på ein måte; dei slapp å ha krøttertråkk inn mellom dei andre husa når dei gjette i marka haust og våre skulle jaga buskapen heim att i fjøsane" (Arne Berg). Det var kort avstand til løa, så det var ikkje langt å gå med høyet. Sauefjøsen og grisehuset stod også tett attmed kyrafjøsen. Men det var langt å bere vatn frå masstova. (informant Anders Austheim).
Dette var opphaveleg den vanlege kyrafjøsen på garden. I rommet framfor hadde dei mjølkespann, agnespann og mjølkesil på høgre sida og på venstre mose som dei hadde til strø under kyrne. Denne delen av rommet var avbolka for seg med ei eiga dør.
Ved jordskifte i 1890-åra vart det omveltning i tunet. Mange hus vart rivne eller flytte, men denne fjøsen vart ståande. Etter jordskifte vart han garfjøs, dvs. at avstanden til dei andre husa på bruket (nyefjøsen medrekna) var så stor at det var lagleg å ha gamlefjøsen ståande som garfjøs nær utmarks-garden. Då vart det også saue-gare i fjøsen. Trovtaket vart erstatta med tegntak.
-
Oppføring - 1800 — 1850 (Vurdert av Arne Berg.)
Truleg før 1850. Sjurbruket på Austheim, gnr/bnr 69/5 (Gloppen) -
Eierskap
Sjurbruket på Austheim, gnr/bnr 69/5 (Gloppen) - Tidligere plassering Norge Gloppen Austrheim
-
Bruk
Kyrafjøs. Fyrst vanleg fjøs, seinare gardfjøs. Kalvane var også her (dei hadde ikkje eige kalvehus). Kalvane var nede ved døra til høgre. På fjøslemmen var soveplass. Rommet framfor var plass for mjølkeutstyr og strø. - Informant Austrheim, Anders Jonsen
-
Flytting
Tidleg på 1950-talet. - Giver/siste eier Austrheim, Anders Jonsen
-
Gjenoppføring - 1971 — 1979
Materialet låg lagra på museet i 10 - 15 år, før gjenoppføring. Prøveoppsett 1971; Grunnmur 1972-73; Reist bygg 1974-75; innreiing 1979. - Konservator/fagkonsulent Berg, Arne
-
References
-
- Litteraturreferanse Berg, Arne 1990: "Sjurefjøsen frå Austrheim" I Årbok for NOrdfjord 1990 s.122-127.
- Arkivreferanse Petter Eide intervju med Sjur-Anders i 1972. Arkivmappe NFM 610.2
- Arkivreferanse Arne Bergs notater og teikningar, Arkivmappe NFM 610.2
- Fotoreferanser Årsmelding Nordfjord Folkemuseum 1974
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NFM.202
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published December 21, 2019
- Date updated January 26, 2022
- DIMU-CODE 021058479342
- UUID 60E582DE-A662-4D9B-855A-A8048E71E7B1
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».