History
-
-
Låven kommer fra Haugjord i Heddal, Notodden. Satt opp på museet i 1956.
Ole Olsen Hovdejord er den mest kjente eier av gården. Olav Hovdejord eller Olav Tinne. fødd 1680 og daud 1765, var ein kjend bygdehøvding og bondeførar frå Heddal i Telemark. Han er knytt til ein kjend slått, Tinnemannen, og opphav til ei historisk Segn.
Segna fortel at far hans Olav kom frå Gudbrandsdalen, og fór over Meheia til Heddal. Her slog han seg til på garden Sem, ein av dei største i dalen. Han var tømrar, og tilhøva førde til at han vart buande på Sem, og vart gift med enkja der, den rikaste kvinna i bygda. Olav var til eksersis, er det fortald, og det var her at kaptein Elias Nægler hogg av han handa. Grunnen var av Olav sette seg opp mot offiserane, og tok dei andre bondegutane i forsvar mot urettvis handsaming frå kapteinane. Dette var under den store nordiske krig (1700-1721), og danskekongen var i naud for folk. Difor trong han dei norske bondesoldatane. Mange sette seg opp mot dette, mellom dei Olav Hovdejord. Det at han mista handa, var eit hemnslag frå kapteinen, og offiseren kasta handa etter han med orda: Der, tak med deg labben din, Olav Tinne.
Olav sprang inn i ei smie og sette armstumpen inn i varmen for å stemme blodet. For å døyve tralla han på slåtten som seinare var kalla Tinnemannen. Då han kom heim, gjorde han seg to hender, ei av sølv, og ei av blikk. Sølvhanda nytta han til fest og høgtid.
Kapteinen som hogg, sende bod til kongen med ei urettvis framstilling av saka, for å verte Olav kvitt. Difor laut Olav reise til Købehavn for å legge fram saka si der. På denne tida var Olav komen til odel og rikdom, og hadde råd til dette. Segna fortel korleis Olav bar fram saka for kongen, og han ordla seg godt. Han sa at bøndene nok ville ofre livet for land og konge, men dei kunne ikkje finne seg i at embetsstanden for slik fram mot dei som dei gjorde, av di dei rekna med at kongen ikkje ville få den rette samanhangen på bordet. Olav synte så fram armstumpen sin, og bad om at kapteinen skulle visast bort frå Noreg for all framtid. Dette vart teken til følgje av kongen, på den tid Frederik 4..
Segna fortel at denne ferda gjorde mykje for å bøte på den uretten telemarkingane kjende seg arge for. Hadde ikkje dette forliket kome, ville det visst vorte oppstand i heile Telemark.
Etter han kom heim vart Olav gift med Tone Sveinungsdotter Hove, og i 1727 stod han som eigar av Heddal Stavkyrkje. Seinare vart han og lensmann, og var kjend som Olav Sem. Då han vart gamal, var han allment kjend som Tinnemannen. Han lika godt å danse til den slåtten som fekk namn etter han.
Dette er ei personalhistorisk segn, og hendingane er vel dokumenterte. Forteljinga vart nemnd alt i 1782, i Løvenskiolds Beskrivelse av Bratsbergs Amt.
Hendinga med eksersisen er tidfest til om lag 1720, og lemlestinga skulle ha hend i 1722. Bakgrunnen er eit bondeopplaup som fann stad mot slutten av Den store nordiske krig, og bøndene var førde av Olav Hovdejord. I røynda kom aldri Olav så langt som til sjølve kongen, sjølv om han freista lenge på det. Tradisjonen tek parti for Olav. Men det er kjend at kongen greip inn sjølv og fekk kaptein Nægler forflytta.
Olav Hovdejord var utan tvil ein dugande mann, og etter det dei offisielle papira fortel, er framstillinga av han i segna heilt rettkomen. Segna gjev eit bilete av miljøoppfattinga av ein strid av prinsipiell karakter som gjekk om rettane til bøndene andsynes framande militære leiarar i bygdesamfunnet. (Bøe: Norske segner).
Stoda mellom Olav Hovdejord og soldatane minner noko om den samtidige striden mellom Elling Nilsson Villand og styresmaktene i Hovet, Hallingdal, under opprøret der i 1713. Det er og nokon samanfallande drag med lagnaden til Torkjell Olsson Villand, lensmannen i Ål.
-
Gjenoppføring - 1956
På Telemark museum, Brekkeparken i Skien -
Oppføring - 1600 — 1650 (Brev fra Arne Berg, Fylkesmuseet for Telemark og Grenlands beskrivelse m.m. Mangler dendrodatering.)
-
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier TGM.2200
- Part of collection Telemark Museum
- Owner of collection Telemark Museum
- Institution Telemark Museum
- Date published September 19, 2019
- Date updated December 9, 2022
- DIMU-CODE 021058405085
- UUID 675C11BA-D45A-48E7-A4DA-2679D0489171
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».