Includes 10 objects
History
-
Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag(som namnet var då) vart skipa i 1913. Den fyrste tida held museet til ulike stadar m.a. i Ådlandsstova på Ådland, Stord, før det fekk fast tilhaldsstad i parken "Dr. Vidsteens Minde" på Leirvik.
Ådlandsstova høyrde då til Foreningen for norske fortidsminnesmerkers bevaring.
Fyrste bygningen som kom til tunet var Stolmastova i 1928.
Ljorestove frå Våge på Stolmen i Austevoll. Ho er truleg frå 1600-talet. Utedøra fører inn i ei sval, og derfrå kjem ein inn i stova, som opphaveleg ikkje hadde vindauga. det fekk ho fyrst kring 1850. Stova er bygd av tømmer, har sperretak tekt med never og torv.
Deretter kom Landastabburet frå Omvikedalen i Kvinnherad i 1933.
Tømmerhus, truleg frå 1700-talet, med sperretak, tekt med never og torv. Gjennom døra kjem me inn i ei sval, og deretter fører ei dør inn til sjølve buret, som har lem. På eine veggen er der eit vindauga.
Ådlandsstova vart overteke av museet og flytt til Sunnhordlandstunet i 1934.
Gamal ljorestove, truleg frå mellomalderen. Ho er bygd av oavltelja tømmer og har sperretak tekt med never og torv. Folk budde i henne like til 1870-åra, då Fortidsminneforeningen kjøpte stova og freda henne. På 1800-talet vart det sett inn vindauge i eine langveggen, men då stova vart flytt til Sunnhordlandstunet i 1934, felte dei inn att veggstokkar i opninga. Stova er innvendes dekorert med kvit mønsterbord langs øvre delen av veggene. Fargen laga dei av sur mjølk og krit, og dei kliner han på med fingrane. Dette vert kalla å krita eller krota.
Futatunet( stove og eldhus) frå Sørhuglo vart flytta til Sunnhordlandstunet i 1944.
Den eldste delen av huset er truleg frå 1700-talet, den yngste frå kring 1800. I tillegg til Futastova fylgde det og med eit eldhus. Dette er av rundtømmer og var truleg den opphavelege Futastova. dette er ein bygning frå 15-1600 talet.
Hatlandsløo
Løa er frå garden Hatland på Stord. Konstruksjonen er grindverk eller stavverk.
Smio
Dette er ei gardsmie frå Søre Tveita på Stord. Der er eit tømra smierom og eit lite lagerrom i reisverk. Gråsteinsmurt esse med skorstein og handriven blåsebelg.
Relation
-
Object/Work – Components12 related objects
- BuildingBygning (SF.030002)
- BuildingBygning (SF.030003)
- BuildingBygning (SF.030004)
- BuildingBygning (SF.030005)
- BuildingBygning (SF.030006)
- BuildingBygning (SF.030007)
- BuildingO (SF.030008)
- BuildingBygning (SF.030009)
- BuildingBygning (SF.030010)
- BuildingBygning (SF.030011)
- BuildingBygning (SF.030012)
- BuildingHovudbygninga (SF.030001)
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierSF.030000
- Part of collectionSunnhordland Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionSunnhordland Museum
- Date publishedJuly 19, 2017
- Date updatedJanuary 18, 2024
- DIMU-CODE021057114239
- UUID47d116ea-ec1c-419f-afcd-816bca968611
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».