Part of exhibition
History
-
Frå skiltet på bygningen på Valdres Folkemuseum (2012):
"Tørrstove frå Nordigarde Kvie, gnr. 96, bnr. 4, i Vang. Bygd ikring 1750. På 1700- og 1800-talet foredla gardane sjølve det meste av det dei produserte. Etter at kornet var treskt, måtte ein turke det i ei kornturke. Midt i Kviis-tørrstøga er den svære tørrstoveomnen. Langs veggene er det hjellar for korn og malt som skulle turkast. Det er uttakingsdør for korn på øvre raustevegg og dør med open skut på nedste raustevegg. Huset har villumskvarv, det vil seia at det berre har tre vegger til det kjem i vater, av di det stod i ein bakke. Tørrstova vart oppsett på Valdres Folkemuseum i 1956. Kviistunet: Det vanlege busettingsmønsteret i Noreg er spreitt busetnad. Det finst likevel eldre eksempel på at gardar kan liggje så tett inntil kvarandre at dei meir liknar ein tettstad. Kviistunet på museet kjem frå ei slik gardklynge. Fram til utskiftinga i 1908 danna fem tun, med til saman 33 hus, ein liten tettstad like ved Høre stavkyrkje i Vang. Kvie var tingstad på midten av 1600-talet. I perioden 1646–1821 var Kvie skysstasjon og herberge. Til gardane høyrde også 12 husmannsplassar. Husa frå Kvie er bygde i perioden 1600–1850. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1959–1960. På Valdres Folkemuseum framstår Kviistunet som ein typisk fjellgard i Øvre Valdres. Slike gardar hadde gjerne fleire husmannsplassar. På Valdres Folkemuseum skal Øvre Fristadplassen illustrere husmannsplass under Kvie, og er plassert lenger ut i utmarka."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Kviis-tørrstoga er gåve til V.F. frå Eivind Kvien og mori, Sigrid Kvien frå Robøle i V. Slidre. Ho er frå omlag 1750. Huset vart flytt og sett oppatt på V.F. 1952 av Einar Bråten og Torbjørn Breiset. Sermerkt er den svære tørrstogovnen og uttakingsrom for kornet i øvste raustet. Nedste kvarvi i tømra er villumkvarv. Nedste kvarvi har berre nøvahogst nedst. Øvste enden ligg på hellor ned på bakken. Villumkvarvi blir lengere og lengere til ned nedste kvarvi kjem i vassrett høgd med øvste med øvste laft. Då vart det fyrste fulle kvarv pålagt. Huset står sør for sjølve Kviistunet. Dei rekna med at tørrstøga var eit eldfarleg hus. Det same galdt smie og eldhus. Alle desse stod til vanleg langt utanfor sjøve tuni. Huset stod på garden Kvie, g.nr. 96, br.nr. 4 i Vang."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Tørrstovene vart brukt til å tørke korn og lage malt i. Den vanlege typen var eit enkelt hus med eitt rom slik som tørrstoge frå Stele i Vang. I ei krå er plassert ein røykovn. Langs 2 veggar går hjellar for kornet. Ein annan type finn vi i tørrstoge frå Kvie i vang, bygd ikring 1750. Stova har ligge i sterkt skrånande lende og har villumskvarv mot bakken. Ovnen ligg her og i ene kråa. Men hjellane er i 2 høgder. Det øvste vart nytta til uttakingsrom for korn, og vart utstyrt med kornluar."
ENGLISH:
Drying kiln from North Kvie farm: Drying kiln from the North Kvie farm in Vang. Built around 1750. In the 18th and 19th century, the farmers processed most of the goods they produced. After threshing, the grain had to be dried. In the middle of the drying kiln was a large oven. There are shelves along the walls where grain and malt could be placed for drying. The kiln was rebuilt at Valdres Folk Museum in 1956. The Kvie farm: Norway mostly has a scattered settlement pattern. Nevertheless, there are examples of farms forming clusters, rather like a township. The Kvie farm buildings are grouped round a yard. Until the separation of farms that took place in 1908, five farmyards with a total of 33 houses formed such a “township” by Høre stavechurch in Vang municipality. The Kvie farmhouse served as a local courthouse in the mid-1600’s. During the period 1646–1821, Kvie was a coachman's inn. 12 cotter’s farms belonged to the Kvie farm. The houses from Kvie were built during the period 1600–1850. The farm was reconstructed at Valdres Folk Museum in 1959–60 and is a typical mountain farm from Upper Valdres. Such farms often had several cotter’s places. The Upper Fristad place at our museum illustrates a cotter’s farm under the Kvie farm and is placed in the outlying fields.
FRANÇAIS:
Séchoir de Nordigarde Kvie: Séchoir de Nordigarde Kvie, à Vang. Construit vers 1750. Au 18 et 19ème, les fermiers transformaient eux-mêmes la plus grande partie de leur production. Quand le blé était battu, il fallait le sécher dans un séchoir à blé. Le grand poêle se trouve au milieu du séchoir et le long des murs il y a une sorte d’étagères pour le séchage du blé et du malt. Il y a une porte dans chacun des pignons. Parce qu’elle se trouvait sur une pente, la maison n’a que trois murs jusqu’au moment où elle trouve la position horizontale. Le séchoir a été reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1956. Cour de ferme de Kvie: En Norvège, l’habitat est dispersé. Quelques exemples anciens montent quand même que les fermes se trouve côte à côte formant un hameau. La cour de ferme de Kvie, présentée ici au musée, vient d’un tel hameau. Jusqu’en 1908, cinq cours, comprenant 33 maisons, constituaient une bourgade près de l’église de bois debout de Høre, à Vang. Kvie était siège de tribunal au milieu du 17ème siècle. Pendant la période 1646–1821, il y avait un relais routier et une auberge. Il y avait également 12 fermes de tenancier appartenant aux fermes de Kvie. Les maisons de Kvie sont construites pendant la période 1600–1850, et reconstruites à Valdres Folkemuseum en 1959–1960. Au musée, la ferme de Kvie représente une ferme de montagne, typique de la partie nord de Valdres. Les fermes comme Kvie, avaient souvent plusieurs fermes de tenanciers. À Valdres Folkemuseum, la ferme tenancier de Øvre Frigstadplassen, située un peu plus haut, représente une ferme de tenancier dépendant de Kvie.
Oppføring: 1750
Gjenoppføring: 1952 - 1956
Aksesjon
- Giver/siste eierSigrid og Eivind Kvien
- DigitaltMuseumSearch in «Sigrid og Eivind Kvien»
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
-
- LitteraturreferanseK. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.053
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 27, 2015
- Date updatedDecember 3, 2021
- DIMU-CODE021056021528
- UUIDa6bef746-c8b0-4fd2-bb01-29728052ab55
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».