Part of exhibition
History
-
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Bygningen er frå husmannsplassen Løtasletten under Solbjør, gnr. 115, i Etnedal. Badstova er truleg frå 1700-talet og vart oppsett på Valdres Folkemuseum i 1952. Dette er ei tørrstove for turking av korn. Bygningen er særmerkt med omn midt på golvet, hjellar i to høgder og ei dør i kvart raust."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Løtaslett-badstogo er på Løtasletten i Bruflat sokn i Etnedal. Løtaslette var ein husmannsplass til nordre Solbjør, g.nr. 115, br.nr. 1 i Etnedal. Husmannen Hans Sletten og garden åtte kvar sin halvpart i badstoga, som stod litt nord for plassen uta vegen som går til Rust. Det er gåve frå Even Solberg på garden Solbjør. Dette er ei sermerka badstogo. Det er to inngangar med dør, ein frå kvart raust. For båe dører er det treloko. Huset var tekt med tre (?), never og torv. Badstogeovnen var av den eldte typen. Truleg har stova vore nytta til dampbad. Då slo dei vatn på den oppheta badovnen, så det vart damp. Så lå dei fyrst på dei små hjellar framma kornhjellane. No er det att berre restar av desse badehjellane. Sist på med dei bada la dei seg oppi sjølve kornhjellarne, der det vart varmast. I seinare tid vart stova berre nytta til kornturke. I ytre veggen er det eit lite "kikhol". Framfor dette skyteglugget låg husmannen og vakte på reven, som skaut på åte. Kan hende har det og vore skote ulv frå badstoga. Romet mellom hjellane kalla dei gonga. Huset vart (på V.F.) sett opp av Einar Bråten i 1952-53. Om betalinga sjå Dølahaugstoga."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres" i Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Løtaslett-badstova frå Etnedal er truleg frå ikring 1700, den står nå på Valdres Folkemuseum. Badstoveovnen som er røykovn, står midt på golvet. Stova har dør i kvart raust. Langs begge langveggar går slinner til å sitja på. Over dei er hjellar som er bårne oppe av kolvar gjennom langveggar og lagt opp på langsgåande rundstokkar. Stova ligg i hallande lende og har villumskvarv mot bakken. Huset er bygd på ein ringmur av stein, og har elles jordgolv. I gavlveggen er hengsla luker til å regulere varmen med. Stova har åsetak med troved. Opphaveleg har stova truleg berre vore nytta til bading, sidan berre til tørkestove for korn."
I september 1978 vart det arrangert eit kurs for museumstilsette i korleis ein skulle vedlikehalde og behandle gamle trehus. Bilete frå dette kurset med badstova frå Løtasletten på Valdres Folkemuseum er registrert og lagt ut på DigitaltMuseum med kode VFF 4-000511.
Sjå elles særoppgåve om Løtaslettbadstogo skrive av Halvor Skaar og Ola Skrautvol (Valdres Gymnas, 1973) (Opplandsarkivet, avd. Valdres Folkemuseum).
ENGLISH:
Pigsty and drying kiln from the cotter’s farm Løtasletten: The buildings are from the cotter’s farm Løtasletten under Solbjør Farm in Etnedal. The kiln is probably from the 18th century and was rebuilt at the museum in 1952. The building is a drying house for grain and is special because of the oven in the middle of the floor, the two-storey shelves and a door at each end. The pigsty is of a later date and was rebuilt at the museum in 1954.
FRANÇAIS:
Porcherie et séchoir de la ferme tenancier Løtasletten: Les maisons proviennent de la ferme tenancier Løtasletten, dépendant de Solbjør, à Etnedal. Le séchoir date probablement du 17ème siècle et a été reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1952. C’est un séchoir à grain. Il y a une poêle au milieu de la pièce, des étagères en deux niveaux pour le séchage du grain et une porte dans chacun des murs de pignon. La porcherie est plus récente et a été reconstruite au musée en 1954.
Oppføring: 1700 - 1800
Gjenoppføring: 1952 - 1953
Aksesjon: 1952
- Giver/siste eierSolberg, Even (1881 - 1979)
- DigitaltMuseumSearch in «Solberg, Even»
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
-
- LitteraturreferanseK. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.045
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 27, 2015
- Date updatedJuly 13, 2023
- DIMU-CODE021056021510
- UUIDa1b366cc-ad5d-4b6f-8270-b184e03b1fd6
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».