Part of exhibition
History
-
Frå føraren på Valdres Folkemusuem (2012):
"Fjøs frå Kveto, gnr. 3, bnr. 12, Beito i Øystre Slidre. Furutømmeret er truleg frå 1600-talet. Kveto var husmannsplass under garden Søre Beito. Fjøset er sett saman med Dølahushaug-stogo for å syne korleis ein husmannsplass kunne sjå ut på 1800-talet. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1952."
Frå Knut Hermundsstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Kvetofjøset er frå småbruket Kveto i Beito i Ø. Slidre. Det vart ikr. 1936 kjøpt til museet for kr. 300,- Eigaren køyrte det til VF og der vart det lagrea under ei stor gran. I 1952 vart det sett oppatt på museet som ein del av småbruket Dølahaugen, som ein hadde stoga til. Museumsstyraren då, Knut Hermundstad, for så opp til Kveto og tok opp teikning av huset og innreiingi slik som det hadde vore då fjøset stod på plassen. På grunnlag av desse fyrstehandsopplysningar laga han arbeidsriss og byggjeutgreiing og Bråten og Breiset sette opp att fjøset på ein framifrå måte, så det no står der som det stod på plassen. Småbruket Kveto var fyrst ein husmannsplass som hadde høyrt til garden Beito. Fødsla var 3 kyr, men då laut husmannsfolki onne mykje utanom plassne. Kveto er ein gamal plass. Fjøset er sikkert fyrste fjøset på plassen. Det veldige furutømret er sikkert frå 1600-talet. Taket er tekt med eternitt og never etter alle kantar og torv oppå."
Frå Harald Hvattums Valdres Folkemuseum 1901-2001 (2001):
"Kveto var husmannsplass under sørre Beito. Husmannen midt på 1800-talet, Ole Andersson Kveto, var skinnfellmakar og laggar. Ein laggar var ein som laga buttar, spann og tynner av tre. Fjøset (frå Kveto) er sett saman med Dølahushaugstogo for å syne korleis ein gamal husmannsplass kunne sjå ut på 1800-talet."
Frå arkitekt MNAL K. Sukkes "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Fjøsa var enkle hus. Dei låg fritt i tunet, helst nedst mot ein bakke. Da kunne ein littvint få gjødsla utover åkeren. Den enklaste planen hadde eit rom. Kvetofjøset frå Beito i Ø. Slidre er truleg frå 1600-1700. Fjøset har eit rom med dør i gavlen, ein midtgang med båsar på båe sider. Nærast døra er det bingar for småfe. Fjøset er tømra opp av grovt flattelgt tømmer med berre 3 stokkar i høgda i langveggen. Fjøset har åsetak med rund troved. Det ligg 2 langsgåande beiter eller slinner i romet som og tenar til feste for bingestolpar. I indre gavlvegg ligg ei hylle over beitene. Båsane er laga på det viset at det ligg ei svill mot skantilet. Frå svilla på skrå mot veggen er det sett stokkar som bås-skille. Huset er eit typisk døme på korleis fjøset var på eit småbruk eller ein husmannsplass."
ENGLISH:
Cowhouse from Kveto: Cowhouse from Kveto in Øystre Slidre. The pine logs are probably from the 17th century. Kveto was a cotter’s farm under the Southern Beito farm. The cowhouse is placed together with the farmhouse from Dølahushaugen to show what a cotter’s farm might have looked like in the 19th century. Rebuilt at Valdres Folk Museum in 1952.
FRANÇAIS:
Etable de Kveto: Etable de la ferme Kveto, à Beito, Øystre Slidre. Les bois de charpente, du pin, datent probablement du 17ème siècle. Kveto était une ferme de tenancier dépendante de la ferme Søre Beito. L’étable est mise à côté de la maison de Dølahushauge pour montrer une ferme de tenancier au 19ème siècle. L’étable est reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1952.
Oppføring: 1600 - 1700
Riving: 1936
Gjenoppføring: 1952
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
-
- LitteraturreferanseHarald Hvattum Valdres Folkemuseum 1901-2001
- LitteraturreferanseK. Sukkes "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.064
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 27, 2015
- Date updatedDecember 3, 2021
- DIMU-CODE021056021488
- UUIDe8fbd961-3c6c-4b5b-8735-5e0426b7d1b1
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».