Part of exhibition
History
-
-
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Bygd ikring 1700. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1956. Selet er frå stølslaget Rennsenn i Øystre Slidre. Langstøl til garden Eikra (37/1), og frå ikring 1870 garden Løvås (37/10). Her er det sel og mjølkebu kvar for seg, og med skut i midten. I selet er det peis med vinde, seng, bord og fathylle. I mjølkebua er det buahyller med mjølkekjerald. I skuten er det bandfeste for ku. Ofte tok dei inn ei og ei ku og mjølka her. Opphavleg var det gjennomgang i skuten, med grind eller dør i kvar ende. I 1956 kjøpte Marit og Ola N. Strande selet med innbu og gav det til museet. Her vart det oppsett på ei bratt tomt, og difor vart eine døra kledd att."
Husbok I og II for Valdres Folkemuseum, innført og utarbeida av Knut Hermundstad:
"Rennsenn-selet er gåve til V.F. frå Ola N. Strande. Han gav kr. 500 for det. Byggmeister Gudbrand N. Skattebu flytta det og sette det oppatt for kr. 3.300,-, som museet betalte. Ola N. Strande gav så alt innbuet i selet. Det var garden Eikra i Øystre Slidre som fyrst åtte stølen. Han vart nedl. ikring 1870 og seld seinare til garden Lauvstad (Løvstad), g.nr 43, br.nr. 14. Hjå Ljauvstad-folki kjøpte Strandetølen. Stølen vart og kalla Eikrestølen. Selet er svært gamalt og har frå fyrst av truleg hatt både jordgolv og åre med ljore og sengerum. Huset er av ei sermerkt selstype med skøt i midten og sel på høgre sida og mjølkebu på vinstre sida når ein går inn i selet. Ei slik mjølkebu kallar dei utbu, fordi ho inkje stod vegg i vegg med sjølve selet. Selet har stått på stølssetet Rennsenn, difor heiter det no Rennsennselet. I skøte har det vore grind eller dør ut på jordet. Men tomti i Ulvedalen [på Valdres Folkemuseum] var slik at ein kunne ikkje få det til. Ytre veggen var skadd av ver og vind, så ein laut kle han med ståande panel. Det same gjeld rausteveggen i sjølve selet. Der var det saga or til eit moderne trefags glas. Som ein vil sjå, er det no sett inn eit vanleg småruta glas. Selet vart reist att i Ulvedalen sumaren 1956. Alt innbuet i selet er gåve frå Ola N. Strande. I sjølve selet frå h.-v.: peis med peisvinde, seng, bord, fothylle. I ytterbui: buahyllor m. mjølkekjerald og på golvet ymse mjølkebidne. I skøtet: trehald, trelås og bandfeste for ku, for jamt vart ei ku i senn mjølka i skøtet. Det var ikkje anna enn joldgold i skøtet og i bui."
Frå arkitekt MNAL K. Sukkes "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Rennsennselet frå Øystre Slidre som no står på Valdres Folkemuseum, har 3-delt plan. Skøtet ligg i midten med mjølkebua el. utbua til venstre og sjølve selet til høgre. I selet var det peis med peisvinde (skjerding), seng, bord og fathylle. I utbua var det buahyller. I skøtet var det trehald, trelås og bandfeste for ku. Ei ku i send vart mjølka i skøtet. Nova her er hestehovudnov, som vanleg var på 1600-1700-talet."
I 1953 vart Marit og Ola Strande æresmedlemmer ved Valdres Folkemuseum, dette for dei store gåver dei hadde gitt til museet.
ENGLISH:
Mountain hut from Rennsenn: Built around 1700, rebuilt at Valdres Folk Museum in 1956, the hut is from the Rennsenn mountain area in Øystre Slidre. Often farms would have two mountain farms, one in use in early summer / early autumn and a more distant one for most of the summer, in order to maximise grazing and hay production. This hut was from the more distant mountain farm for the Eikra farm, and, from around 1870, for the Løvås farm. The living quarters and milk storage are separated by a corridor in the middle. In the hut, there is a fireplace with a chimney crane for lowering, raising and swinging cooking pots over the fire, bed, table, and shelf for plates, dishes and bowls. In the milk storage room, there are shelves with various milk containers. In the corridor, there is fastening for a cow. Often, the cows would be led into the corridor one by one to be milked. Originally, one could pass through the corridor with a gate or a door at each end of the corridor. Marit and Ola N. Strande bought the mountain hut with its furnishings and contents in 1956 and then gave it all to the museum. The site it was moved to was so steep one door had to be walled up.
FRANÇAIS:
Chalet d’alpage de Rennsenn: Construit vers 1700 et reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1956. Le chalet d’alpage vient de l’alpage Rennsenn à Øystre Slidre. Alpage d’été de la ferme Eikra, à partir de 1870, de la ferme Løvås. Ici, la pièce d’habitation et la laiterie sont séparées par une pièce annexe au milieu de la maison. Dans la pièce d’habitation il y a une cheminée avec crémaillère, un lit, une table et un dressoir. Dans la laiterie, il y a étagères avec récipients pour le lait. Dans la pièce centrale, on pourrait attacher des vaches. On entrait souvent les vaches, l’une après l’autre, et les trayaient ici. A l’origine, il y avait un passage avec une porte ou une grille dans les deux bouts de la pièce. En 1956, Marit et Ola N. Strande ont acheté le chalet et le mobilier, et les ont donnés au musée. Ici, la maison a été reconstruite sur un terrain escarpé, c’est la raison pour laquelle une des portes est revêtue.
-
Oppføring - 1700
-
Gjenoppføring - 1956
-
Aksesjon - 1956
- Giver/siste eier Ola N. Strande
-
Classification
-
- Bygninger OU 340
Placement
References
-
- Litteraturreferanse K. Sukkes "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VFF.084
- Part of collection Valdres Folkemuseum
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Valdres Folkemuseum
- Date published November 27, 2015
- Date updated June 19, 2020
- DIMU-CODE 021056021445
- UUID a7386ee2-5093-4d6f-a5f9-553006141ef1
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».