Part of exhibition
History
-
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Kopi av Galdebergbua på nordsida av Bygdin. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1955. Bua vart brukt til overnatting under reinsjakt i fjellet. Bua har røykomn, det vil seia omn utan oppmura avtrekk. Attmed omnen er ein stein til å sitja på, og lengst inne ei stor steinhelle som sengebrisk. Det er også eldrom under sengebrisken."
Frå Knut Hermundstads Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Reinsbue av stein. Galdebergbue. Skyttarbue. Reinsbue eller skyttarbue er kopi av Galdebergesbue på nordsida av Bygdin. Museumsstyraren Knut Hermundstad mælde ho oppteikna av alle 4 veggar og laga grunnrits. Steinen til veggane er køyrt frå Jotunheimen og bui er reist på museet 1955. Gangjarni på døri er nøyaktig kopi av dei ein fann i tomti, Den kjente reinsgjetar og fjellmann Anders Løkreim stod for muringi, så huset vart heilt likt teikningane og fotografii. Frå venstre til høgre inne i bui: røykovn, steinsete, sengebenke av ei steinhelle med eldomn under, om ein vil elde der. Romet vart elles nytta til å setja sko og anna inni. På åsane briskeknaggar eller briskekrokor til å hengje ymse på t.d. gevær, jaktskreppar o.a. Ein ser no i bui jaktskreppa til den kjende villreinskyttaren Knut Rødningen på Tørstad i Høre, f. 1780. På sengebenken hadde dei gamle skyttarar lyng, fin vierkvist og rabb med lauv på. Over og under seg la dei reinshuder av dyr dei hadde skote. Veden er frå Jotunheimen. Det var ei uskrivi lov at ingen måtte gå frå ei bu før han hadde bore innatt ny ved. Bui er tekt med 4 lag never og 2 lag tjørepapp over never og torv. Utlegge for reinsbui, bogahi og reinsgraven var til 1955 slikt: Graving kr 750, heller kr 55, teikningar kr 115, beslag kr 11,90, køyring av stein kr 1974, arbeid kr 4278,50."
Frå arkitekt MNAL K. Sukkes "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"... kopi av ei Reinsbu eller Skyttarbu frå nordsida av Bygdin. Bua har lege i hallande lende og er mura opp i stein med eldrom under om ein ville elde der. Briskeknaggar for jaktskreppe osb. gluggstamp over døra. Dørborda er nagla til åkane med trenaglar. Taket var åsetak med rund troved, never og torv. Bua har jordgolv."
Frå Knut Hermundstads "Villdyr og veiding" i Valdres Bygdebok V fyrste del (1964):
Villreinsjakti var mest ei kunst. Det var fyrst etter lang opplæring og røynsle at ein vart ein driven og god jaktmann og veidar. - Ungdom som ville på reinsjakt, fekk ofte lov til å vera med ein eldre og god jeger. Det var den vanlege måten å lære reinsjakt på. Til vanleg var veidemennene fåmælte. Mest alltid holdt dei løynt kva dei skaut, og kvar dei fann veidni. Dei var redde tevling og ikkje minst augundsjuke. Når dei ei hendeleg gong tale om noko i eit godt lag, var det helst meir eller mindre morosame jaktskrønor, som fåe trudde større på. Dette er nok hovudgrunnen til at ettertidi fekk så lite greie på veidingi som næringsveg. Soge-arkivi fortel av same grunn lite om veiding."
ENGLISH:
Hunting shack: Copy of the Galdeberg shack on the north side of Bygdin Lake, rebuilt at the museum in 1955. The shack was used as a simple lodge by hunters of reindeer in the mountains. It has a corner fireplace without a chimney, a stone to sit on next to it and farthest in a large stone for sleeping on that could be heated from below.
FRANÇAIS:
Refuge de chasseurs de reine: Reconstruction du refuge de Galdeberg sur le côté nord du lac Bygdin. Reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1955. Le refuge a servi de refuge pendant la chasse aux reines à la montagne. Le refuge a un poêle sans issue à la fumée. A côté du poêle, il y a une pierre qui sert de siège et au fond il y a une grande dalle qui servait de lit. Il y a également un âtre au-dessous du grabat.
Oppføring: 1955
Classification
Placement
References
-
- LitteraturreferanseK. Sukkes "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
- LitteraturreferanseKnut Hermundstad: Villreinsjakt i Sør-Jotunheimen 1864-1899, Universitetsforlaget, Oslo
- LitteraturreferanseKnut Hermundstad "Villdyr og veiding" i Valdres Bygdebok V fyrste del
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.090
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 27, 2015
- Date updatedApril 25, 2024
- DIMU-CODE021056021360
- UUID78b6672e-6764-4a64-8c20-c99aa7341965
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».