Part of exhibition
History
-
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Bygd som smie i andre halvdel av 1800-talet, på Leira i Nord-Aurdal, av Østen Ivarsson Leira (f. 1861). Seld til Tørjer Ø. Viste (1855–1930) i 1880-åra og brukt som mekanisk verkstad. Viste var kjend plogsmed og produserte til saman 5000 plogar. Martinius Nygaard (f. 1869 i Vardal) kjøpte smia i 1926. Her dreiv han fargeri og perse (pressing av vadmål) fram til han døydde i 1956. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1958."
Frå Knut Hermundstads Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Leira fargeri og perse. I 1956 gav dei to sønene til fargar M. Nygård (d. 1956), Sverre Nygård og Magnus Nygard, det gamle fargeriet og persa faren hadde sett i gang på Leira i plogsmia til den kjende plogsmeden Torger Viste. Smiehuset fulgde og med. Dette er det siste fargeri og den siste perse som no er att i Valdres, og som ein kunne få til museet. Den gamle persa og fargeriet til M. Nygard brann ned 1926. Av restane som ikkje hadde brunne og samt nytt reiste har den nye persa og fargeriet gamal stil i plogsmia på Elvelund, heimen og arbeidsstaden til Torger Viste. Elvelund, g.nr. 24, Søre Garli, br.nr. 8 og 9. Elvelund var 3. ...[?] som vart reist på vestsida av Leira elv av Øystein Leira, som dreiv ein mekanisk verkstad der. Denne kjøpte Vidste 1892. Etter Vidste fekk M. Nygård heimen og smia. Her heldt han fram med persing og garving til han døydde. Frå v.-h. : Vevvinde, turkegogn, to fargeri-kjelar innmura i steinomn, perseomn til oppheting av persejarni, reiskapsskåp, persa med jarnstativ, perseskruer [?] og perseplator av sink og persepapp, persebord og fargeriskåp. Olav Rudi har vore på staden og målt alt opp og teikna det. Arbeidet vart sett bort til Gudbrand Skattebu, men han miste livet i spregningsulykke med han laga tomti. Alt var då flytt på staden, og fyrste kvarvet var lagt. Sidan, 1958, fekk K.H. [Knut Hermundstad] Bråten og Breiset til å fullføre arbeidet. Det er verdfullt at den siste persa i Valdres vert teke vare på. Mest like verdfullt er det at smia åt den fremste og siste plogsmed i Valdres vert verna om. I 1960 stod det att å setja inn glas og dør, leggje på skifertaket, laga pipe og omnane og montere innbuet. Sjå teikning og byggeutgreeing."
Frå Harald Hvattum Valdres Folkemuseum 1901-2001 (2001):
"Dette huset har det vore forskjellig verksemnd i. Det var Østen Ivarson Leira (f. 1861) som sette opp huset til smie. Så foreldra hans kjøpte Midtre Hiei i Nord-Etnedal, vart han med hit og selde smia. Torgeir Vidste (1855-1930) kjøpte no smia. Han var ein kjent smed som hadde spesialisert seg på landbruksreiskap. Vidste var født i Vestre Slidre, fekk seg teknisk utdanning i Christiania, og hadde nok tenkt seg ein ingeniørkarriere i hovudstaden. Men så fekk han ein augesjukdom, med det resultat at han ikkje kunne arbeide ved teiknebord. Han flytte difor heimatt til Valdres og starta mekanisk verkstad. Det var spesielt plogane han var kjent for. Produksjonen vart til saman rundt 5000 plogar. Martinius Nygaard (f. 1869 i Vardal) kjøpte lokala etter Vidste. Nygaard hadde tidlegare hatt eit anna fargeri på Leira, som brann ned for han. Han dreiv fargeri og perse (pressing av vadmål) i dette huset, og då Nygaard slutta, vart fargeriet flytt til Valdres Folkemuseum."
Asheim/Karsrud/Klevgaard: Leira i Valdres (2001), s. 29-30:
«Det var vasskrafta frå Leiraelva som gav liv til dei fyrste produksjonsbedriftene på Leira, og til eit fargerikt industrieventyr i mindre skala. Den eldste industriverksemda langs Leiraelva var fargeriet, starta av Anne og Ivar Leira i 1855. I 1887 selde dei på Leira og flytte til Etnedal, der dei var livaursfolk hos sonen Øystein Leira, som var smed og snikkar.»
«Ploga veg. Den meste kjende bedrifta langs Leiraelva tidleg på 1900-talet var Elvelund sag- og plogsmie som Torger Vidste (1855-1930) dreiv. Fabrikken låg på vestsida av elva, om lag hundre meter ovanfor brua. I fabrikkbygningen har det vore ulike verksemder. Det var Øystein Ivarson Leira (f. 1861) som sette opp huset til smie. Seinare selde han smia til Vidste. Vidste kom opphaveleg frå Vestre Slidre. Alt som unggut viste han stort talent som smed. Som 14-åring smidde han låsar, og litt seinare laga han ein bormaskin. Han laga også eit maskingevær. Han var på nippet til å finne opp maskingeværet 30 år før det kom i bruk. Som 23-åring fekk han arbeid på Nylands Mekaniske Verkste. Han tok etter kvart ingeniøreksamen og fekk jobb som maskinkonstruktør. Men han fekk problem med synet og reiste heim for å smi plogar. Han flytte til Leira, der han på 1890-talet kjøpte smia til Øystein Ivarson Leira. I 1901 og 1902 fekk han norsk og svensk patent på ein plog – Vidsteplogen. Fram til 1927 produserte han 5000 plogar. Nokre av plogane vart også eksportert til Sverige og USA. Til vanlig hadde han fem mann i arbeid. Vidste sette opp og leverte maskineri til fem sagbruk, blant anna Bløytjern Sag og Høvel, som han sjølv dreiv fram til han døydde. Ved verkstaden sin på Leira hadde han også sett opp sag og Elvelunds Frørenseri, som kom i drift i 1908 eller litt før. Han leverte dessutan og sette opp maskineri til Fagerlund mølle og Fossheim mølle. Vidare fann han opp ein brotplog som gjorde det muleg for fire hestar å dra plogen. Like før han gjekk bort, hadde han konstruert ein ny plog som etter hans meining skulle slå alle konkurrentar.»
«Den fyrste fargeribygningen stod ved Leiraelva, ifølgje Hermundstad der Valdresbanen kryssa elva. (...) Seinare var Martinius Nygård (1869-1958) fargar på Leira. Han dreiv fargeri frå 1900, og vart gift med Ågot Tønsager. Nygaard leigde eit stykke jord og ein vassrett rett nordanfor Leirabrua av garden Føssbrøtin. Her bygde han seg fargeri, stampe og garvingsanlegg. Nygaard tok i bruk nye fargemetodar - han erstatte plantefarging med bruk av steinkol - og klarte å effektivisere drifta. Han installerte dynamo i fargeriet og fekk elektrisk lys ved hjelp av vasskraft. På Dølemyre etablerte han torvfabrikk for å skaffe brensel til fargeriet. Han bygde også kombinert bustadhus, lagerhus og ekspedisjonslokale på sørsida av Leiraelva. Det var stort sett vevprodukt Nygaard tok imot. I tillegg dreiv han med rensing av klede. Men det vart slutt med vevinga på 1920-talet, og i 1928 braut det ut brann i fargeriet. Han kjøpte derfor sag- og plogsmia til Vidste og starta på nytt. Sønene til Nygaard gav huset til Valdres Folkemuseum i 1958. -- Bildetekst 1: Martinius Nygaard (1869-1958) var fargerimester på Leira frå 1900 til 1958. -- Bildetekst2: Dette er smia som Øystein Ivarson Leira bygde, og som Torger Vidste overtok. Etter fargeribrannen i 1928 kjøpte Martinius Nygaard bygningen og brukte han til fargeri.»
Elles:
Bygningen hadde skifertak på Leira, men etter at han vart flytt til Valdres Folkemuseum på nytt fekk skifertak. Det skjedde i 2012.
ENGLISH:
Elvelund sawmill and plough smithy/Leira frieze cloth and Dyeing Workshop: Built as a smithy in the later half of the 19th century in Leira, Nord-Aurdal by Østen Ivarson Leira (b. 1861), it was sold to Tørjer Ø. Viste (1855–1930) in the 1880s and used as a mechanical workshop. Viste was a famous plough smith and produced a total of 5000 ploughs. Martinius Nygaard (b. 1869 in Vardal) bought the smithy in 1926. He ran a workshop for dyeing and pressing frieze or home spun cloth here until he died in 1956. Rebuilt at Valdres Folk Museum in 1958.
FRANÇAIS:
Forge de scies et de charrues de Elvelund/Presse et teinturerie de Leira: Forge construite par Østen Ivarsin Leira (né en 1861) pendant la première moitié du 19ème siècle, à Leira, Nord-Aurdal. Vendue à Tørjer Ø. Viste (1855–1930) dans les années 1880 et utilisée comme atelier de mécanique. Viste était un forgeron de charrues renommé et a fait 5000 charrues. Martinius Nygaard (né en 1869 à Vardal) a acheté la forge en 1926. Il a tenu une teinturerie et une presse (de bure) jusqu’à sa mort en 1956. Reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1958.
Oppføring: 1880
Usikker dateringGjenoppføring: 1958
Aksesjon: 1956
- Giver/siste eierSverre Nygård og Magnus Nygard
- DigitaltMuseumSearch in «Sverre Nygård og Magnus Nygard»
Classification
Placement
References
- LitteraturreferanseHarald Hvattum Valdres Folkemuseum 1901-2001
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.098
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 27, 2015
- Date updatedNovember 4, 2021
- DIMU-CODE021056021299
- UUID812e389b-43bb-42c5-a8cf-258b565a28ea
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».