Part of exhibition
History
-
Frå føraren ved Valdres Folkemuseum (2012):
"Husmannsstove frå Øvre Fristadplasse, gnr. 57, i Vestre Slidre. Bygd ikring 1750 med opphaldsrom, sengekleve og vasskleve. Over vasskleven er det sengeloft. Tradisjonell innreiing med matskåp, bord, seng og peis. Øvre Fristadplassen vart driven som husmannsplass til ut i 1920-åra. I 1947 vart plassen slegen saman att med garden Fristad (bnr. 57, gnr. 1). Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1954. Øvre Fristadplassen: Frå slutten av 1600-åra, og særleg i tidsrommet 1750–1850, voks det fram eit landbruksproletariat her i landet. Det var husmenn som fekk bruke ein heim, med noko jord til, mot pliktarbeid på den garden som eigde plassen. Denne husmannsplassen er nok av dei større og betre plassane, sjølv om forholda for husmennene i dei øvre fjellbygdene var betre enn på flatbygdene. Innbuet i stogo er tradisjonell med matskåp, bord, seng og peis. Huset inneheld elles livårskleve og vasskleve som også er bu. Over vasskleven er eit lite soveloft. Øvre Fristadplassen var husmannsplass under garden Fristad i Vestre Slidre. Husa er bygd ikring 1750. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1954. På Valdres Folkemuseum er Øvre Fristadplassen plassert som om det var ein husmannsplass under garden Kvie."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950/60-talet):
"Fristadplass-stogo var setohus på Øvre Fristadsplassen under Fristad, g.nr. 57 br.nr. 1 i V.S. Den eldste husmann ein veit om på Fristadplassen, var Ivar Guttormsson. Han var spelemann og gift med ei Marit. Ivar var og skinnfellmakar. Sonen til Ivar og Marit i Øvre Fristadpassen heitte Guttorm og vart husmann i Fristadplassen etter faren. Han var g.m. Sigrid Guttormsdatter frå Kvissel og døde ikr. 1894. Då var han ikr. 80 år. Borna til Guttorm og Sigrid heitte Einar, ugift, Ivar som for til U.S.A. og var spelemann, Kari og Marit som var tvilligar. Guttorm med huslyd sa frå seg plassen og kjøpte Jomis-Moen i Jomis-grendi i V. Slidre. Så vart skreddar Ola Olssen Mosåsen or Mos-grendi husmann på Fristadplassen ikr. 1895 g.m. Marit Jonsdtr. Hansegarden. Ola, sonen deira, var den siste husmann på plassen. Han sa frå seg plassen sumaren 1947. Faren var flink skreddar heime og borte. Fødsla på plassen var 3 kyr, 3 sauer og ei fjorkvige og ein kalv. Guttorm i Øvre Fristadplassen hadde og hest. Det hadde visst og Ivar hatt. Utslåtter: Øvre Slette og Nedre Åbol og to andre, Slåttegjøto. Svaring: 2 vikor slått, 6 mål skurd, 1 vårveke og 1 haustveke og 3 vintervekor. Dertil svara Ola O. Moe kr. 400 i bykselpengar. Vinteren 1881-82 budde det 16 tømmerhoggarar + 7 av husens folk i Fristadsplass-stoga. Det høyrest utruleg ut, men skal vera sant. Dei låg på loftet, på hjellane, i klevane og elles i flattsengar på golvet. Stoga har to tarrar[?], ein i kvart raust, ein vanleg kleve, som var livaursrom og ein vasskleve som dei nytta til buahus. Her var og oppgang etter ein stige til loftet over den vanlege kleven. Også her var det sengeplassar. Byggmeister Ola M. Haugland sette i 1954 opp stoga for kr. 2500. V. Slidre herred kosta køyringi. Samson Bakken fekk bøndene til å køyre Fristadplasshusi ned til vegen på dugnad, i alt var 15 med i dugnaden. Dei fekk fribillett til museet som ei liti takk for arbeidet. Huset er sers fint bygt, og dette og alle husi på plassen er frå ikr. 1750. Alt innbuet er frå Fr.-pl. Det er gåve eller innkjøpt av Ola G. Fristadplassen. Mellom dette var ei beinfløyte og restane av ei beinfløyte, som truleg Ivar Guttormsson, som var spelemann og sers musikalsk, har ått. Ho er truleg frå ikr. 1750. Stoga og dei andre Fristadplasshusi kjøpte V.F. av Jørgen E. Frigstad, i 1952, som hadde fått plassen. Kjøpesummen var kr. 1000, men då fekk museet heimstølen Øydgarden og vedskålen som høyrde til plassen, attpå. Inngangsvegen til plassen gjekk ova stoga og ned til inngangsdøri mellom skålen og stoga. Nokon beinveg som kom inn i tunet mellom stova og stallen, var det ikkje på Øvre Fristadplassen. Lendet på plassetunet var som no på museet, hengjande bratt. Lengdi er 8,5 m og breiddi 5,2 m. Av dette er lengdi på stoga framme 4,9 m og kleven 3 m, alt indre mål. Prisen for stoga var kr. 300. Låven m. løa kr. 900. Stallen og fjøset kr. 300. Men det vert til saman verdsett til kr. 1000. Fjøset var så dårleg at det vart ikkje teke. Dei trur at Ivar Guttormsson Fristadplassen var fødd ikr. 1805. Men det hadde vore husmenn på plassen før. Guttorm Ivarsson var ein bra handverkar. Attåt det var han hødnblåsar og trummeslagar. Desse instrument nytta han m.a. til å skræme vekk bjørn og andre udyr. Kjerringi hans Guttorm, ho Sigrid Guttormsdtr. frå Kvissel, var namngjeten bygdedokter. Når folk var sjuke gjekk dei til henne. Ho laga plåst[?] og medikament åt sjuklingane. "Ein gong fekk far og eg elveld ?]", sa Eivind E. Frigstad. " Det var kring 1892. Å gjekk vi til henne Sigrid. "Ho blanda til noko gras og brende det. Så laut me stå nakne over røyken med ein skinnfeld over oss. Og gode att vart me." Det var nok morilgras[?] eller linea ho brende. "Ein annan gong hadde Nils Evensson eller Nils Skomakaren frose forderva på føtene sine. Då laga ho Sigrid til noko plåst[?]. Men fyrst vaska ho føtene i noko støypils, truleg grisegalder som var støypt i brennevin. Så smurde ho tærne inn i plost[?], og Nils vart god att." Eine sonen til Guttorm og Sigrid var Einar. Han fekk fela etter bestefar sin, Ivar. Han spelte litt sjølv og. Då Einar døydde på Moen i Jomis-grendi, kjøpte Jørgen Ringestad fela hans, og ho er på Ringestad endå. På fela truleg står årstali 1824, og på feleskrinet truleg 1825. Det var garden Fristad som let til til tømra åt husi. Men plassmannen tømra dei opp. Retten plassen hadde var ved, tømmer til husvøling og gjerdefang. Så hadde plassen Stakkstøe på sletta oppe i granskogen ova garden. Men så fekk han lov til utvide heimemarki si, og då slutta han slå Stakkstøe. Hesten hans Guttorm i Øvre Fristadplassen var ein liten nordhest (nordfjording). Han hadde vant han til å gå med trugar. Plassen hadde heimstøl på Øydgarden (selet står på V.F.), og langstølen står på Synda. Det var eit stølsjorde på kvar stad som plassen hadde. På plassen var det 4-5 mål åker. Av det var 1/4 mål potetland. Åkeren var årsikker. Ola bur no (1960) hjå Øystein Mo på garden hans."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres" i Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Fristadplasstova frå Vestre Slidre har vanleg 3-romsplan med peisestove, vassklæve og klæve. Vassklæven var klede- og matrom. Loftet oppå var sengerom. Stova har sperretak med mønsås og sideåsar under kvar takflate. Over sperrene er glattkanta breie bord. Frå raust til raust går to vaglåsar med hjell over dørene til klæven og vassklæven."
I 1956 vart Ola Frigstadplassen gjort til æresmedlem av Valdres Folkemuseum, fordi han ga Frigstadplassen med mykje innbo til museet.
ENGLISH:
Cotter’s cabin from Upper Fristad: Cotter’s home from Upper Fristad place in Vestre Slidre, built around 1750 with living room, bedroom and scullery. Above the scullery was a bedroom. Traditional furnishing with cupboard, table, bed and fireplace. Upper Fristad was run as a cotter’s farm until the 1920s. In 1947, the cotter’s farm once more became part of Fristad Farm. Rebuilt at the museum in 1954. Upper Fristad cotter’s farm: From the end of the 17th century but especially during the period 1750–1850, a farm labouring class came into being. In return for a cabin and a patch of land, the cotter had to do certain work on the farm the cabin and the patch belonged to. Upper Fristad cotter’s farm is one of the larger and better ones, even taking into account that conditions for cotters in the mountain valleys were better than in the more favoured lowland farming districts. The furnishing is traditional, with a food cupboard, table, bed and fireplace. The house also has a smaller bedroom for the elderly people on the farm and a scullery which also serves as a store room. Above the scullery is a small sleeping loft. Upper Fristad place came under the farm Fristad in the Vestre Slidre. The houses were built around 1750. The place was reconstructed at the museum in 1954. It has been placed as if it were a cotter’s farm belonging to Kvie Farm.
FRANÇAIS:
Maison de Øvre Fristadplasse: Maison de tenancier de la ferme Øvre Fristadplasse, à Vestre Slidre, construite vers 1750. La maison comporte une salle de séjour, une chambre et une pré-cuisine. Au-dessus de la pré-cuisine, il y a une chambre sous les combles. Aménagement traditionnel avec garde-manger, table, lit et cheminée. Øvre Fristadplassen a été exploité en tant que ferme de tenancier jusqu’aux années 1920. En 1947, la ferme a été réunie à la ferme Fristad. Reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1954. Øvre Fristadplassen: De la fin du 17ème siècle et surtout pendant la période 1750–1850, on a vu un prolétariat rural se développer en Norvège. Les tenanciers pouvaient habiter une petite ferme avec un petit terrain contre du travail obligatoire à la ferme dont ils dépendaient. Cette ferme de tenancier est parmi les grandes et bonnes fermes. Les conditions des tenanciers dans les villages de montagne étaient meilleures que celles des tenanciers dans les villages de plaine (au sud de Valdres). Le mobilier de la maison est traditionnel ; garde-manger, table, lit et cheminée. Il y a aussi une chambre et une arrière-cuisine qui servait aussi de remise. Au-dessus de la remise, il y a une chambre sous les combles. Øvre Fristadplassen était une ferme de tenancier dépendant de la ferme Fristad, à Vestre Slidre. Les maisons sont construites vers 1750, et reconstruites à Valdres Folkemuseum en 1954. Au musée, la ferme de tenancier Fristadplassen est placée comme si elle dépendait de la ferme Kvie.
Oppføring: 1750
Gjenoppføring: 1954
Aksesjon: 1953
- Selger til museetFrigstadplassen, Ola O. (1896 - 1978)
- Tilholdssted,Norge Oppland Vestre Slidre Lomen Øvre Frigstadplassen
- Alternative namesOle O. Frigstadplassen
- GenderMann
- Other informationOle O. Frigstad (1896-1978) : Tidligre var registrert livstid for Ole O Frigstad 1896-1978 i denne personposten. Det er nå usikkert hvor disse datoene kommer fra.
-
- LitteraturreferanseLeriah, O. 1954. "Gåver til Valdres Folkemuseum", Valdres, torsdag 1. april 1954
- LitteraturreferanseHermundstad., K. 1952. "Valdres Folkemuseum får innbu til Frigstadplass-husi", Valdres, lørdag 20. desember 1952
- Litteraturreferanse"Den første husmansplassen- Frigstadplassen frå vestre Slidre - reist på Valdres folkemuseum", Valdres, torsdag 30. juni 1955
- Litteraturreferanse"Valdres Folkemuseums gjestebod for alderspensjonistar ein suksess" Valdres, lørdag 8. juli 1972
- DigitaltMuseumSearch in «Frigstadplassen, Ola O.»
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
-
- LitteraturreferanseK. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres" i Valdres Bygdebok V del 2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.067
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 27, 2015
- Date updatedNovember 1, 2023
- DIMU-CODE021056020952
- UUID86b337f3-5338-4164-bbee-afa2ab134ad3
- Tags
- Mo
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».