Part of exhibition
History
-
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Lauvløa stod på Tøso, nord for Kviturda (steinurd på austsida av Vangsmjøsa). Høyrde til garden Sygarde Nørre Hamre, gnr. 59, bnr. 2. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1977. Høy var det beste dyrefôret, men gardane hadde ikkje areal nok til å fø dyra berre på høy. Det måtte derfor skøytast på med anna fôr. Kvist og lauv vart lagt saman i buntar, og til tørk i eigne løer. Om vinteren køyrde dei lauvet til gards på slede. Lauvløa er ei halvtekkje, lafta av ospetømmer frå staden. Løa er tekt med villheller, også frå staden. Under løa er det steinmura rom mot ein jordfast stein."
Frå Harald Hvattum Valdres Folkemuseum 1901-2001 (2001):
"Høy var det beste dyrefôret, men gardane hadde ikkje areal nok til å fø dyra berre på høy. Det måtte difor skøytast på med anna fôr. Mose, skav (avflekka bork frå lauvtre), beit (kvistar frå gran, furu, osp og selje), ris (bjørkekvistar) og lauv var det ein nytta. Lauvet vart lagt saman i passelege buntar, kalla kjervar. Kjervane kunne bli lagde til tørk i eigne løer, som lauvløa frå Hamre. Dei var òg ofte tørka i lauvkuver. Ein la då kjervane rundt ei høveleg stor gran. Kjervane vart lagde med toppen inn og litt på skrå oppover, slik at vatnet rann av. På toppen vart det laga ei hette av granbar."
ENGLISH:
Leaf Barn from Hamre: Leaf barn from Tøso to the north of Kviturda, belonging to Sygarde Nørre Hamre. Reconstructed at the museum in 1977. Hay was the best fodder but the farms did not have enough land to feed their livestock on only hay. The shortage had to be made up somehow. Twigs and leaves were gathered in bundles and dried in special barns. In winter the bundles were brought home on sleighs. The barn was built of aspen logs chopped down on the spot and had a lean-to roof covered with local stone flags of uneven size. Under the barn is a room of stone built against a large rock too big to move.
FRANÇAIS:
Fenil de feuilles de Sygarde Nørre Hamre: Le fenil de feuilles se trouvait d’origine à Tøso, au nord de Kviturda (un éboulis de roches sur le côté l’est du lac Vangsmjøsa) et appartenait à la ferme Sygarde Nørre Hamre. Le fenil a été reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1977. Le foin constituait le meilleur fourrage pour le bétail, mais les fermes n’étaient pas assez grandes pour nourrir le bétail. Il fallait donc rajouter d’autre fourrage. Des rameaux et des feuilles étaient mis en bottes et mis à sécher dans des fenils particuliers. En hiver, les feuilles étaient transportés jusqu’à la ferme en traîneau. Le fenil de feuilles a le toit en appentis et est construit en bois de tremble du coin. Le fenil est couvert de dalles naturelles, aussi du coin. Au-dessous du fenil, un mur de pierres construit contre un rocher forme une cave.
Gjenoppføring: 1977
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
- LitteraturreferanseHarald Hvattum Valdres Folkemuseum 1901-2001
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.061
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 27, 2015
- Date updatedDecember 3, 2021
- DIMU-CODE021056020489
- UUID8e62bd2b-a6bf-442f-b7cd-a56cf3fc4cb0
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».