Part of exhibition
History
-
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Bygd i 1854 av Knud Knudsen Neste frå Vestre Slidre, i Decorah, Iowa. I 1869 vart huset flytt då jernbanen vart lagd tvers over gardstunet. Familien budde i huset fram til 1876; etter den tid var huset bustad for tenestefolket. Seinare vart huset brukt som stabbur for lagring av korn og mais. Huset var òg hønsehus i mange år. Då fekk huset panel, også over glasopningane, med unnatak av det vesle glaset ved døra. Ein av veggene har ikkje panel. Grunnen til det er at eit hus vart bygd inntil. Dette vart seinare fjerna. I 1940-åra var huset verkstad og garasje for farmens fyrste Ford traktor. Då fekk huset doble dører. Same familie eig enno farmen. Valdres Folkemuseum fekk huset i gåve i 2004. I 2005 vart huset rive, frakta til Valdres og oppsett på museet. I 2007 vart huset innreidd med 70 gjenstandar frå same farmen."
Frå heimesida til Valdresmusea (juli 2015):
"Utvandrarhistorie er eit viktig arbeidsområde for Valdres Folkemuseum. Den fyrste utvandringa frå Valdres ein kjenner til var då Gul Guttormsen Ildjarnstadhaugen frå Hedalen drog over i 1843. Mesteparten av utvandringa skjedde i perioden 1860-1880. Utvandringa frå Valdres var den nest største i landet, sett i samanhang med befolkningsgrunnlaget. Overbefolkning (i forhold til ressursgrunnlaget), fattigdom, eventyrlyst og etterkvart dei mange Amerika-breva var viktige drivkrefter for dei som drog over.
AMERIKAHUSET. Utvandrarhuset på Valdres Folkemuseum vart oppført i 1854 av Knud Knudsen Neste frå Vestre Slidre, ved Decorah, Iowa. Familien Neste budde i huset fram til 1876, då vart det reist nytt hus på garden. Frå 1876 vart huset brukt som bustad for tenestefolk. Sidan har huset vore nytta som stabbur for korn og mais og seinare hønsehus. Då vart huset panelt på tre veggar, også over glasopningane, med unnatak av eit lite glas ved døra. Den fjerde veggen er ikkje panelt. Grunnen til det er at eit anna hus vart reist inntil. Dette vart seinare fjerna. Frå 1940-åra var huset gardsverkstad og garasje for farmens fyrste Ford-traktor. Då vart det sett inn doble dører. Same familie eig enno farmen. I 2004 fekk Valdres Folkemuseum huset i gåve. Huset vart rive og frakta til Valdres i samarbeid med Vesterheim Norwegian American Museum i Decorah og Norsk Utvandrermuseum på Hamar. Huset vart gjenreist i 2005.
THE AMERICAN HOUSE. This pioneer log house was built 1854 by Knud Knudsen Neste from West Slidre, Valdres, outside Decorah, Iowa. It was moved 1869 when a railway was built over the farm. The family lived in the house until 1876, and from then on it was used for hands and helpers.Later the house was a granary and corn crib for storing grain and corn, and even later a chicken house. The house got panelling on three walls and over the window openings, except a small window by the door. The fourth wall was covered by another building, which was later removed. From the 1940s the house was used as a farm workshop and garage for the farms first Ford tractor. Then the house had double doors. The farm is still owned by the Neste family. They donated the house to the Valdres Folkemuseum in 2004, and it was dismantled and shipped to Valdres in cooperation with the Vesterheim Norwegian American Museum in Decorah and the Norwegian Emigrant Museum in Hamar. The house was rebuilt at the Valdres Folkemuseum in 2005."
ENGLISH:
Emigrant house from America: Knud Knudsen Neste from Vestre Slidre built this house in Decorah, Iowa, in 1854. In 1869 the house was moved when the railroad was built right across the farmyard. The family lived in the house until 1976, after which it served as servants’ quarters. Later it was used as a storehouse for corn and maize. It also served as a henhouse for many years. Then the outside was panelled, over the windows too with the exception of the small window by the door. The fourth wall is not panelled because an extension was added on this side. The extension was later pulled down. In the 1940s the building was a workshop and garage for the farm’s first Ford tractor. Then the house got double front doors. The same family still owns the farm. The house was given the museum as a gift in 2004. In 2005 the building was pulled down, transported to Valdres and put up here. In 2007 the house was furnished with 70 items from the same farm.
FRANÇAIS:
Maison d’émigrants, provenant d’Amérique: La maison est construite par Knud Knudsen Neste de Vestre Slidre, à Decorah, Iowa. En 1869, on a dû déplacé la maison quand la ligne de chemin de fer a été mise au milieu la cour de ferme. La famille habitait la maison jusqu’en 1876, dès lors, la maison a été le domicile des valets de ferme. Plus tard, la maison a servi de grenier à blé et à maïs. La maison servait aussi comme poulailler pendant plusieurs années. A cette époque, la maison a été revêtue de boiseries, les fenêtres étaient aussi couvertes à l’exception de la petite fenêtre près de la porte. Un des murs n’était pas revêtu, parce une autre maison était construite contre celle-ci. Cette maison a été enlevée plus tard. Dans les années 1940, la maison a servi de garage pour le premier tracteur à la ferme, un Ford. Pendant cette époque, la maison a eu des doubles portes. La même famille est propriétaire de l’exploitation aujourd’hui. Valdres Folkemuseum a reçu la maison en cadeau en 2004. En 2005, la maison a été déconstruite, transportée à Valdres et reconstruite au musée. En 2007, la maison a été aménagée de 70 objets venant de la même ferme.
Oppføring: 1854
Flytting: 1869
Gjenoppføring: 2005
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.056
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 27, 2015
- Date updatedApril 25, 2024
- DIMU-CODE021056020249
- UUID7da17f6c-03cc-4c23-abf8-ff632e27fc6e
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».