Part of exhibition
History
-
Frå skilt på Valdres Folkemuseum (2012):
"Loftet frå garden Bergji, gnr. 11, bnr. 6, i Nord-Aurdal, skal vera bygd av Knut Tørjersson Bergji i 1663. Ombygd og flytt til småbruket Bergvang, gnr. 11, bnr. 13, i 1912. Opphavleg rausta i motsett retning. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1974. Nede var det lagerrom, oppe var det sengeloft. Merka etter sengene syner enno i veggen."
Frå det udaterte notatet "Loftet frå Bergvang i Skrautvål", usignert (men truleg skrive av ein av konservatorene som var ved Valdres Folkemuseum på 1970-talet), i 413 Loftet frå Bergvang/Berge i husarkivet til Valdres Folkemuseum:
"Loftet frå Bergvang i Skrautvål: Valdres Folkemuseum har nettopp avslutta rivininga av eit buahus, eigentlig eit gamalt loft på Bergvang i Skrautvål. Huset, som truleg blir det nest eldste på museet, har museet fått som gåve frå Martin Berge. Han har også gjeve museet ei stue og mykje innbu, alt saman slikt ein er takksam for å få. Loftet har vel, i alle fall i fyrste omgang, størst interesse for publikum, og vi skal her fortelje litt om det: Huset var bygt på 1600-talet på Nedre Berge. På døra inn i underbua står KTS 1663. Årstalet på døra samsvarar godt med den dateringa ein ville kome fram til ved å studere laft- og husform. Bokstavene KTS står for Knut Torgerson. Han var gardbrukar på Nedre Berge på den tid. Han var fødd omkring 1606 og døydde omlang 1670. Etter tradisjonen skulle døra til loftet (andre høgda) skrive seg frå den gamle kyrkja som sto på Åbol. Denne opplysninger er interessant, jamvel om det er lite som tyder på at han er historisk riktig. Gamle profane hus har hatt låge og breie dører, medan dei dørene vi kjenner frå gamle kyrkjer som ennå står, er høge og etter måten smale. Men loftet var i eldre tid ein så sentral bygning på garden, at ein gjerne ville ha påkosta dører der. Tydelegast kan vi her i Valdres sjå dette frå Hovi i Øystre Slidre, som no står på Valdres Folkemuseum. (...) I Bergeloftet var det merke i veggen etter "1/2 sengeste", som det heitte før, ei seng med framfjøl og gavl, som var festa til veggen. (...) Loftet frå Berge vart i 1912 flytt til Bergvang. Knut Berge hadde då selt hovudbølet. Dei fleste etterkomarane hans hadde flytt til Amerika, og han såg vel ingen grunn til å halde på garden. Ved sida av loftet, flytte han med seg den gamle stua frå garden. Ved dette høvet vart loftet ein del forandra. Raustet vart snudd og det gamle sperretaket var ombytt med åstak. Eit målarstykke av Arne Berger, sonen til Knut, viser korleis loftet såg ut for det vart flytt, og merke i veggene fortel det same. (...)"
Frå særoppgåve om Bergjiloftet, skrive av Marit Sofie Håvelsrud og Anne Marie Solbrekken (Valdres Gymnas, 1976) (Opplandsarkivet, avd. Valdres Folkemuseum):
- "Døra i andre høgda på loftet sies å være en kirkedør. Men det er litt uvisst hvor denne døra kommer fra. Konservatoren på Valdres Folkemuseum, Kolbein Dahle, meiner at etter tradisjonen skulle døra være frå den gamle kirka som stod på Åbol. Men Gunnar Skrutvold derimot, meiner at døra kommer fra kirka på Døvre."
Frå særoppgåve om Bergjiloftet, skrive av Jarle Haugo og Knut Arne Johansen (Valdres Gymnas, 1976) (Opplandsarkivet, avd. Valdres Folkemuseum):
- I fyrste høgda er det jordgolv, medan det i andre høgda er tregolv.
- Trappen er sjeldan. Den er konstruert av tjukke firkanta stokkar som er lagt oppå kvarandre, og dreid ut i vifteform.
- Martin Berge på Bergvang gav V.F. loftet i gåve i 1973.
ENGLISH:
Log storehouse from Berge Farm: Log storehouse from Berge Farm in Nord-Aurdal is said to have been built by Knut Tørjersson Bergji in 1663. Rebuilt and moved to the smallholding Bergvang in 1912. The gable has been turned around. Reconstructed at the museum in 1974. Downstairs is a storeroom, upstairs a bedroom. Marks after the beds still show on the walls.
FRANÇAIS:
Grenier de Bergji: Le grenier de la ferme Bergji, à Nord-Aurdal, aurait été construit par Knut Tørjersson Bergji en 1663. Reconstruit et transféré à la petite ferme de Bergvang en 1912. A l’origine, les chevrons étaient posés dans la direction opposée. Le grenier est reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1974. En bas, il y avait une réserve, à l’étage il y avait une chambre sous les combles. Les marques des lits sont encore visibles dans le mur.
Oppføring: 1663
Endring: 1912
og fløtt samtidigGjenoppføring: 1974
Aksesjon: 1973
- Giver/siste eierBerge, Martin
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
- LitteraturreferanseTidsskrift for Valdres historieleg, bind 8
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.042
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 26, 2015
- Date updatedApril 25, 2024
- DIMU-CODE021056020003
- UUIDa8fac8c9-dfb1-427e-ac55-ffba85779b7d
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».