Part of exhibition
History
-
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Bygd ikring 1825 på garden Dale, gnr. 109, bnr. 12, i Nord-Aurdal. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1973. Huset har vore bustad for gardbrukarfolket på ein mindre gard. I storgardstunet på museet har det funksjon som styrar- eller paktarbustad. Huset er innreidd slik det var vanleg i siste halvdelen av 1800-talet. 6. desember 1823 stod det eit bryllaup på Dale. Under festen kom det inn nokre karar som ville ta bror til brudgommen, då dei meinte han hadde fått kjøpt ein gard dei sjølv skulle ha hatt. Under slåstkampen trekte bror til brudgommen kniv, og to av angriparane vart drepne. Historia var til inspirasjon for Johan Sebastian Welhavens dikt ”Åsgårdsreien”.
Frå Harald Hvattum "Valdres Folkemuseum 1901-2001" (2001):
"(...) Ei gamal segn om eit drap er knytt til dette huset. Segna er knytt til eit bryllaup førjulsvintaren 1823, men det er uvisst om huset er gammalt nok til å ha vore åstad for drapet. (...) Hendinga vart teken med i Andreas Faye si bok, "Norske Folkesagn", i 1833. Her fann diktaren Johan Sebastian Welhaven henne og brukte stoffet som inspirasjon til diktet "åsgårdsreien" i 1844. Spelemannen heldt fram med å spela under slåsskampen. Låtten han spela då det vart trekt kniv, har sidan hatt namnet "Kjørstaddrepen".
Frå ein lapp underskrive av Kolbjørn Dahle i 16/8-1974, under 413 Dalestova i husarkivet til Valdres Folkemuseum:
"Gamle på Dale har fortalt til Harald Magistad at bryllaupet på Dale eigentleg sto i ei større og eldre stogo som sto nedst i tunet. Men det vart slike fælske av dette huset etter bryllaupet at dei bygde eit nytt, og reiv det gamle."
Frå Harald Hvattum: Gard og bygd i Nord-Aurdal band F (2019), side 509-601:
"Under matrikkelførearbeidet i 1866 hadde Øvre Dalé 10 dekar dyrka areal. Jordsmonnet var mold med steingrusbotn. Naturleg eng var 9 dekar. Det var mogleg å dyrke opp fire dekar. På ein støl 1/2 mil frå garden kunne dei dyrke 6 skippund høy. Høveleg utsæd var 1 1/2 tønner bygg og 4 tønner med potetar, noko som gav kring 5 fold. Fôrressursar elles var 10 skippund høy. Høveleg dyretal var 3 kyr og 6 småfe. Øvre Dalé hadde på den tida nokonlunde nok skog til husbruk, og nok hamne."
"6. desember 1823 skulle Timann Eriksson gifte seg for andre gong. Under bryllaupsfeiringa skjedde det ei tragedie, då broren Ola Eriksson Kjørstad vart dregen inn i eit slagsmål med Haldor og Tølleiv Timannssøner frå Øvre Røvling 111/12. Det gjekk ikkje betre enn at dei to sistnemnde vart drepne. Rettsaka mot Ola enda opp i Høgsterett, der han vart frifunnen. Hendinga vart skrive om i Fayes «Norske folkesagn» i 1833. Diktaren Johan Sebastian Welhaven kom over denne historia og nytta henne som bakgrunnsmateriale til det kjende diktet «Asgaardsrejen» i 1844. Stova der tradisjonen fortel at drapa skjedde, er flytt til Valdres Folkemuseum på 1970-talet, men det er usikkert om det var i denne stova drapet verkeleg fann stad. I bygningsarkivet på Valdres Folkemuseum er det fortalt at bryllaupet på Øvre Dalé eigentleg sto i ei større og eldre stogo som sto nedst i tunet. Men det vart slike fælske i dette huset etter bryllaupet at dei bygde eit nytt, og reiv det gamle. Det er òg usikkert om huset på muséet er bygt så tidleg som i 1820-åra." "Det er skrive ein god del om drapa på Øvre Dalé, sjå til dømes 1) «Valdres Bygdebok 6», s. 266 2) Hellund-Hansen, Kjeld: Det blodige julebryllupet. «Tidsskrift for Valdres Historielag» 1963, s. 64-73. 3) Hådem, Ola Terje: Dale-bryllaupet. Rettskjeldene. Ei samling av rettsdokumenta om det blodige bryllaupet i Valdres 6. desember 1823. Leira i Valdres 2008. 4) Hådem, Ola Terje: Det blodige bryllaupet. Ein dokumentarroman om Dale-bryllaupet i Valdres den 6. desember 1823. Leira i Valdres 2008. 5) Ødegaard; O. K.: Gamalt fraa Valdres. Oslo 1911. S. 159-165: Bryllaupe paa øvre Dale. 6) Hvattum, Harald: Valdres Folkemuseum 1901-2001. Valdres Folkemuseum 2001, s. 94. 7) «Årbok for Valdres» 2017, s. 216. 7) Jordet, Thore S.: Våre røtter. Slekter fra Valdres og Grenland. Thore Jordet Bokforlag 2018, s. 6, 130."
Frå notat av 29.8.1990 rk/mp, i permen om bygningene i husarkivet til Valdres Folkemuseum:
"29.8.1990 hadde vi besøk av Borghild Dale Hasvollseter (...) 85 år, født og oppvokst på Øvre Dale (...). Istandsettinga og innredinga ble stort sett godkjent. Døra inn til kleven og ovnen var ukjent, men det visste vi. Til venstre for peisen for peisen har det vært bord til å slå opp på veggen, og foran det sto en stor vedkomfyr. Til høyre for peisen sto en stor stabbe med separtor på. Mellom vinduene på gavlveggen i stogo har det vært ei stogoklokke, som Borghild har sjøl. Det hang også en telefon på veggen, som det synte merke etter. I hjørnet ved høgsetet var det hjørneskap (roskåp). Matskapet og fatskapet er korrekte, likestå plassering av hengehylle og stang i himlingen. I kleven var det ei uttrekksseng og et rundt bord. Stanga brukte Borghild en gang til å sette mellom peisen og inngangsdøra, for å holde inntrengere ute. Borghild mente at det omskrevne drapet hadde foregått i denne bygningen."
Folketelling 1865:
Nord-Aurdal Dahle gnr 109.12 løpenr 330
1 husholdning / 1 bolighus
Bebuarar:
Erik Thidemandsen / gardbrukar, sjølveigar / 35 år
Anne Thidemandsen / hans kone / 35 år
Thidemand Eriksen / hans far, føderådsmann / 77 år
Guri Knutsdatter / hans kone, sypige / 67 år
Guri Thidemandsdatter / deres datter / 40 år
Jordbruksinformasjon:
Utsæd: 1/24 tønne rug, 1 1/2 tønne bygg, 2 tønner poteter
Dyr: 1 hest, 3 storfe, 6 får
Husmenn under 109.12:
1 husholdning / 1 bolighus
Anders Andresen / husfar, husmann med jord / 59 år
Mali Ivarsdatter / hans kone / 57 år
Peder Andersen / deres sønn / ugift / 24 år
Ragnhild Andersdatter / deres datter / ugift / 13 år
Ingri Knutdsdatter / hans mor, føderådskone / enke / 83 år
Gjertrud Andersdatter / inderst / enke / 52 år
Ole Olsen / hennes sønn / 11 år
Jordbrukdsinformasjon:
2 storfe, 6 får, 3 geiter
Utsæd: 1/2 tønne bygg, 4/16 tønne erter, 2 1/2 tønne potet
ENGLISH:
Cabin from Dale: Built about 1825 on Dale Farm in Nord-Aurdal, reconstructed at the museum in 1973, it was the farmhouse on a smaller farm, but now represents the house of a tenant farmer or farm manager on a larger farm. It is furnished in the customary manner in the second half of the nineteenth century. 6 December 1823 there was a wedding at Dale. During the reception some men came who wanted to beat up the groom’s brother because they thought he had bought a farm they should have had. During the fight the brother drew his knife and two of the attackers were killed. The story inspired Joahn Sebastian Welhaven’s poem “Åsgårdsreien” (a crowd of evil spirits and ghosts on black horses sweeping people with them, especially at Christmas).
FRANÇAIS:
Maison de Dale: La maison a été construite vers 1825 à la ferme Dale, à Nord-Aurdal, et reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1973. C’était la maison des cultivateurs d’une petite ferme. Dans la cour de ferme reconstruite au musée, la maison fait fonction de maison du directeur ou du métayer. La maison est agencée selon les habitudes de la dernière moitié du 19ème siècle. Le 6 décembre 1823, il y a eu un mariage à Dale. Aux noces, quelques hommes sont venus attraper le marié prétendant qu’il avait eu l’occasion d’acheter une ferme à laquelle ils auraient du avoir le droit. Le frère du marié a tiré un couteau pendant la bagarre et deux agresseurs ont été tués. Cette histoire était l’inspiration de l’écrivain Johan Sebastian Welhaven en écrivant le poème ”Åsgårdsreien”.
Oppføring: 1825
Gjenoppføring: 1973
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
-
- LitteraturreferanseTidsskrift for Valdres Historielag
- LitteraturreferanseValdres Bygdebok 6, s. 266, om Kjørstaddrapet
- LitteraturreferanseHvattum, Harald: Valdres Folkemuseum 1901-2001. Valdres Folkemuseum 2001, s. 94.
- LitteraturreferanseHådem, Ola Terje: Dale-bryllaupet : rettskjeldene : ei samling av rettsdokumenta om det blodige bryllaupet i Valdres 6. desember 1823. Leira i Valdres 2008
- LitteraturreferanseHellund-Hansen, Kjeld: Det blodige julebryllupet. «Tidsskrift for Valdres Historielag», s. 64-73.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.041
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 26, 2015
- Date updatedDecember 3, 2021
- DIMU-CODE021056020002
- UUIDdb9b44e1-2e9c-4b03-afbe-06f2df3f4d2b
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».