Part of exhibition
History
-
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Bygning frå garden Flatigarde. Frå garden Flatigarde, gnr. 115, bnr. 2, i Etnedal. Bygd ikring 1750. Flytt til Valdres Folkemuseum i 1952–1953. Flatigardsbygningen er døme på ein storgardsbygning med stildrag frå rokokko (1750–1790) og nyklassisisme (1780–1840). Tradisjonell tømmerbygning som i 1838 vart ombygd i nyklassisistisk stil, med utvendig panel, søyle- og mursteinsimitasjon. Bortsett frå den faste innreiinga som fylgde bygningen frå Flatigarde, er huset innreidd med møblar og utstyr etter lagtingspresident og lensmann Helge Thune og syster hans, Marit, begge frå Vang i Valdres."
Frå Knut Hermundstad handskrevne "Husbok for Valdres Folkemuseum" (1950-talet):
"Olav Rudi, Rust, og styremedlem i V.F. ei lang årrekkje, varsla i 1952 om at på Flatøydegarden var det mykje gamalt som Fredrik Ringnes, som åtte garden, ville gje til museet. Det var også gamle verdfulle hus her, som ein burde sjå på. Museumsstyraren, som då også var form. i styret, for så til Flatøydgarden, og saman med Olav Rudi såg me på dei gamle sakene og på den gamle Flatøydegards-bygningen og innsejingsbui. Det gjekk så at me fekk eit lass med gamalt. Då me seinare - den 31.5.1952 - henta sakene, spurde me Rignes om han var viljug til å gje den gamle bygningen og innsetjingsbui til museet. Etter litt omtanke gjekk han med på dette. Det var eit storfelt gåve. V.F. nemnde Ringnes ut til æresmedlem for denne gjerning. Olav Rudi som og hadde arbeidt mykje med denne saki, fortener stor takk. Seinare fekk V.F. arkitekt Arne Berg i Norsk Folkemuseum oppover. Han såg på båe husi og tilrådde at med burde ta dei. Flatøydegardsbygningen er frå Bruflat sokn i Etnedal og stod på garden Flatøydegarden, g.nr. 115, br. nr 2. Huset er omlag 12,5 m og 9,8 m br. tvihøgda med 5 .. i kvart rausteside. Arne Berg hjelpte oss så museet fekk ein arkitekt, Greta Rydtun, til å laga fullstendige teikningar av huset i 1952. Ein visar til desse teikningane. Dei kosta 1800 kr. Av det bar Riksantikvariatet kr. 900,- [Seinare påført på notatene: Riksantikvariatet fekk då originalteikningane.] I 1952 og 1953 vart huset flytt. Etnedal herad kosta køyringi til museet. Bråten og Breiset tok på seg arbeidet og på årsmøte i 1955 var huset sett oppatt som ein del av eit Etnedalstun. Storstoga i 1. høgd vart straks måla oppatt med dei gamle fargor. Ove Kvale frå Riksantikvariatet var på staden og tok ut og fastsette den gamle fargen som hadde vore på huset både inne og ute. Utanpå var det klint kvit måling. Men museet hadde ikkje råd til å måle anna enn storstoga. Ein laut og bygge inn att det gamle, skadde golvet i Storstoga. Når museet får råd bør dette skiftast ut med breie golvplankar. Huset vart sett på flataste og finaste tomti i Storøyi og slik at ein ikkje stengjer seg når ein vil utvide tunet med fleire hus. Sumaren 1959 sytte den nye museumsstyraren for at huset vart måla utanpå med den planlagde gamle fargen som Ove Kvåle hadde teke ut. Han fekk fritt farge hjå Alf Bjerke, Oslo. Huset er frå ikr. 1700 og det syner korleis setohuset var på ein storgard i Valdres. Det store kjøkenet med den flotte peisen er sermerka. Merk og dei fine dørlås, som vitnar om høg smedkunst. Bak peisen var nedst leigdasengi for årsleigdi og øvst budeiesengi med kikhol ut i storstoga. Frå den opne svalgangen går ein gjennom ei fin rokokkodør inn i storstoga. (...) Rett over storstoga er salen med to gamle himmelsenger med gamal måling. (...) Over kjøkkenet er det to rom. Både var soverom. (...) Herifrå går det dør opp på det store loftet som var lagerrom for klede og anna. Huset var opphaveleg berre tømra og utan panelling uta og inne. Men ikr. 1830-40 har huset gjennomgått ein stor reparasjon. Veggen mellom storstoga og kjøkkenet er flytt mot kjøkkenet omlag ein meter. Huset er no panelt uta og inna, slik det er no. Vidare er det sikkert måla slik det no er. Truleg er dei ettermåten storruta glas sett inn då. Bygningen har og fått nytt skifertak. På ein takstein stod årstalet "Anno 1838". Kven som har bygd huset, måla det eller gjort smedarbeidet, har det vore uråd å få greie på. "
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres" i Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Hovudbygningen frå Flatøydgarden i Etnedal, med den enkle planen bak den opne svalgangen med deira støyler, er ei svært interessant blanding av langloftsbygning og klassisisme. Huset er eit laftehus, truleg bygd ikring 1700, men ombygd og gjeve ei ny drakt ikring 1830. Huset har 2-romsplan i begge høgdene med svalgang utanfor. I begge endane av svalgangen i begge høgdene er det små rom som nok er komne til under ombygginga. Huset har da og fått panel utvendig, og glasa er skifta ut med nye. Førebiletet med ombygginga er tydeleg panelarkitekturen på herregardane og hjå verkseigarane utover på flatbygdene og i nærleiken av byane. Det var framleis dårleg med samferdselsmiddel, men ein viss kontakt hadde ein med utanverda, serleg gjennom embetsmennene og dei rikaste bøndene som reiste i forretningsføremål. (...)"
Frå Harald Hvattum: Valdres Bygdebok - Gard og bygd i Etnedal - Bind B (1990):
"Utanom Bjørn og Guri var det i 1865 6 tenestefolk, 1 legdelem og 1 livaurskone med i hushaldet som skulle leve av garden."
"Flatigarden hadde tre (husmanns-)plassar i 1782. I 1801 hadde talet auka til fem. I midten av 1820-åra var talet oppe i ti, og dette heldt seg stabilt heilt til i 1860-åra."
Frå heimesida til Valdresmusea.no per 7. juli 2015:
"På eit gamalt, gulna papir har folkeminnegranskaren Knut Hermundstad (1888–1976) skildra korleis det gjekk til då Flatigardsbygningen vart flytt til Valdres Folkemuseum. I 1952 varsla eigaren av Flatigarde, Fredrik Ringnes (1890–1973), at han kunne tenkje seg å gje fleire gamle gjenstandar i gåve til museet på Fagernes. Knut Hermundstad og styremedlem i Valdres Folkemuseum, Olav Rudi, for til Etnedal, inspiserte dei gamle husa og fekk med seg eit lass med gamalt. Hermundstad skriv vidare: "Då me […] henta sakene spurde me Ringnes om han var viljug til å gje den gamle bygningen og innsetjingsbui til museet. Etter litt omtanke gjekk han med på dette. 31. mai same år reiste museet til Etnedal for å hente sakene. Det var ei storfelt gåve. Valdres Folkemuseum nemnde Ringnes ut til æresmedlem for denne gjerning."
I 1952 og 1953 vart huset flytt til museet på Fagernes. Etnedal kommune kosta køyringa, og i 1955 vart huset sett oppatt som ein del av eit framtidig Etnedalstun på museet. Stova i fyrste høgda vart måla i dei gamle fargane etter tilråding frå Riksantikvaren. Sumaren 1959 vart huset måla utvending i den opphavlege gule farga. Grunnflata på huset vart i 1952 oppmåla til 12,5 meter langt og 9,8 meter breitt. Stogo i fyrste etasje er i dag møblert med innbu etter lensmann og lagtingspresident Helge Thune og syster hans, Marit.
Flatigardsbygningen er frå ikring 1750 og er døme på ein storgardsbygning frå Sør-Valdres, med stildrag frå både rokokko (1750–1790) og nyklassisisme (1780–1840). Noko som truleg kom i rokokkoperioden var svaien, nedst på takflata. Den fekk stor utbreiing på Vestlandet og i Valdres. I Nord-Valdres fylgde taksvaien heile raustelengda på huset. I Sør-Valdres ser ein taksvaien meir som ein knekk nedst på takflata, om lag slik som på Flatigardsbygningen. Eit anna stiltrekk i rokokkoperioden er utforminga på dekor og utskjeringar, til døme som på døra inn til storstova i Flatigardsbygningen. Utforminga er lett og asymmetrisk. Dette er eit karakteristisk trekk ved rokokkoen, i motsetning til barokken og nyklassisismen som er strammare.
OMBYGGINGA I 1838. Flatigardsbygningen er ein tømmerbygning og var opphavleg ikkje kledd med panel. Ikring 1830–1840 har huset gjennomgått ein større reperasjon og fornying. På ein takstein står årstalet Anno 1838. Veggen mellom storstova og kjøkenet i fyrste høgda vart flytt nærmare kjøkenet, om lag ein meter, og huset fekk vart kledd med panel innvendig og utvendig. Truleg er dei ettermåten store glasa sett inn i denne perioden. Huset fekk etter dette ei kjøligare og strammare form med klåre trekk frå nyklassisismen. Førebileta for denne stilen kjem frå dei gamle romerske byane Herculeanum og Pompei, som vart grave ut på slutten av 1700-talet. Den italienske renessansearkitekten Andrea Palladio (1508–1588) skal noko av æra for framveksten av dei antikke stilartane i denne perioden. På 1500-talet gjorde han ideala frå antikk arkitektur til stor mote blant arkitektane i Europa, og på byrjinga av 1800-talet fekk Palladio sine klassisistiske plansjar ein ny renessanse. Panel, mursteinsimitasjon og slanke hjørnekasser hadde inspirasjon frå antikke steinbygningar og klassiske tempelsøyler. På Flatigardsbygningen ser ein desse stilelementa som mursteinsimitasjon i eksteriøret og nover kledde som tempelsøyler med baser (sokkel nedst), søyler og kapitelar (krone øvst). Flatigardsbygningen skifta ham som ein konsekvens av internasjonale moteimpulsar og generell endringsvilje. Etter ombygginga i 1838 har huset truleg fortona seg som eit framandelement i Etnedal. Som døme på generelle endringar i den norske kulturhistoria, er Flatigardsbygningen på inga måte unikt. Derimot syner den korleis den estetiske inspirasjonspila også tidlegare peika mot heilt andre himmelstrok enn våre eigne. Flatigardsbygningen fortel om vilje og om evne til å tolke internasjonale moteimpulsar, og den illustrerer tre viktige poeng i høve til ein byggjeskikkdefinisjon, a) at den lokale byggjeskikken står i nært forhold til den internasjonale arkitekturen, b) at konsekvensane av endringsvilje er brot med eldre byggjeskikk og c) at tid og rom er avgjerande dimensjonar for om og når ein vel å definere noko som lokal byggjeskikk.
STORGARD I ETNEDAL. Flatigardsbygningen var bustadhus for gardsfolket på ein av dei største gardane i Etnedal. Bjørn Olsson og Guri Olsdotter var brukarpar på Flatigarde i 1860-åra. Dei hadde einjordveg på 80 dekar dyrkbart åker- og engareal og 36 dekar anna areal. Slåtten gav i vanlege år ei avling på om lag 180 skinnpund (28 800kg) høy. Mesteparten kom frå utslåttene. Andre fôrresursar var 3000 kjervar (buntar) osp- og bjørkelauv. Med dette foret fødde Flatigardsfolket i 1865 6 hestar. 27 storfe, 19 sauer, 20 geiter og 4 griser. Som arbeidshjelp hadde Bjørn og Guri fem tenestefolk som budde på garden. I tillegg hadde dei arbeidshjelp frå dei 10 husmannsplassane sine: Beinstigen, Svingen, Nørre og Sørre Berge, Venda, Fyk, Bakkin, Strande, Hagin og Brattrud."
Arne Berg og Knut Hermundstad var på befaring til Flatigarde før flyttinga. Sjå Arne Bergs arkiv som Norsk Folkemuseum har lagt ut på digitaltmuseum.no, mellom anna:
http://digitaltmuseum.no/011013358447?query=flatigarden&pos=12&count=16
http://digitaltmuseum.no/011013358316?query=flatigarden&pos=2&count=16
http://digitaltmuseum.no/011013358443?query=flatigarden&pos=9 (bilete av Arne Berg og Knut Hermundstad)
ENGLISH:
Farmhouse from Flatigarde: Farmhouse from Flatigarde in Etnedal, built around 1750, moved to the museum in 1952–53. The building is an example of a house from a large farm with elements of Rococco (1750–1790) and Neoclassic (1780–1840) building styles. Originally a traditional log house, but in 1838, it was rebuilt in the Neoclassic style with outer panelling, pillars and brick imitations. Except for the fixed interior, the house is furnished and equipped with possessions belonging to Helge Thune, president of the Norwegian parliament and local sheriff, and his sister, Marit, both from Vang in Valdres.
FRANÇAIS:
Maison de Flatigarde: Maison de la ferme Flatigarde, Etnedal. Construite vers 1750 et transférée à Valdres Folkemuseum en 1952–1953. La maison de Flatigarde est un exemple d’une maison d’une grande ferme avec traits du style rocaille (1750–1790) et néoclassique (1780–1840). Maison en rondins traditionnelle reconstruite, en 1838, dans le style néoclassique, revêtue de boiserie extérieure, et avec imitations de colonnes et de briques. A part les aménagements qui suivaient la maison de Flatigarde, la maison est aménagée de meubles d’après Helge Thune, officier d’administration et président de la chambre haute du parlement norvégien, et sa sœur Marit, originaires de Vang à Valdres.
Oppføring: 1750
Gjenoppføring: 1952 - 1953
Aksesjon: 1952
- Giver/siste eierRingnes, Fredrik (1890 - 1973)
- DigitaltMuseumSearch in «Ringnes, Fredrik»
Flytting
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
-
- Relaterte objekterDigitaltmuseum/Norsk Folkemuseum. Fotograf: Arne Berg Flere objekter ligger på Digialtmuseum.no under Flatigarden/Norsk Folkemuseum.
- Relaterte objekterDigitaltmuseum/Norsk Folkemuseum. Fotograf: Arne Berg
- LitteraturreferanseHarald Hvattum: Valdres bygdebok. Gard og bygd i Etnedal - Band B
- LitteraturreferanseKnut Hermundstad: I manns minne - gamal Valdreskultur III s 60
- LitteraturreferanseK. Sukke "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.040
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 26, 2015
- Date updatedApril 25, 2024
- DIMU-CODE021056019999
- UUID8dfb85b9-465d-46ef-8c5a-f107439be537
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».