Part of exhibition
History
-
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Susen er eit ishus og serveringshus frå skysstasjonen Frydenlund, gnr. 98, bnr. 13, i Nord-Aurdal. Bygd i 1889. Flytt til Valdres Folkemuseum i 1983. Frydenlund skysstasjon var i drift frå kring 1840 fram til fyrst på 1900-talet. Susen hadde fleire funksjonar. I fyrste høgda var det serveringsrom for skysskarane, pluss eit ishus. Om våren vart det skore isblokker på vatna i nærleiken. Blokkene vart lagde i ishuset og dekte til med sagflis. Utover sumaren brukte ein denne isen for at fersk mat skulle halde seg. I andre høgda er det to rom. Desse vart brukte som overnattingsrom."
Frå husarkivet på Valdres Folkemuseum (notat av Torbjørn Eggen 34/79)
"Skysshus/drengestogo".
- VF kjøpte huset av Oscar Klosbøle for kr 1.800 i 1980, då hadde huset blitt tilbydd ulike kjøparar.
- Flyttinga vart kosta av Verne Vøla, Nord-Aurdal kommune og Valdres Folkemuseum.
- Andris Bakken og Ottar Sæther gjorde hovedarbeidet knytt til oppsetjinga.
Frå heimesida til Valdresmusea www.valdresmusea.no http://valdresmusea.no/vfm.asp?nid=616&lid=1
"Stiftinga Frydenlund er ei lokalt, organisert stifting som eig og driv skysstasjonen Frydenlund. 2. etasje blir leigd ut til bustad medan fyrste etasje blir brukt til kulturaktivitetar og møte. Bygningen vart restaurert i 1987 og åra frametter. Skifertaket vart skifta og bygningen måla med komposisjonsmåling. Det vart elles innreia eit lite kjøken og det meste av huset måla innvendig. Noko arbeid står att, mellom anna skal rotne stokkar i trappegangen skiftas ut. Frydenlund skysstasjon var på slutten av 1800-talet eit kulturelt og kommunikasjonsmessig sentrum i Valdres. Hans Fluberg sette opp fleire bygningar her omkring år 1800, til ulike typar forretningsdrift. På Frydenlund vart det etter kvart skysstasjon og hotell. Sidan har det vore både landhandleri, posthus og telegrafstasjon her. Noverande bygning vart oppsett ikring 1860, og har det sveitsarstilpreget det fekk ved ombygginga i 1900. Nabobygningen, som er i privat eige, vart bygd på 1840-talet. Noregs første reisetrafikklag, Valdres og Jotunheimen Reisetrafikklag, vart stifta her i 1888. I 1901 overnatta Noregs første bilturist her, nederlendaren Beduin, på ferda si mot Lærdal. Mange kjende personar har gjesta Frydenlund, mellom anna Ludvig Mathias Lindeman og Edvard Grieg. Knut Hamsun kom til Frydenlund fyrste gong i 1884. Her fekk han godt stell av vertinna, Kari Frydenlund. Hamsun arbeidde ei tid som postopnar på Frydenlund. Tore Hamsun har skrive dette om sin far: I Aurdal, i gode forhold hos enkle, vennlige mennesker, der han likte seg, der fant han igjen en atomsfære han kunne arbeide i."
Anna:
På Valdres Folkemuseum har bygningen fått nytt skifertak/skiferlagt pipe (2011?) og ny komposisjonsmåling (2013/14).
ENGLISH:
Susen belonged to Frydenlund coaching inn in Nord-Aurdal and was moved to the museum in 1983. Frydenlund Coaching Inn stayed in business from about 1840 till the beginning of the twentieth century. Susen served several purposes. On the ground floor there was a restaurant for the coachmen plus a storeroom for ice. In spring big ice blocks were cut on nearby lakes and ponds. The blocks were kept here under sawdust. On the first floor there are two bedrooms.
FRANÇAIS:
Susen: Susen est une maison à glace du relais routier Frydenlund, à Nord-Aurdal. La maison est construite en 1889 et reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1983. Le relais routier Frydenlund était en activité à partir de 1840 environ, et jusqu’au début de 20ème siècle. La maison Susen y exerçait plusieurs fonctions. Au rez-de-chaussée, il y avait un restaurant pour les chauffeurs et une maison à glace. Au printemps, on a scié de grands blocs de glace sur les lacs dans la proximité. Les blocs étaient mis dans la maison à glace et couverts de sciure de bois. Dans le courant de l’été, on utilisé la glace pour que la nourriture fraîche se tient. A l’étage, il y a deux pièces qui servaient de chambres.
Oppføring: 1889
Gjenoppføring: 1983
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.035
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 26, 2015
- Date updatedDecember 3, 2021
- DIMU-CODE021056019998
- UUID86c8b7e6-2d5e-4dd5-9f87-83d1f7643086
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».