Part of exhibition
History
-
-
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Krambua Søvelheim vart bygd ikring 1880. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1981. Fram til midten av 1800-talet var det sterke restriksjonar på kor mange landhandlarar som hadde høve til å slå seg ned i dei einskilde bygdene. Fyrst etter at handelsprivilegia vart oppheva i 1842, skaut talet på landhandlarar fart. Vang var den siste Valdres-kommunen som fekk fast landhandel. I 1870-åra vart Vang handelsforening skipa. Huset låg ved ei strand med små, kvite søvelsteinar og vart derfor kalla Søvelheim. Handelsforeininga hadde ei rekkje styrarar før forretninga vart seld i 1880-åra. Etter den tida var krambua privateigd. I 1908 tok Ole I. Søndrol over handelen. Han dreiv Søvelheim fram til 1950."
Frå Harald Hvattum Valdres Folkemuseum 1901-2001 (2001):
"Fram til midten av 1800-talet var det sterke restriksjonar på kor mange landhandlarar som hadde høve til å slå seg ned i dei einskilde bygdene. Ved ei utdeling i Akershus stift i 1753 vart det gjeve tre løyver til kremmarar i Valdresbygdene. Sjølv om det auka litt i dei fyrste tiåra på 1800-talet, var det fyrst etter at handelsprivilegia vart oppheva i 1842, at talet på landhandlarar skaut fart. Det vart difor til at nokre karar i kvar bygd gjorde ei byreise eit par gonger i året. Før dei dro, kjøpte dei opp bytevarer i heimbygda. Det var mest smør, og karane vart difor stundom kalla smørkarar. Eit anna namn på dei var bykarar. Varene sine bytte dei i byane mot ting dei kunne få selt i heimbygda. Då handelsprivilegia vart oppheva, var det ein landhandlar i Etnedal, ein i Nord-Aurdal og ein i Vestre Slidre. Øystre Slidre og Vang hadde ingen. Då ein runda i 1900, hadde det vorte 5 i Etnedal, 16 i Nord-Aurdal, 16 i Sør-Aurdal, 5 i Vestre Slidre, og 8 i Øystre Slidre. Vang var den siste Valdres-kommunen som fekk fast landhandel. Det tok til med Peder Odnes i 1858. I 1900 var talet opp i 7. I 1870-åra vart Vang handelsforening skipa. Foreininga fekk seg tomt i nærleiken av Vang kyrkje og flytte eit eldre hus dit. Huset lå ved ei strand med små, kvite søvelsteinar og vart difor kalla Søvelheim. Handelsforeininga hadde i rekkjefølgje Ola Lajord, Tommas Kjerstein og Hans Eriksen som styrarer, før dei selde heile forretninga til sistnemnde, truleg ein gong tidleg i 1880-åra. Etter den tida var krambua privateigd. Følgjande dreiv som kremmarar her: Hans Eriksen fram til kring 1886, Eivind E. Dal kring 1886-1902, John N. Vold 1902-08, Ole I. Søndrol (Ola i Bu'n) 1908-1950. Med sistnemnte slutta butikkdrifta."
Elles:
- Halldis Thune skreiv ein artikkel om Søvelheim i Valdresgluggen 17. okt. 1980.
- Bygningen vart flytt internt på Valdres Folkemuseum i 2001. Det var for å gjera plass til nytt velkomstbygg. To av bileta som er lagt inn her er frå tida då krambua sto på den opprinnelege plassen på museet.
- Bilete frå Søvelheim då bygningen låg i Vang finst i Knut Hermundstads fotosamling på Valdres Folkemuseum, sjå lenker til relaterte objekt.
ENGLISH:
Søvelheim: The country store Søvelheim was built around 1880. It was reconstructed at the museum in 1981. Up to the middle of the nineteenth century there were severe restrictions on how many country stores could be established in each district. Only after such trading restrictions were removed in 1842 did their numbers multiply. Vang was the first municipality to get a regular store. In the 1870s Vang Trading Association was started. The store had a series of managers before it was sold in the 1880s, after which it was privately owned. In 1908 Ole T. Søndrol took it over. He ran it until 1950.
FRANÇAIS:
Søvelheim: La boutique de village de Søvelheim a été construite vers 1880 et reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1981. Jusqu’au milieu du 19ème siècle, il y avait de fortes restrictions concernant le nombre de commerçants ayant le droit de s’installer dans chaque villages. Ce n’était qu’après que les privilèges marchands étaient abolis en 1842 que le nombre de commerçants (de village) a augmenté. Vang a été la dernière commune de Valdres à avoir une épicerie de village. Dans les années 1870, Vang handelsforening (l’association de commerce de Vang) a été fondée. La maison se trouvait près d’une plage où il y avait des petites pierres blanches comme de l’argent et a eu le nom Søvelheim (Maison d’argent). L’association de commerce avait plusieurs directeurs avant que la boutique soit vendue dans les années 1880. Dans le temps qui suivait, la boutique était possédée par un particulier. En 1908, Ole I. Søndrol a repris le commerce. Il a dirigé le magasin jusqu’en 1950.
-
Oppføring - 1880
-
Gjenoppføring - 1981
-
Flytting - 2001
Bygningen var flytt til festplassen på V.F. før oppføring av nytt velkomstbygg i 2009/2010.
-
Relation
Classification
Placement
References
-
- Litteraturreferanse Harald Hvattum Valdres Folkemuseum 1901-2001
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VFF.029
- Part of collection Valdres Folkemuseum
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Valdres Folkemuseum
- Date published November 26, 2015
- Date updated December 3, 2021
- DIMU-CODE 021056019994
- UUID be82611c-b196-49fc-baa7-d3963eeb835f
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».