Part of exhibition
History
-
-
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Haftonbygningen skal vera bygd i 1763 på garden Hafton, gnr. 43, bnr. 1, på Leirskogen i Sør-Aurdal. Ei innskoren innskrift i eine kleven blir teken som prov på byggjeåret. Det var Ola Andersson Hafton (1728–1809) som åtte Hafton då bygningen vart sett opp. Han skal ha hatt svarteboka, og tradisjonen fortel at han ved hjelp av den fekk tømmeret til gards i løpet av ei einaste natt. Haftonbygningen er ein toetasjes bygning med svalgang i begge etasjar. Grunnplanet fylgjer den akershusiske stoveforma med inngang inn i opphaldsrommet, og med to mindre klevar i nordre enden. Kleven mot aust er vasskleve og har vore brukt som grovkjøken. Kleven mot vest er utan glas og har truleg vore brukt som fødekleve. Når kvinner i eldre tid skulle føde, var det viktig at haugafolket ikkje skulle koma inn og byte den nyfødde ungen med sin eigen. Det er noko uvisst kven som har utført målararbeida i Haftonbygningen, men ein trur det har vore Simen Haug (1753–1831) og Ola Hermundsson Bergji (1768–1825). Haftonbygningen vart oppsett på Valdres Folkemuseum i 1922–1923."
Frå Knut Hermundstad handskrevne "Husbok for Valdres Folkemuseum" (1950-talet):
"Det er Hafton-Lundin eller Ola Hafton som let byggje Hafton-bygningen i 1763. Den vidgjetne byggmeistaren Engebret Maslangrud tømra han. Bygnaden har svalgang etter heile lengdi både i 1. og 2. høgd. Han likner såleis noko på Rogne-bygningen. "Storsmeden frå Hedalen" laga lås og lykeskilt. I andre høgdi, oppå salen, var det ei tid skule. Her stod eit orgel, men det vart gjeve til Bruflat kyrkje i 1795. Den 26. februar 1921 er det opplyst i museumsmøteboki at Hafton-bygningen er innkjøpt, men museet har ikkje sett seg i stand til å få han flytt. I 1923 er nok bygningen sett opp på museet. I 1930-åri medan museumsplassen var idrottsplass for "Heimdal idrottslag", var 32 glassruter kasta ut i Prestøy-bygningen og Hafton-bygningen. I det siste var det fire blyvindaugo. (...) Romet jamsides peisestogo i fyrste høgdi nytta dei til føderom. Eit slikt rom laut vera mørkt. Det er då heller ikkje glas i dette romet. Huset stod på garden Hafton g. nr. 43, br.nr. 1 i Sør-Aurdal."
Frå Knut Hermundstads "Valdres Folkemuseum i 50 år" (1951):
"Den 30. juli 1923 let Valdres bygdesamling idrettslaget "Heimdal" få kontrakt på leige av grunn til ein idrettsplass, som laget skulle arbeide opp på museumsgrunnen. (...) Det synte seg diverre snart at det vart mange ulempor med denne ordningi. Vegen til museumsplassen gjekk midt over museumsområdet. Det var difor uråd for idrettslaget å hindre at smågut og andre uansvarlege individ gjorde skade på museet. Ein gong vart såleis 32 glasrutor kasta ut i Hafton-bygningen og Prestøy-bygningen på den sida som snudde mot idrottsplassen. Glasi i Hafton-bygningen var dyre blyglas, som det var mest uråd å få kjøpt att.
(...) "Storsmeden frå Hedalen" laga lås og lykelskilt. I andre høgdi, oppå salen, var det ei tid skule. Her stod eit orgel, men det vart gjeve til Bruflat kyrkje i 1795.
I førarane frå 1970-talet og etter det blir føderommet omtala som rom for fødsel. Når Hermundstad skreiv at rommet var ei føderom, meinte han nok at rommet var for føderåd. Anne Marit Noraker, 8/12-2015.]
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (1960):
"(...) Frå gangen går tropp opp i salen i 2. høgd. Her har det vore omgangsskule, sidan fastskule for Leirskogen. (...)"
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (1977):
"(...) Over inngangsdøra til stua er ei hustavle som truleg er måla av Ola Hermundsson Berge. Han har også måla døra nede og ei innskrift over denne inne. Elles er stua dekorert av ein ukjent målar. (...)"
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Ein sers fin stovebygning er Haftonbygingen frå Leirskogen i Sør-Aurdal frå 1763, bygd av byggmeister Engebret Maslangrud. Tømmeret er rundhøvla på innersida og flattelgd utvendig. Nova er hesthovudnov. I svala i 2. høgda har nova svært konkav kjake. Taket er åsetak med rund troved. Stova i 1. høgda er panelt med eit slags vekselpanel både på tak og vegger. Salen i 2. høgda har vore brukt som skulestove. 1. høgda har den vanlege 3-delinga, og 2. høgda er 2-delt. Begge roma her opp har inngang frå svalgangen, slik det er vanleg med denne typen. I svalgangen er tømmeret trekt fram som ei ramme i høgd med: 1. høgds golv, 2. høgds golv og raft. I hjørner, ved døropning og i passande mellomrom i 2. høgda er det plassert fint profilerte stolpar. Den måten hjørnesvilla rir over toppsvilla på, er ein fin detalj. Trappa er underkledd med panel og utan stusstrinn. (...) Eit soverom utan glas som dei nytta til føderom. Vassklæven hadde vasstamp og mathyller."
Frå innberetning til Riksantikvaren skrive av kunsthistoriker Domenico Erdmann av 22. august 1922, under 413 i Valdres Folkemuseums husarkiv (kopi frå arkivet til Riksantikvaren):
"Hafftenbygningen, lavtet, toetages, ligger endnu spredt paa forskjellige steder, men man faar allikevel et godt indtryk av den udmerkede interiørmaling, hvis hovedmotiv er de før omtalte avdelingskumplede trær, snart mindre, snart større og snart bitte smaa. Farven varierer. En kraftig speildør med kunstferdig laas og smukt klinkekhaandtak (se tgn. 6) har sorte rammer og landskap i graagult og dypgrønt, men det er overveiende jordrød rammefarve og friskere dekor paa det øvrige. Jeg kjender ikke aarstallet for denne bygning eller den interiørdekoration, men noget kan være fra omkring 1800. Det er utvilsomt Peder Odnes som er ophavet til denne Valdriske dekoration, og muligvis ham selv som har malt prækestolhimling og kovæg i Ulnes kirke - det tidligste av den slags deromkring."
Frå heimesida til Valdresmusea (juli 2015):
"Det er knytt mykje personalhistorie til denne bygningen. Det var Engebret Mikkelson Maslangrud som skal ha sett opp Haftonbygningen i 1763. Engebret var gardbrukar på Madslangrud i Etnedal, men drei som snikkar attåt. Det er ei innskoren innskrift i kjøkenet som vert teken som prov på byggjeåret. Ola Andersson Hafton (1728–1809) frå Leirskogen i Sør-Aurdal var karen som åtte Hafton (gnr. 43, bnr. 1) då bygningen vart sett opp. Haftonbygningen vart oppsett på museet i perioden 1922–1923. Haftonbygningen er ein toetasjars bygning med svalgang i begge etasjar. Grunnplanet fylgjer den akershusiske stoveforma med inngang inn i stoverommet, og med to mindre klevar i nordre enden. Huset er reist i tømmer, medan svalgangane er reist i sokalla skilterverk, ein metode som kan minne om stavkonstruksjonen i ei stavkyrkje. I taket i fyrste etasje er det kraftige åsar som støtte for golvet i andre etasje. I andre høgda er det ikkje dør mellom romma. Ein laut derfor ut på svalgangen for å koma seg frå eine rommet til det andre. Romma i andre høgda er om lag like store. Innreiinga i stoverommet i fyrste etasje er tradisjonell med framskåp, fatskåp, langbord, roskåp, peis og seng på faste plassar. Senga i stoverommet i Haftonbygningen har ein spesiell, lukka form. Haftonbygningen har ei mengd detaljar som tyder at dette har vore bustad for velståande folk. Stoverommet er panela og er påkosta omfattande dekorasjonsmåling.
HAFTONBYGNINGEN - EIN RENESSANSEBYGNING: Haftonbygningen har vindauge med blyinnfatning. Dette var den tidlegaste forma for vindauge i Noreg; små grøne glasbitar sett saman ved hjelp av smale blyspilar. Dei eldste blyglasvindauga vart sett inn i kyrkjene på 1500-talet og noko seinare i husa til dei aller rikaste. Grunnen til at glasbitane er små og grøne kjem av måten glaset vart framstilt på. For det fyrste var ein ikkje i stand til å framstille klart glas. For det andre vart glaset blåst til ei stor, rund skive som sidan vart kutta opp i mindre bitar. I bitane kan ein sjå runde bogar etter den opphavlege forma. Sidan blyet i innfatninga er mykt er fleire blyglasvindauge oppstiva med tverrgåande jernstenger. I løpet av 1700-tallet vart blyglasvindauga skifta ut med større vindauge, med tresprosser og store kvadratiske glasbitar, til dømes slik som i Skattebustogo. På inventaret i stoverommet er det omfattande dekorasjonsmåling på senga, framskåpet og innsida av ytterdøra. Det same er veggen ved høgsetet. Dekorasjonsmålinga hadde sin viktigaste blomstringstid i perioden 1750–1900, og er tufta på prydmålinga i kyrkjene og by-husa på 15 og 1600-talet. Prydmåling var vanleg over heile Europa, og derfor korkje typisk norsk eller typisk lokal. Som i all anna folkekunst syner prydmålinga likevel lokale variasjonar. Prydmåling er som oftast gjenskaping av meir eller mindre realistiske blomar på veggar og interiør. I Haftonbygningen er det målarane Simen Haug (1753–1831) og Ola Hermundson Berge (1768–1825) som har stått for dekoren. Ola Hermundson Berge er særlig kjent for blomstermåling og kineseri. Motiva på døra og veggene er truleg måla av Simen Haug, medan Ola Hermundson Berge har mala senga. Det er ikkje alltid like enkelt å identifisere kva blomar målarane har sett for seg. Ofte er dei ein blanding av faktisk natur og fantasi. S-forma blader med spisse endar er likevel typiske for Valdres. Blomane er gjerne i kombinasjon med blå, fjerne landskap. Eit anna typisk motiv i dekorasjonsmålinga frå Valdres er blomsterurna eller blomstervasen. Kineseria på veggar, senger, skåp og dører har, som namnet tilseier, sin inspirasjon frå Kina. Nære handelskontaktar mellom Europa og Kina, førde til import av kinesisk kunst til Europa. Kinesisk keramikk slo særleg godt an. Stilen spreidde seg over heile landet gjennom keramikk, trykk og anna, og dekorasjonane var stort sett i blått. Motiva var gjerne landskap, busker, blomar, pagodar og menneske. Rosemåling eller dekorasjonsmåling handlar derfor ikkje berre om ”roser”, slik vi vanlegvis forstår rosemålinga, men like mykje ulike figurar i landskapet. Fargane var helst framstilt av jordfargar eller organisk materiale, og det var slett ikkje berre blått som vart brukt. Fargane vart anten blanda med lim eller olje. Limfargane var billige og vart som regel brukt i taket eller høgt oppe på veggen. Her vart dei ikkje utsette for slitasje. Oljefargene var dyrare, men meir haldbare. I stoverommet, over inngangsdøra, er det måla eit bogefelt pryda med kongekrone og inskripsjon: ”Jeg Ole Hoftoen Haver Kaastet dene Maling i det Aar 1779”, står det skrive. Det er mange stilmessige motsetningar i Haftonbygningen. Dekorasjonsmålinga høyrer heime i rokokkoperioden med sine uregelmessige slynger og formasjonar. Skåpa, med sine kvadratiske speil, peikar tilbake til endå eldre stilformer. Framskåpet, til dømes, minner mest om eit barokkskåp, medan roskåpet har trekk frå renessansestilane. Glasa i Haftonbygningen høyrer eigentleg heime på eldre bygningar. Ettersom bygningen er reist av ein, etter forholda, rik mann er det underleg at glasa er sopass gamalmodige. Både glasa og dei stilmessige trekka er derfor eit resultat av det vi kallar retardasjon, nemleg det faktum at det tek lang tid før stiltrekka spreier seg frå ein stad til ein annan. Den geografiske avstanden mellom Italia og Leirskogen er som vi veit, svært lang, og forklarar noko av dette fenomenet. Tidlegare var det også slik at handverkarane var bundne til strenge laugsordningar, som berre eksisterte i byane. Det tok derfor lang tid for bygdehandverkarane å tileigne seg nye moter. Fleire bygdehandverkarar reiste til byane. Her fekk dei ny kunnskap og denne kunnskapen tok dei med heim. På heimstaden praktiserte bygdehandverkarane dei nye handverka utan omsyn til dei strenge laugsordningane.
FØDEKLEVEN OG FOLKETRUA: Kleven mot aust er vasskleve og har vore brukt som grovkjøken. Kleven mot vest er utan glas og har truleg vore brukt som fødekleve ved barnefødslar. Når kvinner i eldre tid skulle føde barn var det viktig at haugafolket ikkje skulle sjå den nyfødde ungen. Udøypte ungar kunne bytast med haugafolket sine eigne ungar, altså ein byting. I vår tid er folketrua gjerne forstått som forklaringsmodellar på uforklarlige fenomen, til dømes kvifor ungar vart fødde med misdanningar. Dersom haugfolket likevel skulle få bytt til seg den nyfødde ungen, hadde bytingen gjerne ein lute på ein eller anna måte. Det er grunn til å tru at ein då ikkje følte same ansvaret for barnet, sidan ein då hadde med ein byting, og ikkje sin eigen unge, og gjera. Stelte ein godt med bytingen til tross for eventuelle avvik, kunne ein leva i vona om at eins eigen unge fekk like godt stell hjå haugafolket. I alle kulturar er det etablerte forestillingar om ei verd som ikkje er synleg for oss menneska. Denne er som oftast beherska av skapningar som vi kjenner frå segna og eventyra; haugafolk, hulder, troll, nissar osb. Desse skapningane er gjerne sterkare enn oss menneska, men aldri sterkare enn Gud. Folketru og Gudstru var dermed to sider av same sak.
SVARTEBOKA OG TROLLKATTEN: Eigaren av Haftonbygningen, Ola Hafton (1728–1809), åtte, i fylgje tradisjonen, ei svartebok, også kalla 6. bok Moses. Ei svartebok inneheld formlar om korleis ein skal få uvanlege ting til å skje. Formlane kan minne om bøner, stila til Jesus, Treininga eller djevelen, slik det mellom anna står i blodstoppingsformlen som er kopiert ut av svarteboka. Fyrst ber ein Gud stoppe blødinga. Skulle ikkje det hjelpe laut ein be djevelen om hjelp. Den som ville ha ei slik svartebok laut møte opp i eit vegkryss tre torsdagar på rad klokka 24.00. Tredje torsdagen ville djevelen koma med svarteboka. Selde ein sjela si til han, kunne ein dra fordelar ved bruk av boka. Trollkatten er ein klump ufordøya hår som samlar seg i magesekken på ei kyr. Ein kunne også lage trollkattar av neglar eller hår. Slike trollkattar hadde store krefter sidan neglar og hår er stadig veksande delar av ein kropp, i motsetning til andre kroppsdelar. Kyndige folk kunne nytte trollkatten for å skaffe seg rikdom og vinning, til dømes kunne ein stele mjølke frå andre. Trollkatten vart kasta i retning naboens fjøs. Der mjølka den ei eller fleire kyr, og tok med seg mjølka tilbake. Beviset såg ein i det kvite skummet på blomar og gras. I dag veit vi at det kvite skummet kjem frå fluene."
Utdrag frå Svarteboka:
"For at demme Blod.
Stat Blod stil Blod, som
Jesus stilte Jordans Flod
Stat Blod i same stund, stat
Blod i same Lund, i 3 Navn
Gud Fader Søn og Hellig Aand
Amen, Fader Vor.-
Blodet med, i aldeles nøde til-
Fælde, er saa ledes,-
Stat Blod stil Blod, som
Mand paa Tinget stod, han’wiste Ret og Wined Rangt
Stat Blod i Fandens Navn."
Frå Knut Hermundstad: "I manns minne - gamal Valdres-kultur II" (1944)
"Tunin på Hafton (Eit ettertak hjå Ola på Tømto): Tunin på Hafton hadde også svarteboki. Ein gong var det stole nokre fiskegarn tå han. Då mana Tunin tjuven' til å koma att med dei. Det sværaste var at han kom med dei i likkledi. Tjuven hadde døytt. Han totte nok det var ille, dette, Tunin, at han skulde ha mana fram ein dauding. Ein gong skulde Tunin drive fram noko temmer. So tok han med seg tenestguten sin og drog opp i ei hytte, der dei skulde bu. Dei hadde niste og fôr med seg for ei veke. Då dei kom fram, stelte Tunin seg til spela kort med drengen veka til endes, like til fredagskvelden. Laurdagsmorgonen bad Tunin tenestguten køyre til ein stokk og leggje han tvert over vegen. Då guten hadde gjort dette, kom han inn att. Då sa Tunin: «No får du 'kji bli redd!» Sjølv stelte Tunin seg på kne ved sengehjellen, og så tok han til sveitte. Då visste ikkje goten tå noko for temret tok til å gå sjølvoseg, stokk etter stokk. For kvar ein som gleid over tverrstokken i vegen, vart det ein svart prikk i stokkemergen. Då den siste stokken slatt over, gjekk stokken i vegen tvert av. Laurdagskvelden kom Tunin og tenestguten hans heim åt Øvre-Øygarde - Stor-Øygard'n har dei ogso kalla det - der Tunin var vaksen opp. Då la folk mark på at hestane hans var so kåte. «Han ha kjørt att no, denna gut'n!» sa far hans. Ein gong tenestgjenta åt Tuna kom inn på romet hans, vart ho var ei slik merkeleg bok. Ho hadde svarte bremme og raude bokstavar. Ho gav seg til lesa til ho var reint rar vorti. Tunin laut lesa dugeleg over henne, før ho vart seg sjølv att. Når Tunin var stad fiska om surnaren, totte dei stødt at han kom att for han verkeleg kom. Då kunde dei ofte sjå som ein hund, som stod og såg på bakre glaset på bygningen. Andre tider var det som ei buske, som sveiv kring bygningen. Tunin bygde so gildt opp garden sin, Hafton eller Høg-Øygard'n. Det kom folk vidt og breitt frå og skulde sjå kost det var der. Folk trudde hinmannen hjelpte han med pengar. Bygningen hans, Haftonstogo, står no på Valdres-museet, veit du. Etter Tunin var borte, var det aldri roleg der på Høg-Øygarde. Stabben leda seg på golvet. Gloklypa dunka mot veggen der ho hang, og mangt anna leda seg i tid og otid. Fulle namnet åt Tuna var Ole Anderson Hafton. Han levde ikr. 1780."
ENGLISH:
House from Hafton: This building was probably built in 1763 at the Hafton farm in Sør-Aurdal. A carved inscription in one of the side rooms is considered proof of the dating. Ola Andersson Hafton (1728–1809) owned the Hafton farm when the house was built. He was in possession of a book of witchcraft, and tradition has it that he transported the lumber for the house in one single night with the help of this magic book. Hafton is a two storey building with external galleries on both floors. The ground floor follows the traditional form in this region, with the entrance directly into the main room and two side rooms at the north end. The side room to the east is the scullery. The western side room has no windows and was probably used as the room for giving birth. When women gave birth in the early days, it was important that the newborn baby was protected against evil. By having no openings in the room, they ensured that no evil beings could enter and trade the newborn baby with one of their own kind. It is uncertain who did the decorative paintings, but it is believed that it was Simen Haug (1753–1831) and Ola Hermundson Bergji (1768–1825). The house was rebuilt at Valdres Folk Museum in 1922–1923.
FRANÇAIS:
Maison de Hafton: La maison de Hafton serait construite en 1763 à la ferme Hafton, à Leirskogen, Sør-Aurdal. Une inscription dans une des petites pièces à l’intérieur en fait la preuve. Ola Andersson Hafton était le propriétaire de Hafton quand la maison a été construite. Il aurait eu un grimoire (un livre de magie noire), et la tradition raconte qu’à l’aide de ce livre il a transporté le bois de construction jusqu’à la ferme pendant une seule nuit. La maison de Hafton a deux étages avec une galerie extérieure dans les deux étages. Le rez-de-chaussée est agencé selon le style ”Akershus”; porte d’entrée vers la salle de séjour et deux pièce plus petites vers le nord. Dans la pièce à l’est on gardait le réservoir d’eau et cette pièce servait d’arrière-cuisine. La pièce à l’ouest est sans fenêtres et a probablement été utilisée comme salle d’accouchement. Autrefois, quand les femmes accouchaient, il était important que les génies souterrains (de la mythologie norvégienne) ne puissent pas entrer et changer le nouveau-né avec leurs propres enfants. On ne sait pas avec certitude qui a fait la peinture dans la maison de Hafton, main on croit que cela peut être Simen Haug (1753–1831) et Ola Hermundson Bergji (1768–1825). La maison de Hafton a été reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1922–1923.
-
Oppføring - 1763
-
Gjenoppføring - 1922 — 1923
-
Aksesjon
Innkjøpt 1920/21, står et i Oversikt over gamle hus i V.F.s eie (1968)
-
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline) OU 340
- Magi (Outline) OU 789
Placement
References
-
- Litteraturreferanse K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
- Litteraturreferanse Sør-Aurdal bygdebok band B s 261
- Litteraturreferanse Knut Hermundstad: "I manns minne - Gamal Valdres-kultur III". Norsk folkeminnelag, Oslo. s 206
- Litteraturreferanse Sagn og soge i Søndre Ourdal, s 24
- Litteraturreferanse Knut Hermundstad: I manns minne - Gamal Valdres-kultur III. Norsk folkeminnelag, Oslo. s 181-182
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VFF.024
- Part of collection Valdres Folkemuseum
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Valdres Folkemuseum
- Date published November 26, 2015
- Date updated December 3, 2021
- DIMU-CODE 021056019990
- UUID ce0b1218-2109-46b7-b526-54c77a8bc551
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».