Part of exhibition
History
-
Frå skiltet på bygningen på Valdres Folkemuseum (2012):
"Høyne skule: Kombinert skulehus og lærarbustad bygd i 1867–1868 i Vestre Slidre. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1942.
Ved forordninga ”Om Skolerne paa Landet” i 1739 vart det innført allmenn skuleplikt i Noreg. Tettgrendte strøk skulle ha faste skulehus, elles skulle det vera omgangsskule omkring på gardane. I 1860 kom det ei ny lov som gjorde det slutt på omgangsskulesystemet. I område der minst 30 elevar sokna til den same skulen, skulle det haldast skule i eigne hus. Frå 1860-åra og utover voks det fram eit skulesystem med ei rekkje mindre grendeskular. Slik heldt det fram til sist i 1950-åra. I den eine enden av bygningen var det skulesal og i den andre enden bustadrom for læraren. Skulesalen er innreidd med pultar, tavle og kateter, og dessutan ymse utstyr som høyrde til grendeskulane langt inn på 1900-talet."
Frå førar for Valdres Folkemuseum (1960):
"(...) Huset er sett opp 1868. Valdres ped. Samfunn kjøpte det 1934 og flytte og sette det opp att 1938. I 1941 kjøpte dei Ola Thorsruds boksamling og slo denne saman med museet."
Frå Knut Hermundstad handskrevne "Husbok for Valdres Folkemuseum" (1950-talet):
"Valdres skulemuseum eller Høyne skule er frå Lome i V. Slidre. Det stod i Høyne skulekrins og var bygd ikr. 1860 og er eit av dei eldste skulehus i Valdres. Diktaren og folkeminnesamlaren Hallvard Bergh skula der si meste tid. Det er Valdres ped. Samfunn som har reist museet. (...) Når det gjeld skulemuseet og soga for det viser ein til møteboki for Valdres ped. Samfunn. Ein kan elles opplyse: Hausten 1924 valde Valdres ped. Samfunn ein skulemuseumsnemnd. Den 21. mars 1925 vart det vedt. i nemndi 1) å sende ein søknad til Valdresmuseet om fri tomt til skulemuseum og 2) beda alle lærarar i Valdres yte kr. 10,- til å reise eit skulemuseum. 26/2-1926 vart dei 6 styremedl. bede om å arbeide for saki kvar i sin bygd. I 1934 fekk nemndi tilbod om kjøp av Høyne gamle skule til skulemuseum for Valdres. Den 21/9-35 fekk nemndi fullmakt av Valdres ped. Samf. til å kjøpe og flytte Høyne skulehus til museumstomti, som Olaus Islandsmoen, lensm. A.P. Skattebu, Petter Leirah og Knut Hermundstad hadde teke ut. Dette vart gjort i 1938, men huset vart ikkje fullt ferdig før i 1942.
Frå Knut Hermundstads "Valdres Folkemuseum i 50 år" (1951):
"På eit styremøte 1938 vart det peikt ut tomt for Valdres skulemuseum. Det var Høyne gamle skule som var innkjøpt av Valdres pedagogiske samfunn, som skulle ha tomt. Olaus Islandsmoen, lensmann A.P. Skattebu, lærar Eivind Kjos og Knut Hermundstad var med styret og valde denne rett opp for Skattebu-stogo. Det vart ein høveleg stad for eit skulemuseum."
Frå Hallvard Hvattum "Valdres Folkemuseum 1901-2001" (2001):
"Andris Eivindsson Vang slutta som lærar i 1849. 11 år seinare kom det ei ny skulelov som gjorde slutt på omgangsskulesystemet. Det var rett nok framleis lov å ha omgangsskukle i grisgrendte strøk. I område der det var så tettgrendt at minst 30 elevar sokna til den same skule, skulkle det haldast skule i eige hus. Herada måtte då anten byggje eller leige husvære på årsbasis. Høyne skule i Vestre Slidre var ein resultat av den nye lova. Byggearbeidet starta i 1867 og var ferdig året etter. Frå 1860-åra og utover voks det i Valdresbygdene fram eit skulestystem med ei rekkje mindre grendeskular. Slik heldt det fram til sist i 1950-åra. Desse skulehusa hadde fleire rom. I den eine enden var det skulesal og i den andre enden bustadrom for læraren. Slik er òg Høyneskulen bygd. Ein av lærarane som bydde i lærarromma her, var barnebokforfattaren Hallvard Bergh (1850-1922). Skulesalen er innreidd med pultar, tavle og katerer, pluss ymse anna utstyr som høyrde til desse grendeskulane langt inn på 1900-talet. Folkeskulelova i 1959 sette krav om firdelte skular, pluss undervisning i nye fag. Lova gav vidare løyve til ei forsøksordning med 9-årig skule, som utviding av den 7-årige. Dette kunne ikkje dei einskilde herada gjennomføre for kvar småskule, og me fekk difor i åra utover ein skulesentralisering i Valdres."
Valdres Pedagogiske Samfunn kjøpte Høyneskula i 1935, flytta han til V.F. i 1938 og gjenoppføringa var ferdig i 1942. Valdres Skulemuseum eksisterte som eiga eining ein del før ansvaret vart lagt innunder Valdres Folkemuseum.
ENGLISH:
The Høyne School: Combined school house and teacher’s quarters, built in 1867–68 in the Vestre Slidre, reconstructed at Valdres Folk Museum in 1942. A new decree about schools in the countryside from 1739 introduced compulsory schooling in Norway. Densely populated villages had to have a school house. Outside these villages, a system of ambulatory schools existed. In 1860 a new bill which ended the ambulatory school system came into effect. In areas where at least 30 children belonged to the same school, the school had to be held in a purpose-built building. From the 1860s on a new school system evolved, with several small village schools. This continued until the 1950s. At one end of the building, there was a classroom and at the other end were the teacher’s quarters. The classroom is furnished with desks, a blackboard and the teacher’s desk, in addition to equipment which belonged in such village schools far into the twentieth century.
FRANÇAIS:
L’école de Høyne: La maison, qui servait d’école et logement du professeur, est construite en 1867–1868 à Vestre Slidre et reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1942. La loi ”Om Skolerne paa Landet” (”sur les écoles de la campagne”) de 1739 a introduit la scolarisation obligatoire en Norvège. Les villages d’une certaine population devaient avoir une école ; dans les plus petits villages les fermes devaient accueillir le professeur et les enfants à tour de rôle. En 1860, une loi a mis fin au système de l’école itinérante et toutes les circonscriptions scolaires ayant au moins 30 élèves devaient avoir une propre maison pour l’école. A partir des années 1860 et jusqu’aux années 1950, on a vu se développer un système de nombreuses petites écoles dans les villages. Dans une partie de la maison, il y avait une salle de classe, dans l’autre partie, les pièces d’habitation du professeur. La salle de classe est aménagée de pupitres d’écoliers, de tableau et estrade et d’autres équipements que l’on trouvait dans une école de village au début du 20ème siècle.
Oppføring: 1867 - 1868
Gjenoppføring: 1938 - 1942
Aksesjon: 1935 - 1942
- Siste eller naværende brukerValdres Pedagogiske Samfunn
Relation
Classification
Placement
References
-
- LitteraturreferanseKnut Hermundstad: Valdres bygdebok. 6 : Skule, lag og annan kultur
- LitteraturreferanseHallvard Hvattum "Valdres Folkemuseum 1901-2001"
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.010
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 26, 2015
- Date updatedDecember 2, 2021
- DIMU-CODE021056019725
- UUID57f580a2-59b0-4cd4-8b70-5eb434b7d3dc
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».