Part of exhibition
History
-
-
Dette eldhuset er frå Flåten, gnr. 69, bnr. 2, i Ustedalen. Det er uvisst kor gamalt eldhuset er, men hadde truleg stått på garden då han vart delt frå Løyte i 1777. Eldhuset vart gjett i gåve til Hol Bygdemuseum i 1956, av dei dåverande eigarane Olav Simonson Pukerud (f. 1909) og Liv Steinsdotter Hamarsbøen (f. 1907). Dette eldhuset har eitt rom, er tømra med torvtak og har jordgolv.
Eldhuset fungerte på mange måtar som eit grovkjøkken. Her blei det partert slakt, kokt såpe, brygga øl, baka flatbrød og vaska klede. I eldhuset kunne det òg varmast opp eller kokast dyrefôr. Eldhuset har difor ein lang tradisjon som eit av dei viktigaste bygga på ein gard. I Gulatingsloven (gjeldande fram til kring 1274) stod det mellom anna at det var tre ytterdører som skulle vere i orden når ein leiglending (ein som leiger jord) forlét garden; det var dørene til stova, buret og eldhuset.
-
Classification
-
- Tilberedning av mat (Outline) OU 252
- Uthus (Outline) OU 343
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier HOL-bygning 05 Eldhus
- Part of collection Hallingdal Museum
- Owner of collection Hallingdal Museum
- Institution Hallingdal Museum
- Date published November 4, 2015
- Date updated January 12, 2023
- DIMU-CODE 021055992070
- UUID BAA791E1-9A03-4855-918D-D6A19A6AB6A3
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».