Part of exhibition
History
-
SKOMAKERSTUGU
Hallingdal Museum overtok Skomakerstugu til Halvor Hagen i 1979. Skomakerstugu sto i Nesbyen sentrum på eigedomen til Hagen. Hagenhuset og Skomakerstugu ble revet da Banken og Kjøpesenteret vart bygd. Skomakerstugu sto der inngangen fra Indre Torg til Kulturhuset Banken er i dag (2022). Hagenhuset, Kafe Hagen stod mellom Skomakerstugu og brønnhuset.
Skomakerstugu har eit arbeidsrom og skjøl. Halvor Hagen vølte og laga skor. Dei som ville ha nye skor måtte fyrst dit for å ta mål. Det var ein stor dag for dei fleste. Sonen Erik held fram som skomakar i same stugun.
Omlag på same tid var ein skomakar til i Nesbyen, svensken Charles Molin. Han reidde ogso skinn. Det var noko standsforskjel i Nesbyen. Hagen laga og lappa skor for vanlege folk, medan det var dei meir kondisjonerte» som kom til Molin.
Å vera skomakar var eit yrke i lange tider. Mange reiste rundt på gardane og laga skor. Mange hadde verkstad heime ved ein benk i stugun.
Å laga skor var handarbeid med leistar, syl og busteleiv. Ein busteleiv vart laga av ein spesiell sterk tråd med ei grisebust i endane, og til slutt beka. Busta verka som ei nål for å få busteleiven gjennom holet etter sylstinget.
Sulane vart plugga fast med ein pluggahamar. Pluggen var av tre som dei fekk kjøpe. Det vart og nytta små spiker, t.d. ved halvsuling eller ved å seta lappar under sålen der den var mest nedsliten.
So kom beksaumskorne ut på 1920-talet og sulen vart sydd fast. («Randsydd»). Sume fekk seg og ei skomakarmaskin og dette letta mykje på arbeidet.
Men skor var dyrebart og gjekk ofte i arv mellom borna etter som dei voks til. For
å verne sulen på bruksskor vart nytta skospar og heljarn. Men det hende at det var to born om eit par skor, slik at ein måtte vera heime med den andre brukte skorne, t.d. på skulen. Men ettersom handelshushaldet utvikla seg, og serleg i tiåra etter siste krig, var det lettare å kjøpe seg eit par skor. Og tilslutt vart dette so billig i forhold til det folk tente at det lente seg ikkje å halvsule eller lappe.
Og me var komme inn i bruk og kast-tida, frå 1950-60 åra, då landet tok til å kom seg att etter krigen 1940-45. Denne vesle skomakarstugu kan minne oss om ei tid då levekåra var so mykje annleis. I si tid var det mange som var sysselsette som skomakar, sume stader fleire i ei grend. No er det ikkje att nokon.
Utanfor stugu var ein brunn som er markert her. Slike brunnar hadde ymse djubde og var mura eller tømra. Det var godt vatn i desse brunnane. På Nesflata var slike brunnar til kvart hus. No er det ikkje att mange som fær drikkevatnet sitt frå ei olde eller ein brunn.
Skomakerstugu, Nesbyen
Bygd 1800-tall
Tilhørte skomaker Halvor Hagen
Ett arbeidsrom med ovn og skjul
Opprinnelig inventar og verktøy
The shoemaker’s house
Built 19th century
Belonged to shoemaker Halvor Hagen
Workshop with stove and shed
Genuine interior and tools
Das Haus des Schumachers
Errichtet im 19. Jh.
Gehörte Schumacher Halvor Hagen
Ein Arbeitszimmer mit Ofen und Schuppen
Ursprüngliche Einrichtung und Werkzeug
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierHFN-bygning 015 Skomakerstugu
- Part of collectionHallingdal Museum
- Owner of collectionStiftelsen Hallingdal Museum
- InstitutionHallingdal Museum
- Date publishedSeptember 29, 2015
- Date updatedMarch 21, 2024
- DIMU-CODE021055936674
- UUIDfe4aed6b-0730-4c0a-8724-118782c784e6
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».