Vigra broadcaster

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

3 comments

  • Krigshistoria er den aller viktigaste nasjonale historia knytt til Vigra Kringkastar. Vigra Kringkastar var det frie Norge sitt viktigaste talerør frå 9. til 15. april 1940. Vigra Kringkastar var den største nasjonale stor-sendaren då krigen kom i 1940. Dei to andre nasjonale stor-sendarane i Norge i Oslo Lamberseter og i Stavanger vart tatt av tyskarane 9. april. Vigra dekte havområdet mellom Skotland, Island og Svalbard og mesteparten av Norge.

    11. april var det Vigra-sendaren som formidla regjeringserklæringga med "konggens Nei" til det norske folket og der regjeringa oppmoda norske skip til å gå til Engelske eller franske hamner og ikkje til tyske hamner. 12. april vart eit planlagt beredskapsamband til London etablert med Vigra-sendaren som sendestasjon og Ålesund kystradio som motttakarstasjon og ekspedisjon-stasjon for militære hemlige sendingar til våre allierte i London. General Otto Ruge vart kopla til dette sambandet 13. april - det viktigaste militære sambandet han hadde til London. NRK, NTB, Arbeider-pressa med Håkon Lie kom til Ålesund om kvelden den 15. april like etter bombinga av sendaren - for å bruke Vigra-sendaren som sitt talerør. Dei slo seg saman med det lokale informasjonskontoret på Latinskulen i Ålesund - leia av Kaare Fostervoll som då var rektor på Latinskulen. Han vart seinare statsråd og kringkasting-sjef.

    1. mai måtte kontore flykte vidare til Tromsø der dei brukte Tromsø Kringgkastar til sitt talerør. Kaare Fostervoll leia også kontoret i Tromsø før dei måtte flykte til England tidleg i juni.

    Krigshelten Joachim Rønneberg starta i NRK MR i Ålesund tidleg i 1948. Han opna radio-programmet 12.4.48 der kong Håkon 7. opna offisielt "den nye Vigra Kringkastar" - sendarbygget vi no kjemper for å ta varee på.

  • Freding-sak ligg no ute for Vigra Kringkastar til høyring i 6 veker frå
    26.8.24. Vigra Kringkastar har ei nasjonal krigshistorie - det frie Norge
    sitt viktigaste talerør 9.-15. 4.1940 og del at det viktigaste militære sambandet til London 12.-15.4.1940. Årsaka til at "statens informasjonskontor" kom til Latinskulen i Ålesund 16.4-29.4.40.
    Vigra Kringkastar er også ein viktig del av telekommunikasjons-
    historia i Norge - spesielt den analoge kringkastingshistoria - AM, FM
    og TV - AM-radio 1925-2019, FM-radio 1954-2017 og TV 1954-2009.
    Vi har kjempa for å ta vare på denne historia sidan 1995. Vi har tatt vare
    på dei eldste verneobjekta - feederhus 1935, lagerbygg 1938, krigs-
    sendarbygg med krigssendar 1940 og toppen til Vigra-masta 1952. Vi må
    ha sendarbygget frå 1948 for å ta vare på heile den analoge kringkasting-
    historia. Vigra Kringkastar er den einaste kringkastaren som har vore ein aktiv del av heile den analoge kringkastingshistoria i Norge!!!

  • Du finn fredingssaka for Vigra Kringkastar på MRfylke og søk opp Vigra Kringkastar. Vi har også heimeside vigrakringkastar.org. Skriv gjerne ein positiv høyring-uttale. Vi treng all den støtte vi kan få!!

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to