• Den gamle kyrkja i Mo, som var ei langkyrkje i tre, vart riven på grunn av råte etter dårleg vedlikehald. Den nye kyrkja vart innvigt i 1720, og det seiast at den vart bygd av byggmeister Erik Jakobsen Holten og sonen Tore frå Bøverdalen. Mo kyrkje har den spesielle og særnorske Y-grunnplanen. I det eine skipet er det kor, og i dei to andre er det benker. I enden av alle tre skipa er det tilbygg med våpenhus, sakristi og prestesakristi. Over krysset på taket er det ein takryttar.

I 1867-68 vart kyrkja modernisert, med blant anna større vindauge. Kyrkja er innreia på 1700-tals vis, sjølv om alt interiøret, bortsett frå altertavla, er frå 1900-talet. På grunn av dei store endringane har det vore vanskeleg å tilbakeføra kyrkja til opphavleg uttrykk. I 1962 fjerna ein dei sterkaste nygotiske trekka frå 1900-talsinteriøret og laga ny dekor til koropning og salmetavler.

Altertavla, som vart gjeven til kyrkja i 1767, består av fleire bildefelt, som antakelig ikkje er av same alder som sjølve tavla. Felta med Getsemane og Nattverden er plassert over kvarandre med utskorne skulpturar på kvar side. På det øvste feltet er det måla mørke skyer i midten og rundt desse er det dommedagsscener, der djevlar kastar sjeler i Helvete og englar tek sjeler til Himmelen. Kyrkja har òg ei minnetavle etter besøk frå Christian V.

Kjelder:
Sørmoen, Oddbjørn: Kirker i Norge 2, Oslo 2001
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Mo kyrkje, Surnadal

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to