• Ringebu stavkyrkje er ei monumental korsforma kyrkje frå 1200-talet, der det berre er skipet som er bygd i stavkonstruksjon. Kyrkja har hatt tverrskip òg i middelalderen, noko som ikkje mange av dei kjente stavkyrkjene har hatt. På 1630-talet vart kyrkja ombygd. Ho vart forlenga mot aust med nye tverrskip, nytt kor og sakristi, og tårnet og spiret vart også bygd på denne tida.

Ved restaureringen av kyrkja, som var ferdig i 1921, vart blant anna himlingen i taket på skipet fjerna, og veggdekorasjonane frå 1700-talet restaurert. I middelalderen hadde kyrkja to portalar. Vestportalen har dei originale vangane med dekor av dyreornamentikk, mens restar av sørportalen er bevart under veggkledningen.

Kyrkjerommet har i hovudsak seint 1600-tals og tidlig 1700-tals fargar og inventar. Altertavla er frå 1680-talet, og er eit av dei tidlegaste eksempla på utskoren akantus bladdekor i Gudbrandsdalen. Utskjeringane på preikestolen og Fredrik IVs monogram over korskiljet er antakelig skorne av Lars Jensen Borg rundt 1700-talet. Kyrkja har også bevart noko av sitt middelalderinventar, blant anna eit stort og eit mindre krusifiks frå fyrste halvdel av 1300-talet. I korskiljet står ein middelalderskulptur frå slutten av 1200-talet, som føresteller St. Laurentsius.

Kjelder:
Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Ringebu stavkyrkje

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to