• Kinn kyrkje, Flora

Kinn kyrkje er ei mellomaldersteinkyrkje med rektangulært skip og rett avslutta kor, bygd mellom 1150 og 1200. I 1868-69 vart kyrkja endra, med blant anna større vindauge og slakare takvinkel, men desse endringane vart tilbakeførte i 1911-12, då også våpenhuset vart rive og seinare fornya. Kyrkjegardsporten med klokkehus vart også bygd på denne tida.

Galleriet over korbogen, lektoriet, vart rekonstruert i samband med restaureringa i 1911-12, delvis med opphavlege delar. Slike lektorium var vanlege i kyrkjene i mellomalderen, men det er berre Kinn kyrkje som har teke vare på og har eit slikt lektorium i dag. Lektoriet har rik rankedekor, og fronten har utskorne relieff av Jesus, flankert av apostlane og to englar. Lektoriet dekkjer delvis korbogen, som er teken var på i den opphavlege forma.

Altertavla i barokkstil, som vart bygd om til noverande form i 1703, har Krossfestinga og Oppstoda som hovudmotiv. Midtpartiet på altertavla er eit tidlegare helgenskap. Tre figurar frå dette helgenskapet heng no i koret: Barbara, Katarina av Aleksandria og Maria Magdalena.

Kjelder:
Ekroll, Øystein og Morten Stige: Kirker i Norge 1, Oslo 2000
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Kinn kyrkje, Flora

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to