History
-
-
Havrå er ein gard som ligg på sørsida av Osterøy i Hordaland i vest Norge. Her har vore busetnad og gardsdrift sidan bronsealderen. Garden vart freda i 1998 av Miljøverndepartementet og var då det første freda kulturmiljø i Noreg. Det særeigne med Havrå finn ein i fredingsføresegnene: "Føremålet med fredinga er å ta vare på og sikre eit nasjonalt kulturhistorisk og arkitektonisk eineståande fjordgardsanlegg, slik Havrå står fram med eit heilskapleg vestnorsk klyngjetun med tilliggjande landbrukslandskap, og der jorda aldri har vore undergitt eit samla jordskifte. Målet er å ta vare på dette kulturmiljøet som ein historisk referanse og ei kjelde til kunnskap og forsking om levekår og driftsform knytt til det førindustrielle landbruket med tilhøyrande binæringar, og å sikra opplevingsverdien av Havrå med innmark og utmark" (Forskrift om freding av Havrå som kulturmiljø i Osterøy kommune, Hordaland fylke, III).
I tillegg står området på Miljøverndepartementet si liste over ”særskilte verdifulle kulturlandskap i Noreg” og i 2017 var Havrå innlemma i Utvalde Kulturlandskap (UKL). Her er raudliste artar, kulturavhengige naturtypar med nasjonal handlingsplan, samt artar som ikkje har vore funne andre stader enn her. Området er på om lag 2000 mål, strekk seg frå fjord til fjell, og vert skjøtta etter arbeids- og driftsteknikkar slik ein gjorde det i mellomalderen. I tunet står fleire bygg frå same periode. Fleire av landskapselementa ein finn her er automatisk freda etter Kulturminneloven (fegata, bakkemurane, åkrane m.m.). Totalt er her over 40 bygg om ein reknar med nausta, husa i tunet, kvernhusa, utløer og vårflorar. Havrå er blant dei mest vitskapelege undersøkte gardane i Noreg. Det er utarbeidd eigen skjøtsels- og forvaltningsplan for området.
-
Classification
-
- Jordbruk (Outline) OU 240
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier HAV.B003
- Part of collection Havråtunet
- Owner of collection Hordaland
- Institution Museumssenteret i Hordaland
- Date published January 27, 2023
- Date updated January 27, 2023
- DIMU-CODE 0210513226055
- UUID 50a53197-05c6-4420-b56b-5d7bfbb1c0a5
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».