• Teikneserie av Jon Fosse og Steffen Kverneland. Teikneserien er ein amputert versjon av teksten "Han der originalen", som igjen er ein del av tekstsamlinga "Prosa frå ein oppvekst". Tidlegare konservator ved Ivar Aasen-tunet, Eirik Helleve, skriv: "Det er korte tekstar frå ein oppvekst på landet. Det viktige i denne oppveksten er jenter, musikk, alkohol, og etter kvart litteratur. Tekstane kan godt opna harmonisk, men omtrent utan unntak dukkar det opp noko som bryt med harmonien." (1) "Prosa frå ein oppvekst" kom ut i 1994, medan teikneserien vart laga i 1998. Jon Fosse var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i 1998, medan Steffen Kverneland var festspelkunstnar i 2000. Kunstverket er i glas og ramme. Innramming vart utført av Margaret Snipsøyr i februar 2001.

Kjelde:
http://kulturguffen.blogspot.com/2017/03/jon-fosse-prosa-fra-ein-oppvekst-1994.html (Lesedato: 15.09.2020)
    Photo: Almedal, Henry / Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Han der originalen [Teikneserie av Jon Fosse og Steffen Kverneland]

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to