• Azar Alsharifs kunstverk Flexible Cosmos er laga spesielt for trapperommet i Høgskolen i Innlandet sitt nybygg Nyhove. Verket består av fire monumentale trykk. Motiva er collagar som er skanna i høg oppløysing og deretter forstørra. Collagane er laga analogt, og kvar variant er sett saman og komponert på skanneflata før skanning. Vi kan sjå eit utsnitt av noko som ser ut som ei strandlinje – vi skimtar sand, steinar, vatn og gjenskinet frå sola.

Dei fire trykka er plassert i kvar sin trappeavsats i det fem etasjar høge bygget. Trapperommet er den sentrale gjennomgangsåra i bygget frå hovudinngangen i øvste etasje til undervisningsromma i første etasje. Dei ulike motiva tar utgangspunkt i eitt og same bilde, som er kutta opp i små bitar og pusla saman. Etter kvart som ein beveger seg nedover i trappa, går motivet meir og meir i oppløysing, til det opphavlege motivet er fullstendig abstrahert. Når ein så beveger seg opp trappa igjen, vil motivet gradvis falle tilbake i den opphavlege heilskapen, som i ein enkel, sakte animasjon.

– Eg ønsker at serien kan gi rom for ei estetisk oppleving av fart og hastigheit, men også at den kan vere interessant i seg sjølv. Håpet er også at endringane som skjer i bilda på veg opp eller ned gjennom etasjane, blir eit ekstra lag som kan få fram nye tolkingar over tid, seier Alsharif.
    Photo: Werner Zellien / Kunst i offentlige rom

Flexible Cosmos [Papir]

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to