• Plakat for Dei nynorske festspela i 2014. Dei nynorske festspela er den fremste festivalen som feirar nynorsk skriftkultur og dialektane. Festivalen vert arrangert årleg i Ørsta / Volda. Temaet i 2014 var "Makt". Høgsterettsdommar Karl Arne Utgård hadde opningstalen, medan det var opningskonsert med Aasmund og Odd Nordstoga. Festspeldiktar dette året var Agnes Ravatn, og Ørnulf Opdahl var festspelkunstnar. Åse Wetås heldt stemnetale, medan Øystein Bjørdal hadde preike. Det var minneforedrag av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen med temaet "Ivar Aasen og Grunnlova". I 2014 var grunnlova 200 år. Nicolas Ostler tok opp temaet "The power of language" i innslaget All verdas språk. Nynorsk kultursentrum var arrangør for arrangementet. Plakaten viser ein illustrasjon med motiv av personar i fjellet. Ein av personane er Ivar Aasen. Plakaten er signert av Agnes Ravatn, og den er i glas og ramme.

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/institusjonar-organisasjonar-med-meir/dei-nynorske-festspela/29/860/ (Lesedato: 13.08.2020)
    Photo: Almedal, Henry / Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Dei nynorske festspela [Plakat for Dei nynorske festspela 2014]

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to