Tekstilverket Coalescence består av fleire delar montert i to etasjar og er sett saman av broderte kollasjar av handvovne og trykte tekstil. Desse har Gezahegne henta frå alle delar av heimlandet Etiopia, som med sine 86 folkegrupper representerer eit mangfald av kulturelle, sosiale og religiøse variasjonar innanfor både den moderne og den tradisjonelle levemåten. Bildespråket er sterkt påverka av gamle symbol som mellom anna blir nytta i kroppsmåling hos stammefolk i Etiopia.

Tittelen Coalescence, koalesens eller samansmelting på norsk, viser til ein prosess der to eller fleire dropar eller partiklar slår seg saman, til dømes når det regner. Nå mange små dropar kolliderer med kvarandre og dei nye dropane blir store og tunge nok, fell dei frå skyene som regn. Den same prosessen var viktig i danninga av planetar og stjerner.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to