History
-
Produksjon
- Kunstner (B, F, KI)Kiønig, Nanna
- History
Nanna Kiønig ( 1876-1954)
Nanna Kiønig blei fødd i Saltdal i Nordland i 1876. Ho hadde ei solid utdanning både frå Statens Håndverks-og Kunstindustriskule og Statens Kunstakademi under Christian Krohg. Ho var også elev hos Oda Krogh. To vintrar gjekk ho i lære hos målaren Harriet Backer i Oslo og avslutta den formelle utdanninga si i Stockholm i 1915 og hadde seinare studieopphald i Tyskland.
Nanna Kiønig blei gift med målaren Ture Holm og dei budde mange år i Vest-Telemark. I 1922 flytte dei til Dalen og budde der i 10 år. Deretter var dei eit år i Vinje der dei mellom anna var med på restaureringa av Vinje kyrkje sammen med Henrik Sørensen og Erik Werenskiold, før dei til slutt enda opp i Seljord. Her bygde dei hus og levde fram til Nanna døydde i 1954. Både ho og Ture Holm er gravlagde i Seljord.
Kvifor Vest-Telemark? Telemark har spela ei stor rolle i norsk målarkunst. Landskapet og miljøet blei sett på som karakteristisk norsk og ei stor insprasjonskjelde for mange målarar. I midten av 1920-åra var det Henrik Sørensen som blei interessert i å måle i Telemark og tida fram til 1945 blei kalla ”Telemarksperioden” i norsk målarkunst. Henrik Sørensen hadde ei dominerande rolle i kunstlivet og han samla ein krins av kunstnarar rundt seg i Telemark. Kjente navn som Harald Kihle, Kaare Espolin Johnson, Harald Dahl, Kai Fjell, Arne Ekeland med feleire og også Nanna Kiønig.
Både på Dalen og i Seljord minnes folk Nanna som ein fargerik figur som lika å kle seg i grønt med grøne øyredobbar, ho var overtruisk, gjestfri og involverte seg i grannelaget. I ungdomen ville ho fyrst bli skuespillar og på Dalen deltok både ho og Ture i teateropp-settingar i ungdomslaget – ho som regissør og han som kulissemålar.
Oppveksten i Saltdal påvirka den seinare kunstneriske verksemda hennar, slik som så mange andre målarar var ho påvirka av å skildre dei sterke intrykka frå naturen i Nordland. J.D. Monssen skriv m.a.: ”Blåklokkene var blåere, markjordbærene rødere og mer aromatiske. Naturen var vakrere og menneskene kunne leve. De var mer himmelstormende og jeg var en av dem, sa hun”.
Den nordnorske målaren Einar Berger meiner mange av opplevingane i barndommen sette i gang fantasien hennar og at det gav henne ein stålvilje til å villa noko og kjempe seg fram til å ”gi noe av naturens storhet til menneskene.”
Både Nanna og Ture reiste mykje rundt omkring i Telemark på leit etter interessante motiv å måle. Landskap og gamle særprega bygningar og tun var gode motiv. Ho måla med sterke fargar og uvyrdne strøk.
Debututstillinga hennar var i 1919 i Christiania Kunstforening. Etter at ho slo seg ned i Vest-Telemark hadde ho sammen med mannen Ture Holm jamne separatutstillinar i Austlands-området, m.a. på Rjukan i Tønsberg, Arendal og Gjøvik. Dei hadde også kvart år utstillingar i Sverige og selde godt.
Bileta representerte i denne utstillinga er eigde av Vest-Telemark Museums.
- ProfessionBiletkunstnar
- DigitaltMuseumSearch in «Kiønig, Nanna»
- History
Bruk
- BruksstedSeljord
Aksesjon
- Selger til museetKiønig, Nanna

Classification
-
- Bildende kunst (Outline)OU 532
License information
- License Copyright
Metadata
- IdentifierLB.01501
- Part of collectionVTM Eidsborg
- Owner of collectionVTM Eidsborg
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedFebruary 17, 2015
- Date updatedJune 5, 2024
- DIMU-CODE021045798305
- UUIDe3d74802-a2ff-4b69-85b3-8566807e796a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».