• Gerd Tinglum arbeider innanfor eit breitt spekter av materiale og medium, som måleri, fotografi, tekstil, teikning og video. Ho har omfattande kunnskap om farge som visuelt og meiningsberande uttrykk, og som kunstnar utvikla ho tidleg eit personleg fargesystem basert på fargane si tyding, både kvar for seg og i samspel med omgivnadene. Hos Tinglum har fargar mentale, emosjonelle og språklege dimensjonar, som gir verka hennar ein sterk visuell karakter så vel som ei konseptuell forankring.

Dei tre måleria er frå utstillinga "19 ½" i Kunstnerforbundet i 2021. Utstillinga hadde eit botanisk fokus og omfatta ein serie abstrakte akrylmåleri og to større broderi av planter og blomar i ei kjend og ei mer abstrahert form. Måleria synest ved første augekast å vere monokrome flater; berre tittelen viser til fokuset for utstillinga. Men ser ein nærmare etter, får ein auge på dei ulike tynne laga med fargar i ytterkanten av flata, som saman dannar nye fargar vi ikkje har etablerte namn for. I nokre av bilda kan ein sjå ulike typar skraverte mønster eller kontrasterande fargar, i andre er overflata jamn og meir einsarta.

Måleria er monterte i ekspedisjons- og publikumsområdet til Fylkesnemnda og vil kunne sjåast av alle som kjem hit og oppheld seg i området. Bilda vil tilføre det luftige rommet varme, som harmonerer godt med området sin funksjon som tilkomstsone.
    Photo: Tveter, Thomas / Kunst i offentlige rom

    Photo: Werner Zellien / Kunst i offentlige rom

Bergfrue (Saxifraga cotyledon) [Plastik]

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to