History
-
-
Gjenstanden er del av eigedomen «Elvhaug» i Sogndal. Eigedomen, og alt den inneheld, vart testamentert til museet av Marit Mossige Ryssdal – og skal bevarast slik den var då ho forlet den.
Marit Mossige Ryssdal (1908-1997) var handarbeidslærerinne i Sogndal, og var gift med Jon Ryssdal frå Sandane i Nordfjord. Marit levde storparten av livet sitt på Elvhaug. Huset vart oppført i 1903 av foreldra hennar; Sigrid og Jonas Mossige. Jonas kom frå Jæren til Sogndal som amtsdyrlege. Etter at Marit og Jon overtok huset på 1950-talet, fekk dei bygd om og moderniserte huset. Arkitekt Vinjum frå Aurland gjorde teikningane. Marit og Jon var særs opptekne av kunst og kultur, noko inventaret ber preg av.
«I desember 1997 døydde Marit Mossige Ryssdal frå Sogndal, nær 90 år gamal. Eigedomen sin, «Elvhaug», saman med så godt som all medel og alle eigneluter, hadde ho for mange år sidan testamentert til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Ved sida av dei gåvene museet fekk av grunnleggjaren, Gert Falch Heiberg, er dette truleg den største gåva museet nokon gong har motteke.» - Aage Engesæter i «Årbok for Sogn 1998».
-
Aksesjon - 1997
-
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier DHS.33071
- Part of collection De Heibergske Samlinger
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
- Date published February 11, 2021
- Date updated February 11, 2021
- DIMU-CODE 021029516951
- UUID 0E076F74-8263-47E7-A41B-3498C8211365
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».