History
-
- Funn frå kyrkjefasa, Sola kyrkjeruin, Sola, gnr. 14, bnr. 34, Sola, flyfoto/reg.nr. 9360 C4 R10, fornminnenr. R 11240014003. Funne i 1986 v/ Alf Tore Hommedal si utgraving av Sola kyrkjeruin. Denne 1100-tals romanske steinkyrkja har hatt eit enkelt, rektangulært skip, 5.80 x 9.60 m, eit mest kvadratisk og rett avslutta kor i A, 3.80 x 4.50 m, og ein mest kvadratisk tårnfot i V, ca. 3.50 x 3.00 m, alt med indre mål. Kyrkja var i bruk til 1842 og stod deretter som ruin fram mot 1880, då kunstmalaren Johan Bennetter bygde henne om til privatbustad. Etter 1907 stod bygningen på nytt som ruin til 1940, då murane vart rivne ned til ca. 1.50 m høgd. I 1982<196>84 vart eit registrererings- og gjennoppbyggingsarbeid utført. Koropningen og opningen mellom skipet og tårnfoten vart då rekonstruerte med dei opphavlege innfatningssteinane. Tilsvarande steinar frå andre muropningar vart registrerte og ligg no lagra hjå Sola kommune. I koret i kyrkja var alle kulturlag øydelagde av ein nyare korkjellar, og i skipet har Bennetter fjerna så og seia alle eldre kulturlag ved ombygginga si. Berre i tårnfoten låg kulturlaga framleis urørte, som fylgje av at tårnet var rive alt før Bennetter si ombygging. Tårnfotsfundamentet vart påvist, og likeins fleire graver plassert i tårnfoten, dels i mellomalderen og dels i etterreformatorisk tid (sjå S10294). På dei bevarte jordbrinkane mellom gravene vart det påvist stolpehol og veggriller etter hus frå jarnalderen (sjå S10296). I opningen mellom tårnfoten og skipet låg ei grop nytta ved støyping av kyrkjeklokke i andre halvdel av 1300-talet eller tidleg på 1400-talet. Gropa var no fylt med avfall etter støypeprosessen (sjå S10295). Også utvendig ved S-sida av skipet vart det påvist urørt kyrkjegardsjord med graver, medan Bennetter ved si ombygging har fjerna mest all kyrkjegardsjord utvendig både ved korets S-, A- og N-side, og sannsynlegvis også ved skipets N-side, som ikkje vart undersøkt (sjå S10294). I undergrunnen S for og inne i skipet vart nederste del av tjuefem stolpehol påviste, varierande i storleik frå 14 til 52 cm i diameter, dei fleste ca. 25 cm i diamater. Dei minste av desse må ut frå plasseringa og funn av kalk i fyllmassen ha samband med stillassystemet ved oppføringa av steinkyrkja. Ein del av dei resterande høyrer sannsynlegvis til den førhistoriske busetnaden dokumentert i tårnfoten (sjå S10296). Funna i S10293 omfattar gjenstandar frå kyrkjeperioden utenom klokkestøypingsgropa og gravene. Brynet S10293/VIII a1) låg i kyrkjegardsjorda (jordlag 24) mellom gravene S for skipet, og kan opphavleg stamma frå den førhistoriske busetnaden. Rapportar for arbeida i 1982, 1983 og 1984 i Top.ark. Utgravingsrapport og planar frå utgravingane i 1986 i Top.ark. Sjå også S10292, S10294-S10296. Hommedal 1985 og 1986.
Funnet: 1986
- FunnstedRogaland Sola Sola Sola kyrkjeruin
Periode
middelalder
Placement
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierS10293.IIa1
- Owner of collectionArkeologi
- InstitutionArkeologisk museum, Universitetet i Stavanger - Gjenstand
- Date publishedDecember 1, 2020
- Date updatedMay 16, 2023
- DIMU-CODE021028991637
- UUIDb7bcfcca-b56a-4f27-9951-e372243ae4ce
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».