History
-
- Funne i 1986 v/ Alf Tore Hommedal si utgraving av Sola kyrkjeruin. I mellomalderen har det vore støypt kyrkjeklokke inne i kyrkja. Ved utgravinga påviste vi gropa der sjølve klokkeforma har stått under støypeprosessen. Gropa var no gjenfylt med avfallsprodukt etter støypinga, som deler av den sundslåtte klokkeforma i brend leire, spillbronse, bronseslagg og trekol. Her låg også myntar, keramikkskår, dyrebein og anna som sannsynlegvis opphavleg låg i kyrkja, og vart sopt oppi gropa ved gjenfyllinga av denne. Den ovale gropa var 1.38-1.58 m i diameter og opp til 0.85 m djup. Gropa låg i tårnfoten, men plassert halvvegs inn i den store opningen mellom tårnfoten og skipet, slik at ein ved gravinga av gropa har måtta fjerna deler av kyrkjefundamentet under denne opningen. Etter støypeprosessen var fullført har ein ved gjenfyllinga av gropa rekonstruert fundamentet. Kalken i avfallslaga i den gjenfylte gropa stammar sannsynlegvis frå avrettinga av det opphavlege fundamentet. Mesteparten av gropa var godt bevart. Berre NV del er blitt øydelagt av eit gravkammer som på 1600-talet er opna i tårnfoten. Nokre av funna frå gravkammeret stammar såleis frå støypegropa (Sjå S10294 grav 16 + 17). Ved opninga av klokkestøypingsgropa har ein grave seg ned på ei eldre grav (grav 18) i tårnfoten. Ein kistenagle (IV a 1) frå grava er dermed sekundært komen i gropa, og høyrer eigentleg til S10294 grav 18. Nokre av dei massive, støypte bronsestykka (III a 6)-7)) i avfallslaga i gropa er for tynne (3 mm) til å vera del av ei klokka. Dette kan tyde på at ein også har støypt andre gjenstandar i samband med klokkestøypinga, kanskje bronsekjelar eller liknande. Klokkegropa avspeglar ein støype-aktivitet innafor eit kort tidsrom, sannsynlegvis berre nokre veker eller månader. Etter gjenfyllinga er gropa blitt forsegla, og ho representerer såleis eit slutta funn. Dei fleste myntane er frå 1200-talet, men II a 7) er prega mellom 1320 og ca. 1400 og gjev såleis ei terminus post quem-datering av gropa og klokkestøypingsanlegget. Av keramikken er VI a 2)-3) frå mellom seint 1100-tal og ca. 1250, medan VI a 1) er frå mellom andre fjerdedel av 1200-talet og ca. 1350. Den tidlege dateringa av keramikken og dei fleste myntane kan truleg forklarast ved at desse, som no låg i avfallslaga i klokkegropa, opphavleg låg i jordlag i kyrkja og er sopt opp i gropa ved gjenfyllinga av denne. Eit leirestykke av klokkeforma er termoluminesens-datert til AD 1380±40 e.Kr. (fnr. 251h, ikkje noe restmateriale, R-861901). Dateringa antyder brenningstidspunktet for leirestykket, og dermed også brenningstidspunktet for klokkeforma. Ein trekolprøve, IX a 21), av mykje hassel og litt furu er 14C-datert til AD 1160-1260. (T-7558). Trekolprøven er tatt frå brannflak i botnen av støypegropa og er truleg av trekol etter brenninga av klokkeforma. Den tidlege dateringa kan ha samanheng med at ein ved brenninga av klokkeforma har nytta eldre treverk frå kyrkja, skifta ut ved dei inngrepa som støypeprosessen inne i kyrkjebygningen utvilsamt må ha ført til. Alt i alt må klokkestøypingsanlegget i Sola-kyrkja vera frå etter AD 1320, og sannsynlegvis frå andre halvdel av 1300-talet eller tidleg på 1400-talet. Det vart ikkje påvist spor etter smelteomnen ein må ha hatt ved støypinga. Denne har sannynlegvis stått lengst vest i skipet. Eventuelle restar vart dermed sannsynlegvis fjerna ved Johan Bennetter si utreinsing av skipet i 1870-åra (S10292). Myntane (II a 1-7) er identifiserte av professor Kolbjørn Skaare ved Myntkabinettet i Oslo. TL-dateringa (Fnr. 251h, R-861901) er utført av Vagn Mejdahl ved Nordisk Laboratorium for Termoluminescens-datering, Roskilde i Danmark. Keramikken VI a 1-3) er identifisert og datert av førsteantikvar Petter Molaug, Riksantikvarens utgravingskontor for Oslo. Utgravingsrapport, planar og analyserapportar i Top.ark. Sjå også S10292-10294 og S10296.
Funnet: 1986
- FunnstedRogaland Sola Sola Klokkestøypingsgropa
Periode
middelalder
Placement
References
- Kulturminnesøk72344
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierS10295.IIa1
- Owner of collectionArkeologi
- InstitutionArkeologisk museum, Universitetet i Stavanger - Gjenstand
- Date publishedDecember 1, 2020
- Date updatedMay 16, 2023
- DIMU-CODE021028974335
- UUIDc2fcafb5-7430-476e-b446-e3a94a07d509
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».