Onnebinnet (Underbindet) skal setjast på hovudet før kruna. Det er laga av raudt ullstoff og er kanta nede med kvit faldelagt blonde. Onnebinnet har påsydde stølar og borer. Stølane er firkanta og forgylte med fire raude glassteinar på kvar. Mellom stølane er det to småe, runde og forgylte borer ovanfor einannan. Den nedste har ein raud stein til pynt og den øvste her ei lita skål. Ved øyrene (på kvar side av onnebinnet) heng det dalarar. Desse består av ein stor mynt, og tre småe, med lauv og skåler. I nokre stølar er det i øvste kanten montert fester til å festa i kruna. Onnebinnet har snorer i kvar ende til knyting i nakken.
Photo:
Museumssenteret i Hordaland