History
-
I 1870 var paris under beleiring. Under denne beleiringa vart det tatt i bruk gassbalongar (kolgas) som transportmiddel . Ein av desse balonagane var "Ville d’Orléans". Denne balongen kom ut av kurs og landa etter dramatiske omstendighetar på Lifjell i Seljord. Dette vert rekna som den fyrste luftfarten i Noreg.
Det vart tilsaman sendt opp 67 gasballongar. Den fyrste 23.september 1870, den siste 28.jamuar 1871. Den 24.november 1870 kl 23.30 blei "Ville d’Orléans sendt opp som nr. 33 i rekka. Balongen vart sendt opp frå Gare du Nord i Paris med post. Den skulle bare nokre få mil, men kom opp i eit luftlag der det var sterk vind og vart ført nordover.
Etter 14 timars daramatisk tur i nattemørket havna ballongen på Lifjell i Telemark. Balongføraren , ingeniør Paul Rolier og hjelparen hans Leon Bèzier klara å kom seg ut av ballongen. Ballongen fauk vidare og landa i Krødsherad.
Dei to franskmennane vart funne av brødrene Hans og Klas Strand. Brødrene var på veg for å hente tømmer då dei fann franskmennene på Geirsandstaulen. Då hadde franskmennane vassa i sno til livet på lakksko. Etter litt kaffi og mat forsto etterkvart fjellbøndane frå Strand kvar i verda franskmennene kom frå.
Ballongfarerne fekk hjelp og kom seg til slutt til Kristiania, Der dei vart mottekne som heltar Dei returnera til Frankrike med båt, og kurerposten som var blitt berga, kom til slutt frem til krigsminister Léon Gambetta.
Like under snaufjellet på Lifjell finn ein i dag "Ballongfararsteinen" som markerar staden der ballongen traff bakken. Sjølve ballongkorva er
i dag i Norsk Teknisk Museums sine samlingar.
Dette vinankeret skal ha vore med på denne ferda og franskmennene skal ha hatt dette vinankeret med seg då dei kom til Lifjell i 1870. Om innhaldet vart fordelt i ettertid, eller om franskmennane sjølve hadde drukke vinen på turen over frå Paris blir bare spekulasjonar. Lite veit me òg om korleis vinankeret kom inn i samlinga til Øyfjell Bygdemuseum. Det som blir fortalt er at Tarjei O Trovatn fekk bytt til seg/kjøpt dette vinankeret, og derfor har det fått sin plass i gjenstandsamlinga hans. På registreringskortet står det at ankeret er kjøpt av S. Nyhus i Bø i Telemark.
Bruk
Frå Balongferda frå Paris til Lifjell . Skal ha tilhøyrt franskmennane Rolier og Bèzier som krasjlanda på Lifjell i 1870 etter ein dramatisk tur med gasballongen "Ville d`Orlèans". Dette vert rekna som starten på luftfarten i Noreg.Eierskap
Classification
License information
Metadata
- IdentifierØYB.0408
- Part of collectionØyfjell bygdetun
- Owner of collectionØyfjell Bygdetun
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedOctober 28, 2020
- Date updatedJune 10, 2022
- DIMU-CODE021028852121
- UUID73fba33f-e32e-4e41-8970-5ef790c1568b
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».