History
-
Fela er færing frå Skålvik i Skålviksfjorden, og som vart bygd av Lars Åkvik, Han budde på Rabben. Han gjekk såleis til dagleg under namnet Lars Rabbå. Han var kjend for å gjera særskilt fine båtar.
Fela er såleis ein finbygd båt og han er nær ved å ha det vi kallar normalmål. Fela har vore ærendsbåt frå Skålvik og han har vunne kapproing Innlandet rundt (Innlandet i Kristiansund). Då var det med Stor-Nils Skålvik ved årene. Tidlegare brukar var også Martinus Skålvik Gjevar av båten til museet var Olav Skålvik.Olav Skålvik fortel, Juli 1995:
"Båten er kjend for å vere særs godt forma, og prova sine eigenskapar gjennom 2 års siger i kapproing rundt Innlandet i Kristiansund i 1929 og 1930. Karane som rodde, Martinius Skålvik og Nils "Storskålvik", har sjølvsagt rett på sin del av æra. Tevlinga hadde start og stopp ved nykaia, gjekksørover Markussundet og nordover Sørsundet. Det høyrer med til soga at i 1929 vann dei trass i at ei av årane brotna i kampens heite. Då sette dei seg begge på haustofta og rodde med ei åre kvar og sikra på den måten sigeren. Ein annan gong "Storskålvik" var i tevling var i ro-tevling reiv han sund ein keip. Då sette han kneet opp i båtsida , og rodde vidare med kneet som keip. Karen var over 2 meter høg, og nytta størrelse 56 i sko. Det vert fortalt at når han skulle vurdere kjøl og botten på ein færing, tok han tak i nedre framstavn og lyfta opp med venstrehanda sopass at han kunne stå rak og sikte attover."Produksjon
Bygd ca 1900- ProdusentÅkvik, Lars Rabbåsikker
Bruk
- BrukerSkålvik, Martinussikker
Bruk
- Bruker"Storskålvik" Skålvik, Nilssikker
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierKM.G.01001a-ø
- Part of collectionNordmøre museum
- Owner of collectionMøre og Romsdal
- InstitutionNordmørsmusea
- Date publishedOctober 8, 2020
- Date updatedOctober 5, 2023
- DIMU-CODE021028791352
- UUID72233088-f10d-483c-84f3-7eae2f22f2fd
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».